Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Profesjonsstudiet i psykologi

ingressbilde

Programmet tilbys av

Introduksjon

Kvifor oppfører vi oss som vi gjer i ulike sosiale situasjonar? Korleis tenkjer, hugsar og lærer vi? Korleis kan vi forstå avvikande åtferd, og korleis kan vi endre åtferd? Finst det resept mot psykiske problem?

Gjennom profesjonsstudiet i psykologi får du kunnskap om dei ulike områda av psykologien og om det vitskaplege grunnlaget for metodane i faget. Du lærer om mennesket si normale åtferd og utvikling, psykiske lidingar og avvikande åtferd.

Det blir lagt vekt på både teoretisk, praktisk og etisk kunnskap, og du får klinisk erfaring på ulike område. Studentane si eiga utvikling gjennom studiet er viktig, og mykje tid går med til gruppesamtaler og individuell terapi.

Studiet skal gjere deg i stand til å drive psykologisk praksis. Du skal kunne forstå, førebyggje og behandle psykiske lidingar, og utføre dei viktigaste formene for psykologisk arbeid med menneske i alle aldrar.

Studievegar

Årsstudium
Årsstudiet i psykologi er obligatorisk for å kunne gå vidare på det femårige psykologstudiet. Det er karakterane frå årsstudiet som er grunnlaget for opptaket.

Psykologstudiet
Det femårige studiet er bygd opp om ein «forskar-praktikar»-modell. Du får innføring i psykologiske teoriar, forskingsmetodar og forskingsbasert kunnskap på den eine sida. På den andre sida får du grunnkompetanse innan dei sentrale arbeidsområda for psykologar som klinisk psykologi, pedagogisk psykologi, nevropsykologi, samfunnspsykologi og forsking.

Forsking
I det psykologiske fagmiljøet blir det forska på fleire større forskingsfelt, som kognitiv nevrovitskap og kognitiv psykologi, helsefremjande arbeid, individuell og klinisk psykologi, pedagogikk og utdanning, samt sosial- og organisasjonspsykologi.

Visste du at ...

Studentar på psykologstudiet får lære om korleis hypnose kan brukast i klinisk behandling, ved sjølv å bli hypnotisert.

Oppbygging

Studieprogrammet er normert til seks år (360 studiepoeng) og skal innehalde følgjande:

  • 60 studiepoeng årsstudium i psykologi.

300 studiepoeng psykologstudium (5 års studium).

Utveksling

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta delar av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtaler, både i og utanfor Europa. På profesjonsstudiet i psykologi vel vi i tillegg ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som passar best for våre studentar. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som blir integrert i utdanninga di. Du kan for eksempel studere ved universitet i Australia, Sør-Afrika, USA, Storbritannia og Danmark.

Meir informasjon: http://link.uib.no/?2Rcix

Yrkesvegar

Cand.psychol.-graden gir grunnlag for autorisasjon som psykolog. Dei vanlegaste arbeidsområda er helsevesenet, forsking og undervisning, skolevesenet, organisasjonar, sosialsektoren og private verksemder. For tida er det mangel på psykologar i mange sektorar, både i det offentlege og private, og det er derfor gode arbeidsmoglegheiter for nyutdanna psykologar.

Søknadsprosedyre

Fullført årstudium i psykologi utgjer opptaksgrunnlaget for femårig psykologstudium. Du finn meir informasjon om opptak til årsstudium på denne nettsida: uib.no/studieprogram/ÅRPS

Opptak til femårig psykologstudium:

Opptak til psykologstudiet går føre seg på Det psykologiske fakultet gjennom eigen søknad.

Søknadsfristen for opptak er 15. april.

For søkarar med utenlandsk opptakgrunnlag er søknadsfristen for opptak 15. april.

Du finn søknadsskjema og meir informasjon på nettet:

www.uib.no/utdanning/opptak/psykologstudiet

Opptakskrav

Opptak til psykologstudiet skjer internt på fakultetet, ikkje gjennom Samordna opptak (SO). Du søkjer ikkje på bakgrunn av karakterar frå vidaregåande skole, men karakterar frå årsstudiet i psykologi, medrekna ex.phil. og ex.fac. For å kunne søkje opptak til psykologstudiet må ex.phil. og ex.fac. vere bestått. Karakteren på dei tre andre emna tel ved opptaket. Det krevst ein snittkarakter på minimum C på desse emna for å være kvalifisert søkjar.

Poenggrense ved siste opptak

Karaktergjennomsnittet er generelt svært høgt, men vil kunne variere noko frå semester til semester. Sjå denne nettsida for poenggrensene frå tidlegare opptak: www.uib.no/utdanning/opptak/psykologstudiet#poenggrenser

Antall studieplasser

82 i året (41 per semester).

Meir infomasjon

Meir informasjon

Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

studierettleiar.psyfa@uib.no

55 58 27 10

Vurderingsformer

Føremålet med vurderinga er å vurdere studentane sine kvalifikasjonar. Det vil seie i kva for ein grad dei har tileigna seg dei kunnskapar, metodar og dugleikar som fastsetjast gjennom studieplanen sitt mål for deler av studiet og studiet som heilskap.

Mål / Innhald

Graden
Profesjonsstudiet i psykologi er eit 6-årig studium. Det består av eit 1-årig årsstudium medrekna ex.phil. og ex.fac., følgt av eit 5-årig psykologstudium. Studiet fører fram til Cand.psychol.-graden som er grunnlaget for å bli autorisert og kunne praktisere som psykolog.

Fagleg innhald
Studiet er bygd opp om ein "forskar-praktikar" -modell. Føremålet er å gje ei innføring i psykologiske teoriar, forskingsmetodar og forskingsbasert kunnskap på den eine sida, og grunnkompetanse innan dei sentrale arbeidsområda for psykologar (klinisk psykologi, pedagogisk psykologi, nevropsykologi, samfunnspsykologi og forsking) på den andre sida.

Målet er at du skal tileigne deg den teoretiske, praktiske og etiske kunnskapen som ligg til grunn for psykologar si yrkesutøving på ei rekkje område. I så måte byggjer profesjonsstudiet på ein generalistmodell som legg grunnlaget for seinare spesialisering, både innan forsking og praktiske arbeidsområde. Gjennom undervisning, litteraturlesing og rettleia praksis, opparbeider ein kunnskap om mennesket si normale utvikling, psykiske lidingar og avvikande åtferd.

Profesjonsstudiet tek utgangspunkt i Standardar for norsk psykologeksamen, og gir deg ei brei innføring i psykologi, både som akademisk fagfelt og som profesjonelt verkeområde.

Evaluering

Føremålet med evaluering av undervisninga er å føre tilsyn med at studieplanen vert gjennomført. Ei slik evaluering vil syne i kva for grad måla i studieplanen vert gjennomført og gje grunnlag for å evaluere om undervisningsopplegg og/eller studieplan bør endrast. Det vert utforma standardiserte evalueringsskjema til hjelp for både lærarar og studentar i evaluering av undervisningstilbodet og grad av måloppnåing. Kvalitetsutvalet for undervisning og evaluering har ansvar for å følgje opp evalueringa i samsvar med studie- og undervisningsplan.

Undervisning

Gjennom psykologstudiet skal studentane setjast i stand til å utøve ein kompetent, kreativ og kritisk bruk av forskingsbaserte psykologiske kunnskapar, metodar og dugleikar i ein profesjonssamanheng. Dette søkjast oppnådd gjennom studiet sitt undervisningsopplegg. Med undervisning meines her ei organisert formidling av teoretisk, praktisk og metodisk kunnskap og trening i bruken av den.

I studiet er det lagt vekt på undervisnings- og læringsformar med mykje studentaktivitet. Det gjeld mellom anna oppgåveskriving, presentasjon av fagleg stoff på seminar, erfaring som undervisningsassistent og rettleia praksis. Alle skal skrive ei hovudoppgåve i løpet av studiet. Studieplanen for psykologstudiet er fast og alle studentane på eit kull har same studieopplegg.

Opptaksgrunnlag

Årsstudium i psykologi (60 studiepoeng).

Yrkesvegar

Cand.psychol.-graden gir grunnlag for autorisering som psykolog. Dei vanlegaste arbeidsområda er helsevesenet, forsking og undervisning, skolevesenet, organisasjonar, sosialsektoren og private verksemder.

For tida er det mangel på psykologar i mange sektorar, både i det offentlege og private, og det er difor gode moglegheiter for nyutdanna psykologar.

Delstudium i utlandet

Det finst i dag mange alternativ for deg som ønskjer å ta eit semester eller to av utdanninga di i eit anna land. Universitetet i Bergen har mange utvekslingsavtalar, både i og utanfor Europa. På profesjonsstudiet i psykologi vel vi i tillegg ut særskilde samarbeidsuniversitet for å finne det fagtilbodet som høver best for våre studentar. På den måten får du tilbod om eit tilrettelagt utanlandsopphald som vert integrert i utdanninga di. Du kan til dømes studere ved universitet i Italia, Frankrike, Spania og Sverige. Profesjonsstudentane kan gjennomføra eitt eller to semester ved eit universitet i utlandet.

Oppstart

Haust og vår

PRPSYK/Psykologstudiet
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Psykologstudiet obligatoriske emner (krav: 300 SP)
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
PROPSY301 Profesjonsforberedelse 15 1
PROPSY302 Utviklingspsykologi 15 1
PROPSY303 Biologisk psykologi 15 2
PROPSY304 Kognitiv nevrovitenskap 15 2
PROPSY305 Kognitiv psykologi 15 3
PROPSY306 Klinisk nevropsykologi 15 3
PROPSY307 Skole- og opplæringspsykologi 15 4
PROPSY308 Personlighetspsykologi 15 4
PROPSY309 Sosialpsykologi 15 5
PROPSY310 Utvikling, kontekst og kultur 15 5
PROPSY314 Intern klinisk-psykologisk praksis 18 6-8 6
PROPSY311 Innføring i psykologisk kartlegging og behandling 24 6
PROPSY312 Anvendelse av modeller for psykologisk behandling 24 7
PROPSY313 Psykologisk behandling ved komplekse psykiske tilstandsbilder 9 8
PROPSY315 Samfunnspsykologi 15 8
PROPSY316 Ekstern fordypningspraksis 30 9
PROPSY317 Hovudoppgåve psykologprogrammet 30 10