Home
The Teacher Education Centre

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Styringsgruppa for lektorutdanninga

Styringsgruppa for lektorutdanninga har eit overordna ansvar for lektorutdanninga ved UiB.

Main content

Styringsgruppa skal blant anna fatte vedtak i saker av prinsippiell relevans for lektorprogramma, lokal kompetanseutvikling i grunnopplæringa og for etter- og vidareutdannings-tiltak retta mot skuleverket.

Mandat

Styringsgruppa skal:

  • Fatte vedtak i saker av prinsipiell relevans for lektorprogramma (inkl. Dekomp) etter at programstyret har gitt si innstilling.
  • Gi føringar for lektorsenteret, programleiing og felles programstyre slik at overordna mål for lektorutdanninga ved UiB vert nådd.
  • Vedta budsjett for aktivitetar organisert av lektorsenteret.
  • Vedta prinsipper for ressursfordeling i lektorutdanninga og sikre ein transparent økonomi.
  • Gi innstilling til Universitetsstyret om endringar i dimensjonering og fordeling av studieplassar, etter at fakulteta har gitt sine innstillingar.

Samansetning

  • Prorektor (leiar styringsgruppa).
  • Utdanningsdekanane ved Det humanistiske fakultet, Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet, Det samfunnsvitskapelege fakultet, Det psykologiske fakultet og Fakultet for kunst, musikk og design.
  • To studentrepresentantar m/vara. Eitt medlem/vara blir valt av studentparlamentet på konstituerande møte, og eitt medlem/vara blir velt av FIL sitt allmøte om hausten.
  • To representantar frå skuleeigar; Vestland fylkeskommune og ein samarbeidande kommune.
  • Leiar for lektorsenteret er sekretær.

Representantar

  • Pinar Heggernes, prorektor.
  • Svein Ivar Angell, visedekan for utdanning ved Det humanistiske fakultet
  • Yael Harlap, visedekan for utdanning ved Det psykologiske fakultet
  • Sigrunn Eliassen, visedekan for utdanninge ved Det matematisk-naturvitenskaplege fakultet
  • Kristine Jørgensen, visedekan for utdanninge ved Det samfunnsvitskaplege fakultet
  • Åsil Bøthun, prodekan med ansvar for utdanninge ved fakultet for Kunst, Musikk og Design (observatør)
  • , studentrepresentant (oppnemnd frå studentparlamentet)
  • Katrine Aske, studentrepresentant (FIL)
  • Bjørn Lyngedal, fylkesdirektør opplæring og kompetanse hos Vestland fylkeskommune
  • Per F. Songstad, områdeleiar Bergen Kommune
  • Endre Brunstad, fagleg leiar av lektorsenteret

Sakslister og protokoller