Hjem

Medier og kommunikasjon, master, 2 år

Å forstå medier og kommunikasjon er avgjerande for å forstå det moderne samfunnet.
  • Lengde2 år
  • Plassar20
  • SpråkNorsk
  • Studiepoeng120
  • StartHaust

Masterstudiet i medier og kommunikasjon passar for deg som er samfunnsengasjert og vil arbeide med formidling, medier og kommunikasjon. Gjennom studiet kan du få praksis i medie-, kultur- og teknologibedrifter. Du kan fordjupe deg i område som strategisk kommunikasjon, sosiale medier, mediebruk, film, TV-seriar, dataspel, journalistikk og medieteknologi. 

  • Kva betyr sosiale medium i samfunnet? 
  • Korleis fungerer politisk og strategisk kommunikasjon? 
  • Korleis kan ein forstå film, tv og dataspel som kulturformer? 
  • Kva betyr mediebruk i folk sine liv? Korleis blir vi påverka av media?

Mediesamfunnet er i rask endring, og det vil i framtida vera eit aukande behov for folk som kan analysere og forstå utviklinga.

Alle samfunnsfelt — som politikk, vitskap, kunst og kulturliv, og økonomi — er i stadig større grad samankopla med mediefeltet.

Meir informasjon under

Master i medier og kommunikasjon

Jobb

Masterstudiet i medier og kommunikasjon gir kompetanse til å arbeide med formidling og kommunikasjon i privat og offentleg sektor, i mediebedrifter, organisasjonar og kulturlivet.

Med denne mastergraden kan du blant anna få jobb innanfor: 

  • forsking
  • undervisning
  • mediesektoren
  • kultursektoren
  • offentleg sektor
  • næringsliv

Det er stor variasjon i kva yrke du kan få, men nokre eksempel er: 

  • kommunikasjonsrådgjevar
  • informasjonskonsulent
  • journalist
  • kulturarbeidar
  • lærar
  • forskar

Du kan ta doktorgrad (ph.d.) ved å søke opptak til forskarutdanninga.

Meir informasjon under

Oppbygging

Masterstudiet i medier og kommunikasjon er eit toårig fulltidsstudium, som startar i august. Det første året tek du kurs, det andre året skriv du masteroppgåve.

Semester 1

I det første haustsemesteret tilbyr vi tre kurs, der du vél to:

  • MEVI302 Avansert mediebruksanalyse (15 sp)
  • MEVI303 Medieestetikk (15 sp)
  • MEVI304 Politisk og strategisk kommunikasjon (15 sp)

Semester 2

I vårsemesteret skal du ta tre emne. Eitt obligatorisk, og to valfrie forskingsemne:

  • MEVI340 Prosjektutvikling (10 sp). Obligatorisk.

Forskingsemne vårsemesteret 2019, nye tema kvart år. Vél to:

  • MEVI310-1 Forskingserfaring og metode: Visuelle overvåkningsteknologier i nyhetsmediene (10 sp)
  • MEVI310-2 Forskingserfaring og metode: Innvandringsdebatten i skandinavisk offentlighet (10 sp)
  • MEVI390 Arbeidslivspraksis for mediestudentar (10 sp)

Semester 3 og 4

Du skriv masteroppgåve det andre året.

  • MEVI350 Masteroppgåve i medier og kommunikasjon (60 sp)

Sjå oversikt over alle kurs

Studiekvardag

På masterprogrammet har vi eit godt og inkluderande studentmiljø, og faste lesesalplassar.

Studiet har fleire undervisningsformer, blant anna førelesingar, laboratorium, praktiske øvingar og arbeid i seminargrupper. Undervisninga er på norsk og engelsk, og litteraturen er på begge språk. 

MEVI310-kursa i forskingserfaring og metode er knytt til aktive forskingsprosjekt. Det er også eit praksiskurs på studiet. På MEVI390 Arbeidslivspraksis for mediestudentar får du innsikt i og erfaring med kva type arbeid medie- og kommunikasjonsvitarar kan utføre i arbeidslivet. Her skal du ut i praksis i ei bedrift, der du skal jobbe med medie- og kommunikasjonsfaglege oppgåver. 

Masteroppgåva brukar ein normalt eitt år på fullføre. Alle som skriv på masteroppgåva får tildelt ein rettleiar, som er ein vitskapleg tilsett med fagleg spisskompetanse tilknytt ditt masterprosjekt. Han eller ho vil gje deg tips og råd om fagleg innhald frå du startar å skrive på oppgåva til ferdig produkt.

I tillegg vil du kunne samarbeide med forskingsgruppene på instituttet, og vera tilkopla pågåande forskingsprosjekt.

Kva lærer du

Etter fullført mastergrad har du eit solid fagleg grunnlag for framtidig arbeid med medier og kommunikasjon innan dei fleste samfunnssektorar.  

  • Evne til å innhente og systematisere eit omfattande materiale for å svare på aktuelle spørsmål i samfunnet er sentralt i utdanninga. 
  • Du får ein analytisk kompetanse, og forståing for komplekse problem.  
  • På dette studiet får du òg ei praktisk og kritisk fordjuping i strategisk kommunikasjon. 

Full liste med læringsutbyte

Korlesis søke

For å søke dette studieprogrammet må du oppfylle 

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her