Hjem

Samfunnsøkonomi, profesjon, 5 år

Korleis kan vi best disponere ressursane i samfunnet? Studiet av samfunnsøkonomi handlar om å finne svar på dette spørsmålet.
  • Lengde5 år
  • Ordinær45.9
  • Primær42.4
  • Plassar22
  • OpptakskravMATRS
  • Studiepoeng300
  • StartHaust

Profesjonsstudiet gir deg ei sterkare spesialisering i økonomiske fag med meir vekt på metode (matematikk og statistikk) enn bachelor- og masterprogrammet i samfunnsøkonomi.

Samfunnsøkonomar undersøker korleis økonomien eigentleg fungerer. Både vår heimlege blandingsøkonomi, dei økonomiske forholda i andre land, og verdsøkonomien. Vi analyserer utsiktene for å auke verdiskapinga og fordele resultatet på ein meir rettferdig måte.

  • Kvifor er nokre land fattige og andre rike?
  • Korleis kjem eldrebølga til å påverke oss?
  • Er lønnsskilnadane for små i Noreg?
  • Kvifor tener menn meir enn kvinner?

Som student i samfunnsøkonomi får du kunnskap om korleis desse utfordringane best kan bli møtt.

Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi er eit integrert 5-årig masterprogram. Ved opptak til profesjonsstudiet treng du ikkje søke opptak til det 2-årige masterprogrammet etter du har gått 3-årig bachelor. Det integrerte masterprogrammet gir deg ei brei forståing av tal, analyse og økonomiske samanhengar. Dette gjer deg godt rusta til å møte arbeidslivet.

Fem gode grunnar til å studere samfunnsøkonomi

Meir informasjon under

Samfunnsøkonomi ved UiB

Jobb

Samfunnsøkonomar er ettertrakta på arbeidsmarknaden. Uansett kvar du hamnar kan du rekne med ein godt betalt, utfordrande og spennande karriere.

Du kan arbeide:

  • i leiande stillingar i næringslivet eller i offentleg forvaltning 
  • med analyse- og utgreiingsoppgåver
  • med forsking og undervisning
  • som journalist
  • som valutahandlar
  • innan internasjonale organisasjonar, som innan utviklingshjelp eller i utanrikstenesta

Innan privat næringsliv arbeider samfunnsøkonomar i bankar og andre finansinstitusjonar, i dei største industriverksemdene, oljeselskapa og i konsulentfirma.

I staten er det særleg mange samfunnsøkonomar i departementa, i Noregs Bank, Statistisk sentralbyrå og ved universitet og høgskular.

Du kan fordjupe deg i fagprofilane Velferd og politikk eller Bedrift, strategi og marknad om du vil sikte deg inn mot offentleg eller privat sektor. 

Etter profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi kan du søkje opptak til forskerutdanningen og ta en doktorgrad (ph.d.). Dette gjer deg endå meir attraktiv på arbeidsmarknaden, ikkje minst dersom du ønskjer å gå vidare innan akademia.

Les meir om kva du kan bli etter å ha studert samfunnsøkonomi

Meir informasjon under

Oppbygging

Profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi er eit integrert 5-årig masterprogram (10 semester). Dette svarar til ein treårig bachelorgrad etterfølgt av ein toårig mastergrad.

Slik er studiet lagt opp:

1. semester

  • ECON100 Examen facultatum – Innføring i samfunnsøkonomi (10 studiepoeng)
  • MAT101 Brukarkurs i matematikk (10 studiepoeng) eller MAT111 Grunnkurs i matematikk (10 studiepoeng)
  • EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum - seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum - skuleeksamen (10 studiepoeng)

2. semester

  • ECON110 Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori (10 studiepoeng)
  • ECON130 Makroøkonomi (10 studiepoeng)
  • ECON240 Statistikk og økonometri (10 studiepoeng)

3. semester

  • ECON210 Velferd og økonomisk politikk (10 studiepoeng)
  • ECON230 Makroøkonomi II (10 studiepoeng)
  • ECON243 Vidaregåande matematikk og optimering (10 studiepoeng)

4. semester

  • Frie studiepoeng / utveksling (30 studiepoeng)

5. semester

6. semester

7. semester

8. semester

9. semester

10. semester

  • ECON391 Masteroppgåve (30 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle kurs

Studiekvardag

Som samfunnsøkonomistudent høyrer du til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Du kan bruke lesesalar i Ulrike Pihls hus eller i Lauritz Meltzers hus. Biblioteket ved SV-fakultetet har også leseplassar og PC-plassar. Når du arbeider med masteroppgåva kan du få din eigen lesesalplass på Institutt for økonomi.

Instituttet har sterke fagmiljø innan mellom anna anvendt mikroøkonometri, konkurranseøkonomi og regulering. Våre forskarar underviser i innovative valemne, der du tar aktivt del i undervisinga. Som profesjonsstudent får du ein nær kontakt med den faglege staben på instituttet, spesielt når du er på masternivå.

Studiet er eit fulltidsstudium og arbeidsmengda er som i ein fulltidsjobb. Det er rundt 10-14 timar i veka med undervisningsaktivitetar, som forelesingar, seminargrupper og øvingar., og utover dette er det sjølvstudium som gjeld. Profesjonsstudentane har fleire seminar i sentrale fag enn dei andre studentane på bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi.

Dersom du vil ha praksis i løpet av studiet, kan du velje emnet ECON381 Praksisbasert prosjektarbeid, der du jobbar i ei gruppe med ei problemstilling for ei bedrift eller ein organisasjon.

Du kan skreddarsy innhaldet i graden etter dine eigne interesser og framtidige yrkesønske. Det er 100 studiepoeng med valfrie emne innan samfunnsøkonomi, og 30 frie studiepoeng der du kan velje opne UiB-emne.

For dei som vil ha ei tydeleg fordjuping i løpet av studiet, har instituttet laga to tilrådde fagprofilar. «Velferd og politikk» er tilrådd for studentar som sikter seg inn mot å jobbe i offentleg sektor, mens «Bedrift, strategi og marknad» er tilrådd for studentar som sikter seg inn mot å jobbe i privat sektor. Profilane består av valemne innan samfunnsøkonomi som du sjølv kan velje fritt frå. Du kan også ta godkjente valemne på masternivå ved Noregs Handelshøyskole eller reise på utveksling til utlandet.

Når du skal skrive masteroppgåva, får du tilgang til ein prosjektkatalog med foreslåtte tema. Prosjektskissa leverer du inn før sommaren det første året. Deretter skjer rettleiinga i samband med ECON380 Førebuingsemne for masteroppgåva og ECON391 Masteroppgåva. På bakgrunn av prosjektskissa di får du tildelt rettleiar.   

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultetet

Kva lærer du

På profesjonstudiet i samfunnsøkonomi lærer du:

  • korleis vi kan analysere økonomiske prosessar i samfunnet
  • korleis ein gjer sjølvstendige samfunnsøkonomiske analyser, mellom anna gjennom sjølv å utforme og gjennomføre både ei bachelor- og masteroppgåve
  • korleis jobbe analytisk og få brei kompetanse i mikroøkonomi, makroøkonomi og økonometri

Full liste med læringsutbyte

Utveksling

Du kan reise på utveksling i eitt eller to semester. Vi tilrår å reise ut i fjerde og/eller åttande semester.

Instituttet har fleire spennande utvekslingsavtalar i blant anna USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland, Italia, Portugal og Spania.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og MATRS: R1/(S1+S2).

Søk her