Praktisk-Pedagogisk Utdanning
Programmet tilbys av
Mål og innhald
Praktisk-pedagogisk utdanning er eit yrkesretta, praksisbasert studium. I studiet inngår pedagogikk, fagdidaktikk i to fag og praksisopplæring. Siktemålet med studiet er å utdanne lærarar som kan leggje til rette, planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning gjennom refleksjon over elevane si læring. Instituttet vil leggje til rette for at studentane, i tillegg til teoretisk forståing og kunnskap om læring, kan tilegne seg praktiske, pedagogiske røynsler og evner, og skape eit utgangspunkt for vidare utvikling i yrket.
Studieprogrammet er knytt til Det psykologiske fakultet ved Universitetet i Bergen. Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er eit studium for studentar som har utdanning frå universitet og/eller høgskule, og som vil utdanne seg til lærar. Studiet er sett saman av pedagogikk, fagdidaktikk i to fag og praksis.
Pedagogikk
Pedagogikk er vitskapen om læring, undervisning og oppseding. For å utvikle kunnskap om dei sosiale og kulturelle føresetnadene for og konsekvensane av desse prosessane, er ein i pedagogikken oppteken av sosialiseringsprosessar generelt. På makronivå studerer ein kunnskapsgenerering, kunnskapsforvaltning og kunnskapsutvikling i samfunnet. På mikronivå studerer ein utvikling, læring og meistring hos individet.
Fagdidaktikk
Fagdidaktikk kan definerast som refleksjonar kring eit fag og kring undervisning i faget. Dette inneber eit metaperspektiv på fag og kunnskapsutvikling. Kjernen i fagdidaktikken er spørsmålet om legitimering av faget, og andre sentrale spørsmål handlar om innhald, danning og metode. Innføring i praktiske grep, metodar og teknikkar ein kan nytte i undervisninga i eit fag, er også ein del av fagdidaktikken, og sameleis drøfting og problematisering av slike teknikkar. I den praktisk-pedagogiske utdanninga må ein sjå slike spørsmål i samanheng med formidling av faget til ulike elevgrupper i ein opplæringssituasjon.
Praksis
Praksisopplæringa er læringsarena, forskingsområde og utprøvingsfelt for både pedagogikk og fagdidaktikk, og må sjåast som ein integrert del av studiet. Studentane er vanlegvis i praksis i ungdomsskulen og/eller den vidaregåande skulen.
UiB kan tilby fagdidaktikk og praksisopplæring i sentrale skulefag som språkfag, samfunns- og idéfag og realfag.
Opptakskrav
Opptak til Praktisk-pedagogisk utdanning byggjer på følgjande utdanningsbakgrunn:
- Minimum 180 studiepoeng fra universitet eller høgskole.
- Master- og bachelorgrader prioriteres i opptaket.
- Fagleg fordjuping i to fag med minimum 60 studiepoeng i kvart fag.
- Fagleg fordjuping i fag som gir undervisningskompetanse i skulen og som universitetet tilbyr fagdidaktikk i. Fagtilbodet kan variere frå semester til semester.
- Eventuelt tilsvarande utanlandsk utdanning.
- Normalt må ein ha eit snitt på minst C i dei undervisingsfaga som er opptaksgrunnlaget. Det er dei einskilde fagmiljøa ved UiB som vurderer om utdanninga er relevant som opptaksgrunnlag til PPU. Avvik fra krav om C vil bli behandlet individuelt.
Sjå elles eige opptaksreglement http://regler.app.uib.no/regler/Del-2-Forskning-utdanning-og-formidling/2.2-Utdanning/2.2.3.-Opptak/Reglement-om-opptak-for-ett-aarig-praktisk-pedagogisk-utdanning-PPU-ved-Universitetet-i-Bergen
Du må vere kvalifisert for å følgje to av fagdidaktikkemnene som UiB har tilbod i for å kunne byrje på PPU. Utfyllande informasjon om fagdidaktikktilbod, undervisningsfag og opptakskrav finn du på denne nettsida:
http://www.uib.no/utdanning/laerer
Det er opptak til studiet kvart haust med frist 15. april . Ein søkjer om opptak lokalt ved UIB gjennom Søknadsweb.
Obligatoriske emne / spesialisering
Praksis er obligatorisk. Innanfor nokon kurs vil det vere obligatorisk frammøte (sjå planene for einskilde fag). Innføringskursa i første semester er obligatorisk for alle studentar. Nokon fag stiller krav om obligatoriske arbeidsoppgåver som studentane må ha fullført for å få gå opp til eksamen.
Undervisningsmetodar
Undervisninga er lagt opp som førelesingar, gruppeundervisning og seminar. I tillegg til teoriundervisninga er praksis ein viktig læringsarena.
Vurderingsformer
2 av 3 emner samt praksis i første semester av PRAPED må vere greidd for at studenten skal kunne halde fram på andre semester. I begge semester er orienteringsmøtet og all undervisning den første veka obligatorisk. Einskilde didaktikkfag har også obligatoriske aktivitetar. Det er 100% obligatorisk frammøte til seminara i pedagogikk, og 100 % obligatorisk frammøte til praksisopplæringa.
Avsluttande vurdering i PPU omfattar to hovudområde av studiet: praktisk lærardugleik, og skriftleg og munnleg eksamensarbeid. Vurderinga av den samla kompetansen inneber også ei vurdering av om studenten eignar seg for læraryrket («skikkethetsvurdering»). Sjå følgjande nettside: http://www.uib.no/utdanning/laerer
Yrkesvegar
Studiet kvalifiserer for å arbeide som lærar i grunnskulen (særleg ungdomsskulen, men også mellomtrinnet), vidaregåande skule eller innan vaksenopplæringa. Saman med fagutdanning kvalifiserer praktisk-pedagogisk utdanning for stilling som lektor, adjunkt eller faglærar.
Oppbygging av studiet
Studiet går over to påfølgjande semester, med opptak og studiestart for nye studentar kvar haust. Semesteret byrjar med 5 veker teoriundervisning. Deretter følgjer ein praksisperiode på 7 veker, med ei teoriveke omlag midtvegs når det er haust- eller vinterferie i skulen. Etter praksis følgjer ein ny teoriperiode på 1-2 veker, og deretter eksamen. I praksisopplæringa krev ein 100 % oppmøte.
Fageining og spesialisering
Tilbodet vil variere frå opptak til opptak. Informasjon om fagdidaktikktilbod kommande haust:
https://www.uib.no/utdanning/laerer/studietilbud/opptak/opptak-til-praktisk-pedagogisk-utdanning/fagdidaktisk-tilbod-i-ppu
For innhald og læringsmål i dei einskilde faga sjå studieplanar tilhøyrande dei einskilde emnekodane.
Delstudium i utlandet
Det er ikkje lagt opp til delstudium i utlandet i løpet av studiet.
Oppstart
Haust
Administrativt ansvarleg
Det psykologiske fakultet. For meir informasjon om studiet og opptak, sjå følgjande nettside: http://www.uib.no/utdanning/laerer
Det faglege ansvaret for det eittårige PPU-studiet er delt mellom fire fakultet: HF, MN, SV og Det psykologiske fakultet.
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Obligatoriske pedagogikkemner (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| PEDA101 | Praktisk pedagogikk - pedagogikk 1. semester | 15 | 1 | |||||||||
| PEDA102 | Praktisk pedagogikk - pedagogikk 2. semester | 15 | 2 | |||||||||
| Praksis (krav: 0 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| PPUPRA101 | Praksisperiode 1 | 0 | 1 | |||||||||
| PPUPRA102 | Praksisperiode 2 | 0 | 2 | |||||||||
| Didaktikkemner (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Biologi didaktikk (krav: 15 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NATDID201-P | Naturfagsdidaktikk 1 | 7,5 | - | 1 | ||||||||
| BIODID200-P | Biologididaktikk | 7,5 | - | 2 | ||||||||
| Engelsk didaktikk (krav: 15 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| DIDAENG1 | Engelskdidaktikk 1 | 7,5 | 1 | |||||||||
| DIDAENG2 | Engelskdidaktikk 2 | 7,5 | 2 | |||||||||
| Fransk didaktikk (krav: 15 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| DIDAFRAN1 | Franskdidaktikk 1 | 7,5 | 1 | |||||||||
| DIDAFRAN2 | Fransk didaktikk 2 | 7,5 | 2 | |||||||||
| Geografi didaktikk (krav: 15 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| DIDAGEO1 | Geografididaktikk 1 | 7,5 | 1 | |||||||||
| DIDAGEO2 | Geografididaktikk 2 | 7,5 | 2 | |||||||||
| Geofag didaktikk (krav: 15 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NATDID201-P | Naturfagsdidaktikk 1 | 7,5 | 1 | |||||||||
| GEOVDID200-P | Geofagdidaktikk | 7,5 | 2 | |||||||||
| Historie didaktikk (krav: 15 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| DIDAHIS1 | Historiedidaktikk 1 | 7,5 | 1 | |||||||||
| DIDAHIS2 | Historiedidaktikk 2 | 7,5 | 2 | |||||||||
| Kjemi didaktikk (krav: 15 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NATDID201-P | Naturfagsdidaktikk 1 | 7,5 | - | 1 | ||||||||
| KJEMDID200-P | Kjemididaktikk | 7,5 | - | 2 | ||||||||
| Matematikk didaktikk (krav: 15 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| MATDID201-P | Matematikkdidaktikk 1 | 7,5 | - | 1 | ||||||||
| MATDID202-P | Matematikkdidaktikk 2 | 7,5 | - | 2 | ||||||||
| Norsk didaktikk (krav: 15 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| DIDANOR1 | Norskdidaktikk 1 | 7,5 | 1 | |||||||||
| DIDANOR2 | Norskdidaktikk 2 | 7,5 | 2 | |||||||||
| Norsk som andrespråk didaktikk (krav: 15 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| DIDANORAN1 | Fagdidaktikk i norsk som andrespråk 1 | 7,5 | 1 | |||||||||
| DIDANORAN2 | Fagdidaktikk i norsk som andrespråk 2 | 7,5 | 2 | |||||||||
| Fysikk didaktikk (krav: 15 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NATDID201-P | Naturfagsdidaktikk 1 | 7,5 | - | 1 | ||||||||
| PHYSDID200-P | Fysikkdidaktikk | 7,5 | - | 2 | ||||||||
| Psykologi didaktikk (krav: 15 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| DIDAPSYK1 | Fagdidaktikk i psykologi første semester | 7,5 | 1 | |||||||||
| DIDAPSYK2 | Fagdidaktikk i psykologi andre semester | 7,5 | 2 | |||||||||
| Religion og etikk (RLE) didaktikk (krav: 15 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| DIDAREL2 | Fagdidaktikk i religion og etikk 2 | 7,5 | 1-2 | 2 | ||||||||
| DIDAREL1 | Fagdidaktikk i religion, livssyn og etikk 1 | 7,5 | 1-2 | 1 | ||||||||
| Samfunnskunnskap didaktikk (krav: 15 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| DIDASAK1 | Samfunnskunnskapsdidaktikk 1 | 7,5 | 1 | |||||||||
| DIDASAK2 | Samfunnskunnskapsdidaktikk 2 | 7,5 | 2 | |||||||||
| Spansk didaktikk (krav: 15 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| DIDASPA1 | Spanskdidaktikk 1 | 7,5 | 1 | |||||||||
| DIDASPA2 | Spanskdidaktikk 2 | 7,5 | 2 | |||||||||
| Tysk didaktikk (krav: 15 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| DIDATYS1 | Tyskdidaktikk 1 | 7,5 | 1 | |||||||||
| DIDATYS2 | Tyskdidaktikk 2 | 7,5 | 2 | |||||||||
| Italiensk didaktikk | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| DIDAITAL1 | Italienskdidaktikk 1 | 7,5 | 1 | |||||||||
| DIDAITAL2 | Italienskdidaktikk 2 | 7,5 | 2 | |||||||||
| Medievitenskap didaktikk (krav: 7,5 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| DIDAMEVI1 | Mediefagsdidaktikk 1 | 7,5 | 1 | |||||||||
| DIDAMEVI2 | Mediefagsdidaktikk 2 | 7,5 | 2 | |||||||||
| Filosofi didaktikk (krav: 15 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| DIDAFIL1 | Filosofididaktikk 1 | 7,5 | 1 | |||||||||
| DIDAFIL2 | Filosofididaktikk 2 | 7,5 | 2 | |||||||||
| Helsefremmende arbeid didaktikk (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| DIDAHFA1 | Fagdidaktikk i helsefremjande arbeid 1 | 15 | 1 | |||||||||
| Didaktikk i biologi og kjemi (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| For studenter som tas opp til PPU med fagene biologi og kjemi | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NATDID201-P | Naturfagsdidaktikk 1 | 7,5 | - | 1 | ||||||||
| NATDID202-P | Naturfagsdidaktikk 2 | 7,5 | - | 1 | ||||||||
| BIODID200-P | Biologididaktikk | 7,5 | - | 2 | ||||||||
| KJEMDID200-P | Kjemididaktikk | 7,5 | - | 2 | ||||||||
| Didaktikk i biologi og fysikk (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| For studenter som tas opp til PPU med biologi og fysikk | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NATDID201-P | Naturfagsdidaktikk 1 | 7,5 | - | 1 | ||||||||
| NATDID202-P | Naturfagsdidaktikk 2 | 7,5 | - | 1 | ||||||||
| BIODID200-P | Biologididaktikk | 7,5 | - | 2 | ||||||||
| PHYSDID200-P | Fysikkdidaktikk | 7,5 | - | 2 | ||||||||
| Didaktikk i biologi og naturfag (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| For studenter som tas opp til PPU med biologi og naturfagskombinasjonen | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NATDID201-P | Naturfagsdidaktikk 1 | 7,5 | - | 1 | ||||||||
| NATDID202-P | Naturfagsdidaktikk 2 | 7,5 | - | 1 | ||||||||
| BIODID200-P | Biologididaktikk | 7,5 | - | 2 | ||||||||
| NATDID203-P | Naturfagsdidaktikk 3 | 7,5 | - | 2 | ||||||||
| Didaktikk i kjemi og naturfag (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| For studenter som tas opp til PPU med kjemi og naturfagskombinasjonen | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NATDID201-P | Naturfagsdidaktikk 1 | 7,5 | - | 1 | ||||||||
| NATDID202-P | Naturfagsdidaktikk 2 | 7,5 | - | 1 | ||||||||
| KJEMDID200-P | Kjemididaktikk | 7,5 | - | 2 | ||||||||
| NATDID203-P | Naturfagsdidaktikk 3 | 7,5 | - | 2 | ||||||||
| Didaktikk i fysikk og naturfag (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| For studenter som tas opp til PPU med fysikk og naturfagskombinasjonen | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NATDID201-P | Naturfagsdidaktikk 1 | 7,5 | - | 1 | ||||||||
| NATDID202-P | Naturfagsdidaktikk 2 | 7,5 | - | 1 | ||||||||
| PHYSDID200-P | Fysikkdidaktikk | 7,5 | - | 2 | ||||||||
| NATDID203-P | Naturfagsdidaktikk 3 | 7,5 | - | 2 | ||||||||
| Didaktikk i kjemi og fysikk (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| For studenter som tas opp til PPU med fagene kjemi og fysikk | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NATDID201-P | Naturfagsdidaktikk 1 | 7,5 | - | 1 | ||||||||
| NATDID202-P | Naturfagsdidaktikk 2 | 7,5 | - | 1 | ||||||||
| PHYSDID200-P | Fysikkdidaktikk | 7,5 | - | 2 | ||||||||
| KJEMDID200-P | Kjemididaktikk | 7,5 | - | 2 | ||||||||
| Fagdidaktikk i naturfag (krav: 15 SP) | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NATDID201-P | Naturfagsdidaktikk 1 | 7,5 | - | 1 | ||||||||
| NATDID203-P | Naturfagsdidaktikk 3 | 7,5 | - | 2 | ||||||||
| Fagdidaktikk i fysikk og geofag (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| For studenter som tas opp til PPU med fysikk og geofag | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NATDID201-P | Naturfagsdidaktikk 1 | 7,5 | 1 | |||||||||
| NATDID202-P | Naturfagsdidaktikk 2 | 7,5 | 1 | |||||||||
| PHYSDID200-P | Fysikkdidaktikk | 7,5 | 2 | |||||||||
| GEOVDID200-P | Geofagdidaktikk | 7,5 | 2 | |||||||||
| Fagdidaktikk i geofag og naturfag (krav: 40 SP) | ||||||||||||
| For studenter som tas opp til PPU med geofag og naturfagskombinasjonen | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NATDID201-P | Naturfagsdidaktikk 1 | 7,5 | 1 | |||||||||
| NATDID202-P | Naturfagsdidaktikk 2 | 7,5 | 1 | |||||||||
| NATDID203-P | Naturfagsdidaktikk 3 | 7,5 | 2 | |||||||||
| GEOVDID200-P | Geofagdidaktikk | 7,5 | 2 | |||||||||
| Fagdidaktikk i biologi og geofag (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| For studenter som tas opp til PPU med fysikk og geofag | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| NATDID201-P | Naturfagsdidaktikk 1 | 7,5 | 1 | |||||||||
| NATDID202-P | Naturfagsdidaktikk 2 | 7,5 | 1 | |||||||||
| BIODID200-P | Biologididaktikk | 7,5 | 2 | |||||||||
| GEOVDID200-P | Geofagdidaktikk | 7,5 | 2 | |||||||||