Fysikk (bachelor)

Vil du forstå korleis verda fungerer og bruke kunnskapen til å løyse framtidas utfordringar? Med fysikk lærer du å analysere komplekse problem, utvikle modellar og bruke matematikk og programmering til å finne nye løysingar innan forsking, medisin, teknologi og industri.

Kva lærer du?

På bachelorstudiet lærer du teori, teknologi og analytiske ferdigheiter som er relevante for medisin, forsking, teknologisk innovasjon, strategi, forvalting, økonomi, IT og mediebransjen.

Du får arbeide med programmering, dataanalyse, numeriske metodar og moderne måleteknologi, og erfaring med verktøya som blir brukte i forsking og teknologiutvikling.

Gjennom teori, eksperiment og modellar utforskar du fysiske prosessar i naturen – frå atomkjernar og elementærpartiklar til stjerner og galaksar. Studiet blir avslutta med ei prosjektoppgåve der du fordjupar deg i eit tema du interesserer deg for, og lærer å samle inn, analysere og presentere data vitskapleg.

Som fysikar kan du løyse komplekse problem, har gode matematiske kunnskapar og kan bruke programmering til å arbeide med kunstig intelligens, maskinlæring og avansert dataanalyse. Dette gir deg etterspurd kompetanse i arbeidsmarknaden.

Studiekvardag

På fysikkstudiet blir du del av eit inkluderande studentmiljø med engasjerte studentar og forskarar. Forskarane våre er i fronten av internasjonal forsking innan mellom anna partikkelfysikk, romvitskap, klima og havforsking.

Du kan delta på linjeforeningens faglege og sosiale aktivitetar gjennom hele studieåret. Som førsteårsstudent får du også ein studentmentor som hjelper deg å bli kjend med studiet, campus og medstudentane dine. Det gir ein trygg og sosial start på studietida!

Bachelorstudiet er eit fulltidsstudium med ein variert kvardag som vekslar mellom førelesingar, seminar, laboratoriearbeid, praktiske øvingar og sjølvstudium. Du får tilgang til eigen lesesal og gode møteplassar for fagleg samarbeid og sosiale aktivitetar. Med 50 valfrie studiepoeng kan du utforske andre fagområde og forme delar av utdanninga etter dine eigne interesser.

Kva kan du jobbe som?

Med ei fysikkutdanning utviklar du sterke ferdigheiter innan problemløysing, dataanalyse, programmering, modellering og kritisk tenking. Du får brei kompetanse som kan brukast innan forsking, utvikling av ny teknologi, industri, helse og utdanning.  

Tidlegare studentar jobbar mellom anna hos European Space Agency, CERN, Apple, Haukeland universitetssjukehus, Equinor og Texas Instruments.  

Du kan òg byggje vidare på bachelorgraden med eit av masterprogramma ved UiB og spesialisere deg innan et fagområde som interesserer deg. 

Les intervju med tidlegare studentar

Opptakskrav og søknadsfrist

Opptakskrav: REALR2

Generell studiekompetanse og Matematikk R1 (eller S1 og S2) og R2. I tillegg anten:

  • Fysikk 1 og 2
  • Kjemi 1 og 2
  • Biologi 1 og 2
  • Informasjonsteknologi 1 og 2
  • Geofag 1 og 2
  • Teknologi og forskingslære 1 og 2

Søknadsfrist: 15. april

Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

1. semester

PHYS109 - Innføring i astrofysikk (10 studiepoeng) 

MAT111 - Grunnkurs i matematikk I (10 studiepoeng) 

INF100 - Programmering I (10 studiepoeng) 

2. semester

PHYS111 - Mekanikk (10 studiepoeng) 

MAT112 - Grunnkurs i matematikk II (10 studiepoeng) 

MAT121 - Lineær algebra (10 studiepoeng) 

3. semester

PHYS112 - Elektromagnetisme I (10 studiepoeng) 

PHYS113 - Mekanikk 2 og termodynamikk (10 studiepoeng) 

MAT212 - Funksjonar av fleire variablar (10 studiepoeng) 

4. semester

PHYS114 - Grunnleggande målevitskap og eksperimentalfysikk (10 studiepoeng) 

PHYS118 - Kvantefysikk og relativitet (10 studiepoeng) 

MAT131 - Differensiallikningar (10 studiepoeng) 

5. semester

Valfritt emne (10 studiepoeng) 

PHYS116 - Signal- og systemanalyse eller PHYS119 - Moderne fysikk (10 studiepoeng) 

Eksamen philosophicum (EXPHIL-MNSEM, 10 studiepoeng) 

6. semester

PHYS299 - Bacheloroppgåve i fysikk (10 studiepoeng) 

Valfrie emne (20 studiepoeng) 

Utveksling

Du kan reise på utveksling i sjette semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Canada, USA, Australia, England, Kina, Tyskland eller dei nordiske landa. Du kan og søke på Teknisk Student Programmet på CERN, og vere eit heilt år på verdas største fysikklaboratorium rett utanfor Geneve.

Sjå utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

UiB tilbyr masterstudium i fysikk ved UiB innan ei rekke fagområde. Du kan òg søke opptak til masterstudium i fysikk ved andre universitet i Noreg og i utlandet. Har du lyst til å bli lærar på kan du ta praktisk-pedagogisk utdanning innan fysikk og matematikk.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: 55583030
E-post: studie.fysikk@uib.no

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Bachelorprogram i fysikk