Hjem

Teatervitskap, master, 2 år

Masterprogrammet i teatervitskap er eit unikt tilbod i Noreg. Her får du fordjupa forståing for teater som kunstnarlege uttrykk i samfunnet. Teatervitskap er viktig for å forstå teateret si eigenart, men òg for å forstå litteratur, kunst, film og andre kultur- og kommunikasjonsformer.
  • Lengde2 År
  • KarakterkravMinimum C
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust og Vår

Hovedinnhold

Gjennom studiet får du god innsikt i vitskaplege problemstillingar og metodar. Som del av studiet kan du ha praksis ved teaterinstitusjonar eller i det frie scenekunstfeltet.

Vidare inngår det ekskursjonar til utlandet og felles besøk på teaterframsyningar i undervisninga, og du kan ha praksis ved teaterinstitusjonar eller i det frie scenekunstfeltet.

I teatervitskapen drøftar vi spørsmål som:

  • Korleis samverkar ulike verkemedel og uttrykksformar i ei teaterframsyning, og kva for effekt kan desse ha i møte med publikum?  
  • Finnes det grensar for teater og moglege teaterformar?  
  • Korleis relaterer teaterframsyningar seg til historie, samfunn og politikk?  

Teatervitskap er ein viktig kunnskapsleverandør og dialogpartner for det utøvande scenekunstfeltet, kunstnarlege utdanningar, og drama og teater i skulen.

Jobb

Teatervitarar har unik innsikt i kva teater er og har vore gjennom historia, og korleis det er viktig for samfunnet.

Teatervitskapleg kompetanse er etterspurd i teaterinstitusjonar og det frie scenekunstfeltet, i offentleg kulturforvaltning, mediebransjen og innan undervisning og opplæring. Typiske yrke for ein utdanna teatervitar, er kritikar, dramaturg, produsent eller kommunikasjonsrådgjevar ved teater- og kulturinstitusjonar. Nokre kombinerer også teatervitskapleg utdanning med utøvande praksis som skodespelarar, regissørar og dramatikarar. Ein akademisk karriere er òg ei moglegheit.

Med ein mastergrad i teatervitskap kan du arbeide: 

  • i teaterinstitusjonar og det frie scenekunstfeltet 
  • i offentleg kulturforvaltning 
  • i mediebransjen 
  • innan undervisning og opplæring 

Teatervitarar har unik innsikt i kva teater er og var, og korleis det er viktig for samfunnet. Teatervitskapeleg kompetanse og kunnskap både i teori og i praksis er viktig for den faglege utviklinga i bransjen. 

Du kan ta doktorgrad ved å søke opptak til ph.d.-programmet

Meir informasjon under

Oppbygging

Masterprogrammet i teatervitskap er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august, med suppleringsopptak i januar.

Studieløpet ser slik ut: 

1. semester

  • TEAT301 Teaterhistorie, historiografi og vitskapsteori (15 sp.)

  • TEAT302 Teatervitskap: Prosjektskildring/utveksling (15 sp.) 

2. semester

  • TEAT303 Teatervitskap: Teoretisk fordjuping i eit systematisk område (15 sp.) 

  • TEAT310 Yrkesrelatert praksis eller TEAT311 Teatervitskap: Seminarinnlegg innafor eit sjølvvalt område /utveksling (15 sp.)

3. og 4. semester

  • TEAT350 Masteroppgåve (60 sp.) 

Studiekvardag

Som masterstudent i teatervitskap får du tilgang til eit lite og engasjert forskingsmiljø med evne til å gi nær oppfølging til kvar student.

Masterstudiet i teatervitskap inneheld praksis som gir deg ein forsmak på kva slags moglegheiter som finst etter avslutta studium. Gjennom utdanninga får du høve til å knyte kontaktar med det utøvande scenekunstfeltet, som kan vere av stor nytte i høve til framtidig karriereutvikling. Våre studentar set òg ekstra pris på at studiet gir ei større fordjuping enn andre teaterutdanningar. 

Masterprogrammet har undervisning i form av forelesingar, seminarundervisning og skrivegrupper, 5-10 timar kvar veke. I tillegg kjem praksis, prosjektarbeid og mykje sjølvstudium, samt skriving av ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Litteraturen og undervisninga er på engelsk og norsk. 

Som masterstudent får du eigen plass på lesesalen. 

Feltarbeid 

Du kan reise på feltarbeid med valfri lengde i samband med masteroppgåva, fortrinnsvis i tredje eller fjerde semester. Du kan søkje instituttet om finansiering av feltarbeidet, og det finst i tillegg eksterne stipend studenten kan søkje på, til dømes stipend frå L. Meltzers høyskolefond

Praksis 

I emnet TEAT310 Yrkesrelatert praksis kan du ha praksis ved teaterinstitusjon, i samband med teaterproduksjon i det frie teaterfeltet eller i teaterrelatert arkiv- og formidlingsverksemd. Praksis skal bestå av om lag seks normalarbeidsveker (om lag 200 timar) fordelt på ein eller fleire praksisperiodar. Praksisen skjer vanlegvis i andre semester. Du finn praksisplass i samråd med emneansvarleg.  

Masteroppgåve 

Du finn tema for masteroppgåva gjennom emnet TEAT302 Prosjektskildring. Du får individuell rettleiing til arbeidet med masteroppgåva. Du får tildelt rettleiar når prosjektskildringa er godkjend, normalt ved slutten av første semester. Du og rettleiaren din underskriv ein rettleiingskontrakt som klargjer rettar og plikter for begge partane.  

Kva lærer eg?

som ferdigutdanna masterstudent i teatervitskap: 

  • har avanserte kunnskapar om teateret si historie og dei systematiske områda i teatervitskapen  
  • kan planleggje og gjennomføre eit større sjølvstendig forskingsprosjekt under rettleiing  
  • kan drøfte, argumentere og ta sjølvstendig standpunkt til problemstillingar innan teaterforsking, praktisk teater og teaterpolitikk 

Full liste med læringsutbyte 

Utveksling 

Du kan reise på utveksling til Belgia, Litauen eller Tyskland. Det er lagt opp til at du kan reise ut i eitt semester. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her