Hjem
Spesialsamlingene
Språksamlingane

Om Språksamlingane

Språksamlingane er ein betydeleg vitskapleg ressurs som består av fysisk materiale og elektronisk språkleg materiale (både digitalisert og digitalt utvikla). Samlingane har vore grunnlag for å utarbeide allmennordbøker (leksikografi) og norsk namnegransking.

Hovedinnhold

Språksamlingane er ein omfattande dokumentasjon av norsk språk i tid og rom. Samlingane representerer eit stort potensial for framtidig forsking. For normeringa av norsk språk, og for andre formål av vitskapleg eller teknologisk art, er det viktig at samlingane til ei kvar tid gir ein relevant og haldbar dokumentasjon og eit ope tilgjengeleg datagrunnlag.

Språksamlingane inneheld digitale samlingar for ordbøker (leksikografi), navnegransking, målføre og dialektologi samt gammalnorsk og norrønt. I tillegg samlingane i etterhand fått tilført ei rekke terminologiske ressursar. Sjå utvalg i menyen til høgre.

Språksamlingane sine fysiske samlingar består opprinneleg av fire tidlegare instituttarkiv frå Universitetet i Oslo; Norsk Ordbok, Norsk målførearkiv, Norsk stadnamnarkiv og Norsk leksikografisk institutt. I tillegg har Språksamlingane mange private forskararkiv.

Språksamlingane ved Universitetsbiblioteket i Bergen kan ta imot arkiv som vert vurderte som fagleg relevante, både frå private og frå offentlege institusjonar. Eit viktig nyare tilfang er språksamlingane frå Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar, Universitetet i Bergen, samt materiale frå Institutt for språk og litteratur, Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet.

Kartotek og setelarkiv er digitaliserte, alt anna ordna materiale kan lånast på lesesal. Tilgjengelege arkiv finn du her.

Samlingane låg tidlegare ved Universitetet i Oslo. Dei vart i 2016 overførte til Universitetet i Bergen.