Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Nyhet

600 000 har lest masterstudenten Johanna si VG-reportasje

Masterstudenten Johanna fekk graveserien sin på trykk i VG. No har over ein halv million lesarar lest reportasjane hennar om sjølvmord blant eldre.

Johanna Magdalena Husebye utanfor VG
Masterstudent Johanna Magdalena Husebye har jobba i snart eitt og eit halvt år med å grave fram informasjon om sjølvmord blant eldre. Resultatet har blitt publisert i ein serie i VG dei siste vekene.
Photo:
Marie Kingsrød

Innhold

– Eg leita i dødsårsaksregisteret. Der såg eg eit stolpediagram som viste at det var svært mange eldre menn som tok sjølvmord. Eg tenkte «Oj!» Det hadde aldri falt meg inn at eldre ville ta livet sitt. 

Det fortel Johanna Magdalena Husebye, student på Master i undersøkende journalistikk ved UiB. I snart eitt og eit halvt år har ho jobba med å grave fram informasjon om sjølvmord blant eldre, og resultatet har blitt publisert i VG dei siste vekene. Reportasjane hennar har fylt to forsider, og fleire oppfølgingssaker har og vil kome. 

– Det er ganske surrealistisk. Eg synes temaet er underkommunisert, og dette er ei aldersgruppe som ikkje har kome til i pressa i særleg grad. Eg håpte på at riksdekkjande media kunne vere interesserte, men dette var langt meir enn eg såg for meg, seier Husebye. 

Første kullet gravestudentar

Husebye er ein av studentane frå det første kullet på dette nye masterstudiet , og ho er tilknytta UiB sitt Senter for undersøkjande journalistikk (SUJO) som også held til i Media City Bergen. Gjennom studiet har studentane fått innføring i metodane for gravande journalistikk, samt at dei har arbeida fram eit lengre, journalistisk gravearbeid. 

– Sjølvmord blant eldre er eit viktig og vanskeleg tema, og det grip rett inn i pressa sitt samfunnsoppdrag å løfte dette fram. For oss har det vore ei udelt positiv oppleving å jobbe med Johanna. Ho er ein del yngre enn oss andre i dagsorden-redaksjonen, og ho har hatt litt andre perspektiv, og stilt litt andre spørsmål. Det har vore nyttig og interessant. 

Det seier Synnøve Åsebø som er reportasjeleiar i VG Dagsorden. 

Gløymer at ho er student

Materialet Husebye har jobba med har vore stort, og dei etiske utfordringane har vore mange. Undervegs i arbeidet har ho skrive logg, og loggen er no på over 40 000 ord. Nettopp loggføringa og Husebye si strukturerte tilnærming til arbeidet var ein av grunnane til at VG satsa på prosjektet. 

– Vi såg raskt at Johannna hadde orden i alle mappene og kontroll på arbeidet sitt. Dette er ein svært viktig kvalitet å ha når ein driv med gravande journalistikk. Når ein har månadsvis med research, så må ein ha kontroll slik at ein har materialet sitt tilgjengeleg til ei kvar tid, seier Åsebø. 

Dei siste par månadene har Husebye hatt arbeidsstaden sin i VG sine redaksjonslokale i Oslo, og sjølv gløymer ho nesten at ho er student. 

– «Dette er learning by doing», og eg har følt meg som ein journalist heile vegen. Eg blir så oppslukt av sakene som eg jobbar med. Samtidig så la den teoretiske biten vi fekk første året av masterstudiet grunnlaget for at eg visste korleis eg skulle gå fram. Dessutan var eg heilt avhengig av veiliinga eg fekk å på studiet. Mellom anna fekk eg hjelp til å dele opp materialet og finne fram til nyheitspoenga, seier Husebye.