Kvalifiseringsprogrammet for tannleger med utdanning utenfor EU/EØS-området

Har du tatt odontologisk grunnutdanning utanfor EU/EØS-området? Med dette studieprogrammet får du tilpassa utdanninga di frå utlandet med norsk, integrert master i odontologi. Det er behov for tannlegar, og med denne utdanninga kan du jobbe som tannlege i Norge.

Kva lærer du?

På studiet vil du lære korleis odontologi vert praktisert i Noreg, kva forsking som ligg til grunn for denne praksisen, og kva nasjonale tannhelseforebyggande tiltak som blir prioritert. Ved å gjennomføre denne utdanninga vil du bli betre integrert både i det norske fagmiljøet og kulturelt og sosialt i det norske samfunnet.

Gjennom dette studieprogrammet får du brukt og vidareutvikla fagkompetansen din på ein fagleg, pasientsikker måte.

Studiekvardag

Dette programmet gjer eit opplegg tilpassa ditt faglege utgangspunkt og progresjon. Dei avsluttande prøvene blir fastsett etter ei vurdering per fagområde. Du får

  • fagleg utbytte med bratt læringskurve
  • inngang til norsk arbeidsliv etter riktig fagleg nivå
  • lettare integrering i det norske samfunnet med større forståing for norsk tankegang og kultur

Det blir eit tett undervisningsprogram med fulle arbeidsveker. Det du vil bruke mest tid på, er klinisk pasientbehandling. Du får òg 10 heile dagar i praksisteneste ved DOT Vestland i andre semester. Utover dette blir det forelesingar, seminargrupper, laboratorium og praktiske øvingar, i tillegg til sjølvstudium.

Du kan bli med i ei av forskargruppene ved Det medisinske fakultet.

Under studiet er det obligatorisk å nytte klinikkarbeidstøy med korte ermer. Les meir på nettsida til Institutt for klinisk odontologi (IKO).

Kva kan du jobbe som?

Med denne utdanninga får du jobbe som tannlege i Noreg i enten offentleg eller privat sektor. Det er behov for tannlegar, spesielt i distrikta, så det er vanleg å få jobb etter dette studiet.

Når du har fullført og bestått programmet, må du søke om å bli autorisert som tannlege på nytt. Helsedirektoratet har meir informasjon om autorisasjonsordninga.

Opptakskrav og søknadsfrist

Karakterkrav: C (2.5)
Krev minimum snittkarakter C (2,5) i den faglege fordjupninga.

Dei fleste studentar frå land utanfor EU/EEA/Sveits må betale studieavgift, men det finns unntak.

Institutt for klinisk odontologi (IKO) lyser ut opptak til Kvalifiseringsprogrammet for tannlegar med utdanning utanfor EU/EØS og Sveits annakvar haust og vår med søknadsfrist ca. eitt år i forvegen. Neste opptaksprosess startar i januar 2028 (med studiestart januar 2029).  

Søknad: Du søkjer elektronisk gjennom SøknadsWeb (ekstern lenke), og all relevant dokumentasjon skal lastas opp som vedlegg. Søknader som blir sendt inn utanom SøknadsWeb, vil ikkje bli behandla.  

Formelle opptakskrav: Odontologisk grunnutdanning. Det er ein føresetnad at grunnutdanninga har blitt vurdert av autorisasjonsmyndigheitene (Helsedirektoratet). Dersom vurderinga viser eit moderat avvik frå norsk utdanning i odontologi, kan Kvalifiseringsprogrammet vere eit eigna tiltak for seinare å få innvilga norsk autorisasjon som tannlege. Konklusjonen frå Helsedirektoratet vil ligge til grunn for IKO sin vurdering av den som søkjer opptak til Kvalifiseringsprogrammet.

Søkarar som har hatt meir enn 10 års fråvær frå tannlegeyrket, eller som fullførte sin odontologiske grunnutdanning for meir enn 10 år sidan utan å ha arbeida som tannlege i ettertid, blir ikkje vurderte som aktuelle for Kvalifiseringsprogrammet.

Slike søkarar vil ikkje få tilbod om å delta på opptaksprøven og anbefalast i staden å søkje opptak til integrert master i odontologi. Dersom det har gått meir enn 10 år sidan fullført utdanning, må du dokumentere eventuell yrkespraksis som tannlege i denne perioden.  

Språkkrav i norsk og engelsk: Krava er som for Samordna opptak (ekstern lenke). Det er høve til å ettersende dokumentasjon på oppfylte språkkrav. Det må då spesifiserast i eit eige vedlegg til søknaden at du vil ettersende dokumentasjon på oppfylt språkkrav og kunne dokumentere deltaking på eit eventuelt språkkurs.   

Det er krav om norsk bustadadresse på søknadstidspunktet.  

Opptaksprosessen: Fyller du dei formelle opptakskrava, blir du kalla inn til den første delen av den tredelte opptaksprøva, den praktiske delen. Deretter følgjer teoretisk del (del 2) og intervju (del 3). 

Alle deler av opptaksprøva er på norsk, og alle deler (1-3) av opptaksprøva tel likt. Dersom du er blant dei inntil åtte søkarane med best resultat, vil du få tilbod om opptak til programmet. Opptaksprosessen tek vanlegvis eit halvt til eitt år. 

 

MERK: Karakterkrav og betaling av studieavgift gjeld ikkje for søkarar til kvalifiseringsprogrammet for tannlegar med utdanning utanfor EU/EØS.  

Undervisningsspråk

Undervisningsspråk: Norsk

Studiets oppbygging

Studiet er eit fulltidsstudium på 90 studiepoeng. Programmet har oppstart kvart 1,5 år, vekselvis i januar og august. Ved studiestart i januar vil neste kull starte i august året etter. Undervisninga er på norsk og andre skandinaviske språk, mens litteraturen er på norsk og engelsk. Alle delar av studiet er obligatoriske, med unntak av forelesingane. Alle emne og alle aktivitetar må vere godkjent før ein kan gå opp til avsluttande eksamen.

Studiet går over 1,5 år og består av desse elementa:

- praktisk ferdigheitstrening i kliniske fagdisiplinar

- teoretisk tilpassa seminar i 12 fagområde

- tverrfaglege kurs og seminar som smittevern, førstehjelp, fleirkulturell samhandling, kommunikasjonstrening, klinisk fotografering, OPUS journalsystem

- 10 dagars praksisteneste ved DOT Vestland

- klinisk pasientbehandling - avsluttande teoretiske prøver i 11 fagområde, samt diverse delprøver

- avsluttande kasuseksamen over 1,5 dagar

 

Slik er studiet lagt opp:

DIGI100 - Digital student - Nettkurs i digitale arbeidsmetodar og teknologi for læring (0 studiepoeng)

DIGI101 - Digital kjeldekritikk (0 studiepoeng)

KVALI-PROG - Avsluttande kasuseksamen ved Kvalifiseringsprogrammet for tannlegar med utdanning utanfor EU/ EØS-området (90 studiepoeng)

Studentane nyttar klinikkarbeidstøy under arbeid, både i Ferdigheitssenteret og i klinikkane.

Arbeidstøyet består av klinikkbukser og kittel med kort erme for å sikre adekvat håndhygiene.

Sjå meir informasjon om klinikkarbeidstøy her: Arbeidstøy ved Odontologen | UiB

Utveksling

Det er ikkje mogleg å reise på utveksling på dette studieprogrammet.

Sjå utvekslingsavtalar

Vidare studiemoglegheiter

Etter kvalifiseringsprogrammet kan du gå vidare til doktorgrad. For å kunne søke opptak til ph.d.-programmet kan du for eksempel først søke deg til spesialistutdanning og deretter søke om opptak til doktorgradsutdanninga.

Spørsmål om studiet?

Telefonnummer: Ta kontakt via e-post/Get in touch via email
E-post: studie.iko@uib.no

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp.

Studieplan for Kvalifiseringsprogrammet for tannleger med utd utanfor EU/EØS-området