Hjem
Institutt for sosialantropologi
Møt våre masterstudenter

Kjersti Slettemark - Brexit, Storbritannias utmelding av EU

Kjersti ville undersøke Storbritannias kanskje mest omdiskuterte avgjørelse siden andre verdenskrig: Brexit. - Eg syntest det virka veldig spennande å sjå på noko som er så aktuelt, sier hun. Les mer om hennes masterprosjekt her.

Hovedinnhold

Då eg var på feltarbeid vart eg tvungen til å gå ut av komfortsona for å komme i kontakt med folk

År påbegynt grad: 2016

Faglig veileder: professor Andrew Lattas

Hvorfor valgte du en mastergrad i sosialantropologi?
Etter å ha høyrd mykje om andre antropologar som har reist på feltarbeid då eg tok bachelor var eg nysgjerrig på korleis dette var. Derfor fekk eg lyst til å prøve dette sjølv.

Hvordan har overgangen fra bachelor- til masterprogrammet vært?
Den har vore veldig fint. Ved å velje eit prosjekt sjølv, og å reise på feltarbeid har eg fått meir forståing for kva antropologi er. I tillegg får ein betre kontakt med professorar og andre medstudentar.

Hva er den viktigste kompetansen du tilegner deg som masterstudent i sosialantropologi?
Den viktigaste kompetansen eg har fått er å bli endå meir sjølvstendig. Då eg var på feltarbeid vart eg tvungen til å gå ut av komfortsona for å komme i kontakt med folk. Noko som var utfordrande, men også veldig kjekt å bli kjend med mange ulike typar personar.

Hva skrev du om i bacheloroppgaven? Hvorfor valgte du dette temaet?
Eg skreiv om det antropologiske perspektivet på kvifor menneskjer vel å ta sitt eige liv. Etter å ha hatt litt om det på SANT104 syntest eg det var interessant at vi hadde dette som tema på antropologi. Det vart skrive om frå ein annan vinkel enn det ein brukar å høyre om, og det gjorde til at eg ville finne ut meir om korleis ein kunne sjå på det frå eit antropologisk perspektiv.

Hva skriver du masteroppgaven din om? Hvorfor valgte du dette temaet?
På master skriv eg om Brexit. Tre månedar etter at britane melde seg ut av EU skulle eg velje masteroppgåve, og eg syntest det virka veldig spennande å sjå på noko som var så aktuelt. Eg vart nysgjerrig på kvifor dei valte dette og fekk lyst til å sette meg meir inn i det.

Eg var på feltarbeid i Wigan, ein by med 130.000 innbyggarar. Dei som stemde imot Brexit trur at landet blir meir isolert, og at dette er eit steg tilbake. Dei føle seg europeiske og synes at det er mange muligheta som kjem til å begrense seg for dei no når dei melder seg ut av EU. Dei er også i sjokk over all rasismen som er kome fram i Brexit-valet. Dei synes avisene har alt for mykje makt, og at det er for mange som lar seg påvirke av det dei høgre-retta avisene skrive. 

Informantane mine som har stemt for Brexit meina at EU legger for mange føringar og at regjeringa har mista kontrollen. Dei har ikkje tillit til EU som organisasjon og meina at EU ikkje er demokratisk. Desse informantane seier at dei har klart seg aleine før så derfor skal dei klare seg aleine igjen. I tillegg er innvandring eit stor problem for dei. Dei meina at det er altfor mange folk i landet sånn at helsekøene blir lengre, det blir vansklegare å finne seg jobb og bustad. Dei fleste av informantane mine angra ikkje på at dei stemde for Brexit, og seie dei håpar ting blir betre no når dei melde seg ut av EU.

Hva er ditt beste minne fra studietiden på master så langt?
Det beste minne må vere fredagane på feltarbeid. Då jogga eg med informantane mine etterfulgt av en kaffe. Eg hadde aldri forestilt meg at eg skulle byrje å jogge ein gong i veka, men feltarbeid får deg til å gjere det mest utrulege. Her fekk eg også mange fine samtalar med mine informantar som var veldig åpne og inkluderande.

Hvorfor bør nye søkerer velge master i sosialantropologi?
Nye søkjarar bør velge master i sosialantropologi fordi det er etter tre år på bachelor veldig kjekt å endeleg kunne få velje si eiga oppgåve å jobbe med. I tillegg er det svært lærerikt, og ein får endå meir kunnskap om kva antropologi er.

Har du tips til ferske masterstudenter?
Vel ei masteroppgåve som du føler er spennande. I tillegg er det lurt å jobbe godt med prosjektskissa. Prosjektet endrar seg for mange når ein er på feltarbeid, men det kan likevel vere greit å sjå på prosjektskissa i starten av feltarbeidet. Den hjalp ialfall meg når eg var litt usikker på korleis eg skulle gå fram i starten.

Har du vært på utveksling? Hvordan var det?
Eg var på utveksling på James Cook University i Australia. Det var veldig kjekt å sjå korleis Universitetssystemet fungerte der. Eg vart betre i engelsk og lærte mykje om den australsk kultur og historie sidan dei fleste eg var saman med var i frå Australia.

Hva tenker du å gjøre etter mastergraden din?
Etter mastergrada er eg foreløbig litt usikker på kva eg vil gjere. Anten vil eg ta PPU så eg har moglegheit til å undervise, eller så vil eg søkje ein jobb der eg kan arbeide med immigrantar.