Home
Student Pages
bilateral

Waseda University and University of Bergen (BILATERAL)

  • CountryJapan
  • TownTokyo
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Waseda University er eit tradisjonsrikt universitet som blei grunnlagt allereie i 1882. Det starta som eit college under det gamle systemet for høgare utdanning i Japan, men har i dag utvikla seg til å bli eit fullverdig universitet som også inkluderer ein teknisk høgskule. Universitetet ligg i Tokyo og har i dag rundt 47 000 studentar. Waseda University har ein lang tradisjon for internasjonal utveksling og er det private universitetet som tar opp flest internasjonale studentar. Universitetet har fire universitetsområde, derav tre som ligg i gangavstand frå kvarandre i Shinjuku Ward innanfor metropolen Tokyo.

Tokyo er hovudstad i Japan og har meir enn 13 millionar innbyggarar. Det er ein fasinerande by som imponerer med sin tradisjonelle kultur og lidenskap for alt som er nytt.

Accommodation

Universitetet har studentbustader det går an å søke på. Utvekslingsstudentar får vanlegvis tilbod om studentbustad gjennom universitetet.

Semester duration

Semesterinndelinga følger det japanske studieåret. Studieåret startar i april, og vårsemesteret går frå april til august, medan haustsemesteret går frå september til februar.

Grøn campus
Photo:
© Waseda University

Information