Home
Department of Linguistic, Literary and Aesthetic Studies

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Holberg-plakatar i HF-bygget

I andre etasje, ved passasjen til Sydneshaugen skole, er det hengt opp tre plakatar med Holberg-motiv.

Holbergplakatene
Odd Einar Haugen og Eiliv Vinje ved sida av dei nye plakatene
Photo:
Asle Leidland

Main content

Bakgrunnen for dette er eit konkret uttrykk for og ei påminning om arbeidet med digitalutgåva Ludvig Holbergs skrifter ved LLE.

To av plakatane er faksimilar av tittelblad (Bergens Beskrivelse 1737 og Epistler, Tomus I 1748).Den tredje er ei originalradering av grafikaren Povl Christensen og brukt som frontispice i boka Ludvig Holbergs selvportræt samt Castrum Doloris. Christensen har brukt ein gammal medaljong med hovudportrett av Holberg som modell. Det er mogleg at medaljongen har blitt utført med Holberg som levande modell.

Odd Einar Haugen, leiar av husstyret i HF-bygget, Siri Meyer, leiar av estetisk utval ved UiB og Eiliv Vinje, leiar for den norske redaksjonen til Ludvig Holbergs skrifter, har stått for arbeidet med denne utsmykkinga.