Gå til innhold
English A A A

Rutinar for masterstudiet ved HF


Her har vi samla den viktigaste praktiske informasjonen og ulike søknadsskjema for mastergradsstudentar ved HF.

Framsyning av vitnemål/karakterutskrift i original

Dersom du har fått opptak til masterstudiet ved HF med bakgrunn i utdanning fra ein annan utdanningsinstitusjon, må du legge fram vitnemål/karakterutskrift i original på Informasjonssenteret ved Studieadministrativ avdeling. Dette må du gjere ved semesterstart sjølv om du la ved attesterte kopiar då du søkte om opptak.

Lesesalsplass

Her finner du retningslinjene for tildeling av lesesalsplass og hvordan du skal gå fram for å søke.

Utdanningsplanen

Alle masterstudentar skal ha ein utdanningsplan. Utdanningsplanen skal

  • bidra til eit tett og gjensidig forpliktande forhold mellom deg som student og Universitetet i Bergen
  • syne korleis universitetet legg til rette for at du som student skal nå definerte læringsmål på avtalt tid

Utdanningsplanen omfattar to delar: ein generell del og ein spesifikk del. Den generelle delen er felles for alle masterstudentane ved UiB og omtalar generelle forhold ved studiet, og synleggjer
rettar og plikter mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Den spesifikke delen omtalar studieprogrammet ditt meir detaljert, og inneheld òg studieløpet til kvar enkelt. Denne fyller du ut via StudentWeb. I den spesifikke delen inngår òg ein rettleiingskontrakt som er ei avtale mellom student, rettleiar og styrar ved instituttet du er knytt til. Denne kontrakten skal vere fylt ut innan ein frist sett i den spesifikke delen. Kontrakten får du på insituttet.


Utdanningsplanen er gyldig så lenge du følgjer den og held deg til gjeldande reglar og forskrifter, det vil seie fire semester for ein heiltidsstudent. Som heltidsstudent er progresjonen 30 studiepoeng kvart semester. Du vil bli kalla inn til oppfølgingssamtale dersom det viser seg at du avlegg færre studiepoeng enn det som er avtalt i planen. Du kan avtale deltidsstudium (50 %) med tilsvarande forlenging av kontrakten. Dette må det søkjast spesielt om (sjå eige punkt).

Rettleiingskontrakten

For å få tildelt rettleiar, må du inngå ein rettleiingskontrakt. Kvart masterprogram har definert når i studiet du skal inngå kontrakten. Kontrakten seier kven som skal vere rettleiaren din, kor mange timar rettleiing du har krav på og definerer elles rettar og plikter mellom rettleiar og student.

Rettleiingskontrakt: bokmål - nynorsk - engelsk (English)

Forlenging av kontrakten

Studentar kan søkje instituttet om å forlenge masterstudiet med eit femte semester. Etter særskild søknad kan studentane søkje om ytterlegare eitt semesters forlenging. Fakultetet handsamar denne søknaden. Søknadsskjema finn du i Studentportalen og på Mi side. Søkjaren skal legge ved framdriftsplan som er godkjent av rettleiar. Framdriftsplanen skal gi eit realistisk bilete av korleis du har tenkt å gjennomføre resten av masteroppgåva. Dersom søknaden gjeld eit femte semester, blir den handsama på instituttet. Gjeld søknaden eit sjette semester, sender instituttet søknaden vidare til HF-fakultetet med ei tilråding frå institutt og rettleiar. Det er ikkje mogleg å søkje om ytterlegare forlenging.

Søknadsfristar for forlenging av rettleiingskontrakt:

  • For eit femte semester: 1. april eller 1. november i det fjerde semesteret.
  • For eit sjette semester: 1. april eller 10. oktober i det femte semesteret.

Skjema for forlenging av kontrakten (pdf-format).

Permisjon frå masterstudiet

Dersom du skal søkje permisjon, må du gjere greie for årsaka til permisjonen. Dokumentasjon skal leggjast ved søknaden i form av legeerklæring, fødselsattest, stadfesting av termin, innkalling til førstegangsteneste eller anna. Dersom ein søkjer permisjon frå masterstudiet av faglege årsaker t.d. for å ta andre emne utanfor programmet, skal det leggjast ved erklæring frå institutt/rettleiar. Dersom ein søkjer permisjon av faglege årsaker t.d. for å delta på arkeologisk feltarbeid, skal arbeidskontraktar leggjast ved, samt erklæring frå rettleiar. Ein kan søkje om permisjon for minimum eitt semester, maksimum to. Søknad på eige skjema til Det humanistiske fakultet. Sjå òg det sentrale reglementet ved UiB, § 7: Fravær og permisjon fra grunnstudier i «Reglement om opptak, studier og eksamen ved Universitetet i Bergen» og utfyllande
reglar for HF-fakultetet.

Søknadsfristar for permisjon:

For haustsemesteret: 15. juni
For vårsemesteret: 15. desember

Skjema for permisjon frå masterstudiet (pdf-format).

Endring i studieprogresjon

I utdanningsplanen din har du avtalt kva studieprogresjonen din skal vere. Normal progresjon er 100% - det vil seie 30 studiepoeng i semesteret. Du kan avtale å gjennomføre heile eller delar av studiet på deltid (minimum 50%). Studietid for deltidsstudentar er maksimalt 8 semester. Du må søkje om endring i studieprogresjon til instituttet på eige skjema. Søknadsfristar for endring i studieprogresjon:

  • For haustsemesteret: 15. juni
  • For vårsemesteret: 15. desember

Skjema for endring i studieprogresjon (pdf-format).

Opphald i utlandet

Mange fagmiljø har gode faglege kontaktar med institusjonar og fagmiljø i utlandet. Det kan vere nyttig for mange masterstudentar å planleggje eit opphald i utlandet i løpet av studietida. Masterstudentar kan ta obligatoriske delar av studiet i utlandet. Då treng du førehandsgodkjenning. I tillegg vil mange masterstudentar arbeide med kjelder, innhenting av materiale, feltarbeid og anna arbeid knytt til masteroppgåva. Dei vil ofte ha status som gjestestudentar. Kontakt instituttet for meir informasjon.  Alle studentar som reiser til utlandet i samband med studiene, må fylle ut og levere inn opplysningsskjema/eigenerklæring. Meir informasjon om dette, samt UiB sin brosjyre om tryggleik, finn du på UiBs informasjonssider om delstudium i utlandet.

Å bruke personopplysningar i masteroppgåva

Skal du samle inn, registrere, handsame eller lagre opplysningar om personar (personopplysningar), er prosjektet ditt truleg meldepliktig. Du må da fylle ut eit meldeskjema og sende det til Personvernombudet for forskning. Meldeplikta er pålagd ved lov, jf. personopplysningsloven, og prosedyren med melding til Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD) er vedteke av institusjonsleiinga.

Informasjon finn du på nettstaden til Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD).

Økonomisk støtte

Du kan søkje fakultetet om økonomisk støtte til arbeidet med masteroppgåva. Du kan søkje maksimalt to gonger, og få inntil kroner 2.500,- per gong. Dette gjeld utgifter i samband med datainnsamling, feltarbeid, reise, utgifter til kjeldekopiering, spørjeskjema, kjøp av IT-tenester, porto og liknande. Søknad på eige skjema, seinast 14 dagar før tiltaket finn stad. Til spesielt kostnadskrevjande reiser kan ein få inntil 5000 kroner som tilskot, tilsvarande to tiltak.

Skjema for søknad om økonomisk støtte (pdf-format).

Særskild støtte, stipend

Fakultetet kan etter særskild søknad dele ut inntil 5 stipend på inntil kr. 10.000,- som tilskot til langvarig (meir enn 3 månader) reise / datainnsamling / feltarbeid i land utanfor Europa. Tilsvarer to støtteverdige tiltak.

Søknadsfristar for særskild støtte:

  • For haustsemesteret: 1. april
  • For vårsemesteret. 1. oktober

Du bruker samme søknadsskjema som ovanfor.

Innlevering av masteroppgåva

Ordinære innleveringsfristar ved Det humanistiske fakultet er følgjande:

  • Vårsemesteret: 1. februar og 15. mai
  • Haustsemesteret: 1. september og 20. november

Universitetet si eiga Felles kopitjeneste står for trykkinga av masteroppgåva. Studentane skal levere ein elektronisk versjon av oppgåva i pdf-format på Mi side innan den fastsette fristen. Den elektroniske versjonen av oppgåva vert sendt av instituttet til Felles kopitjeneste for trykking. Masteroppgåva skal leverast elektronisk på Mi side innan dei fastsette fristane. Det vil være ei ega innleveringsmappe for oppgåva på hjemmesida til det aktuelle emnet (til dømes HIS350, ENG350 osv.). Du må være meldt til eksamen i masteroppgåva for at emnet skal være synleg på Mi side.
Oppgaven skal leverast i pdf-format, normalt som eit dokument. Det enklaste vil vanlegvis være å ha heile oppgåva samla i eit dokument i teksthandsamingsprogrammet ditt og deretter lage ei pdf-fil av dokumentet. Nyttar du OpenOffice eller Word for Mac, har desse programma innebygd funksjon for å lage pdf-filer. Nyttar du Word for Windows, fins gratisprogrammet PDF Creator som kan lage pdf-filer. NB: PC-vaktane på UiB sine  pc-stover kan hjelpe til med dette.

Ved innleveringa på Mi side vel ein om masteroppgåva skal være tilgjengeleg og søkbar på internettet i BORA. Studentane inngår då ein avtale med BORA.

Har du spørsmål om innleveringa, tar du kontakt med instituttet som har ansvaret for masterprogrammet ditt.

Frå og med hausten 2008 skal alle masteroppgåver ha eit obligatorisk samandrag på 1/2 til 1 side på eit anna språk enn oppgåva er skriven på. Normalt vil det andre språket vere engelsk. For framandspråkfaga kan det andre språket til dømes vere norsk. Samandraget skal leverast som ein del av oppgåva, ikkje som eige vedlegg. Studenten kan normalt ikkje få klausulere oppgåva, men det finst unnatak.

Sist endret: 22.3.2012