Home
UiB Ambassador

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
utveksling

Praksis som utveksling

- Etter eitt semester på utveksling i Brussel valde eg å søke praktikantplass hjå NHO sitt kontor i same by, og utanlandsopphaldet mitt vart til mi store glede lenger enn fyrst venta.

Bjørne Østrem Djukastein
Photo:
Bjørne Østrem Djukastein

Main content

Hvorfor tok du praksis i utlandet?

Som sampol-student har ein gjennom studieløpet mange moglegheiter for å utfordre seg andre stader enn i førelesingssalen, og ein av desse er å vere studentpraktikant anten i Bergen eller utanbys. Etter eitt semester på utveksling i Brussel valde eg å søke praktikantplass hjå NHO sitt kontor i same by, og utanlandsopphaldet mitt vart til mi store glede lenger enn fyrst venta.

NHO Brussel er til stades i EU-hovudstaden for å ivareta over 25 000 norske verksemder sine interesser opp mot EU-institusjonane og andre aktørar. Som Noreg sin største arbeidsgjevarforeining er dette arbeidet viktig med tanke på at svært mykje EU-lovgjeving også vil verte gjeldande for norske forbrukarar, verksemder og studentar. Kontoret har to faste tilsette, og to studentpraktikantar kvart semester. Ettersom det er eit lite kontor vart me raskt inkluderte i arbeidet på svært mange område, noko som gjorde at eg følte meg inkludert og som ein del av kontoret.

Hvordan var overgangen frå studier i Brussel til praksis i Brussel?

Det å jobbe på eit kontor er annleis enn studentkvardagen på fleire måtar. Arbeidstempoet er heilt klart høgare, og så må ein setje seg inn i svært mykje materiale på kort tid. Praksisen skilte seg frå studiene ved at dette var i eit veldig norsk og skandinavisk miljø. I tillegg til alle unge nordmenn og skandinavar ein kan knytte vennskap og kontakt med, er det veldig inspirerande å møte så mange EU-interesserte medstudentar frå resten av Europa og verda.

Hvilke oppgaver hadde du?

Som studentpraktikant var mine arbeidsoppgåver svært varierte. I tillegg til å utføre administrativt arbeid, fekk eg også representere NHO Brussel på møter, konferansar og andre arrangement. Dette var ofte ukjend farvatn, men ein lærer mykje av å bli kasta ut i det når ein vert støtta opp av kollegaer. I tillegg er lærer ein utruleg mykje om det menneskelege aspektet ved arbeidet som organisasjonar utfører i EU-hovudstaden. Dette er kanskje nokre av kunnskapane det er vanskelegast å tileigne seg på ein lesesal.

Hvilke erfaringer gjorde du deg?

Utover dette er praksis noko ein som person kan vekse mykje av. Det å takle språklege utfordringar, finne seg til rette i ein ny by, eller berre det å vere vekke frå noko som alltid har vore trygt og godt, er problemstillingar ein lærer seg å løyse og takle. Av dei mange norske praktikantane i same by, reiste alle heim med utruleg mykje ny kunnskap og erfaringar som heilt klart vil kome til nytte seinare i våre studier og seinare i arbeidslivet. Mitt praksissemester er heilt klart noko eg ville sjå tilbake på som ein av dei beste avgjerdene i mitt studieløp.

Vil du anbefale andre å ta praksis og utveksling i utlandet?

Eg vil heilt klart tilrå alle som har moglegheit til å søke om å gjere det! Ta gjerne kontakt med meg om du har spørsmål om mi Erasmus-utveksling eller opphald som studentpraktikant. Kvifor ikkje søke både utveksling og praksis når ein fyrst har sjansen?