Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Sino-Nordic Welfare Research Network (SNOW)

Nordisk velferdsforsking i Kina

Siste utgåva av China Social Welfare er dedisert til den velferdspolitiske konferansen Det kinesisk-nordiske nettverket for velferdsforsking (SNOW) arrangerte i Beijing i juni.

Neste
China Social Welfare, nr. 7, 2015
China Social Welfare, nr. 7, 2015
1/3
Bilete frå eitt av konferansemøta som var leia av professor i samanliknande politikk, Stein Kuhnle, leiaren for Det kinesisk-nordiske nettverket for velferdsforsking (SNOW)
Bilete frå eitt av konferansemøta som var leia av professor i samanliknande politikk, Stein Kuhnle, leiaren for Det kinesisk-nordiske nettverket for velferdsforsking (SNOW)
2/3
Konferansen hadde aldrande velferds- og sosialpolitikk som tema, og i alt 25 artiklar vart presenterte i løpet av dei to dagane.
Konferansen hadde aldrande velferds- og sosialpolitikk som tema, og i alt 25 artiklar vart presenterte i løpet av dei to dagane.
3/3
Tilbake

Hovedinnhold

Professor i samanliknande politikk, Stein Kuhnle, som leiar Det kinesisk-nordiske nettverket for velferdsforsking (SNOW), prydar framsida av den siste utgåva av det einaste store tidsskriftet for velferdsforsking i Kina. Biletet er frå ein internasjonal konferanse i regi  av SNOW og «The Sino-Nordic Welfare Laboratory», som er etablert som ved Det kinesiske samfunnsvitskaplege akademiet i Beijing.

Konferansen hadde aldrande velferds- og sosialpolitikk som tema, og i alt 25 artiklar vart presenterte i løpet av dei to dagane. Dei fleste av deltakarane var frå Kina, men land som Danmark, Finland, Noreg, Sverige, Australia, Sør-Korea og USA var representerte ved deltakarar.

Om SNOW
SNOW er eit forskingsnettverk mellom kinesiske og nordiske velferdsforskarar som er finansiert av Nordisk ministerråd. Professor Stein Kuhnle ved Institutt for samanliknande politikk leiar nettverket frå Universitetet i Bergen, men nettverket består av velferdsforskarar og mange forskingsinstitusjonar frå heile Norden og Kina.

Les meir om SNOW på nettverket sine eigne nettsider.