Home
Faculty of Mathematics and Natural Sciences

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Her er våre nye framifrå undervisarar

Christian Jørgensen (UiB) og Pernille Bronken Eidesen (UNIS) får status som framifrå undervisarar.

Christian Jørgensen og Pernille Bronken Eidesen får status som "Framifrå undervisarar" og vert med i Pedagogisk Akademi.
TO NYE FRAMIFRÅ UNDERVISARAR: Christian Jørgensen og Pernille Bronken Eidesen får status som "Framifrå undervisarar" og vert med i Pedagogisk Akademi.
Photo:
Jens H. Ådnanes, UiB

Main content

– Først og fremst er det fint å verta anerkjent av pedagogiske miljø, og at folk som er mykje flinkare enn meg har tru på tankane eg har om undervising og utviklinga eg held på med. Dernest skulle eg ønskja tittelen var usynleg: eg er redd det følgjer med ekstra krav til at undervisinga skal vera morosam og spektakulær, medan det ofte er ganske keisame ting som har god effekt på læring, seier Christian Jørgensen.

Han er professor ved Institutt for biovitskap, og ein av dei to nye undervisarane som no får status som Framifrå undervisarar.

Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet ved Universitetet i Bergen oppretta i 2017 ein meritteringsordning for undervising. Undervisarane som vert utvalde får kompetansegraden Framifrå undervisar, og vert ein del av Pedagogisk Akademi ved fakultetet. (Sjå faktaboks for meir om ordninga.) Sidan 2018 har fakultetet samarbeidd med Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) om meritteringsordninga.

Rektor Dag Rune Olsen gratulerer Christian Jørgensen
Photo:
Jens H. Ådnanes, UiB

­– Eit kollegialt ansvar

Jørgensen får selskap av Pernille Bronken Eidesen. Ho er førsteamanuensis i arktisk biologi ved UNIS, og er også tilknytt bioCEED. Ho ser på det som ei stor ære å verta framifrå undervisar, og fortel at ho kjenner på eit kollegialt ansvar.  

– Eg har hatt gode kollegaer – og studentar – som har vist veg og vore sparringspartnerar for ulike idear. Det ligg i kriteria at ein skal ha ein kollegial haldning og praksis, og det kravet kjem eg nok til å ta endå meir seriøst enn tidlegare, seier ho.

Søkjarane som vil verta framifrå undervisarar vert vurderte av ein komité. I søknaden må undervisarane dokumentera og skildra si eiga tilnærming mot fire hovudpunkt (sjå faktaboks).

Rektor Dag Rune Olsen gratulerer Pernille Bronken Eidesen
Photo:
Jens H. Ådnanes, UiB

Fokuserer på studentane si læring

I 2015 fekk Jørgensen UiB sin Læringsmiljøpris, der studentane sjølve nominerer undervisarane dei synst er dei beste. Han har også fått pris av Olav Thon Stiftelsen for framifrå undervisning. Trass i ros frå både studentar og komiteen fortel han at han ikkje alltid trivst med å undervisa.

– Eg er introvert og vert nervøs, og er heilt utsliten etterpå.

Trass i dette seier han at han fokuserer på resultatet: studentane si læring.

– Eg rekna meg fort fram til at om eg gir dårlig undervising til 100 studentar på ei førelesing så kastar eg bort 200 arbeidstimer for dei. Om eg i staden gir undervising dei lærer raskt av kan eg kanskje hjelpa dei spara 2 timer elles den veka også. Til saman kan min arbeidsinnsats i ei totimars undervisingsøkt tilsvara 10 arbeidsveker for ressurssterk ungdom i deira mest produktive alder.

Det er ei utfordring han tar på alvor.

– Det finst heldigvis ei mengd litteratur om pedagogikk med målbar effekt. Eg prøver å tenkja nøye gjennom kva eg gjer og kvifor, og ser alltid etter nye måtar å gjera det tydeligare for studentane kva dei skal forstå eller få til. Saman med tydeleg tilbakemelding på prestasjonane håpar eg at kvar student skal ha eit godt utgangspunkt å læra.

Skapar glede gjennom læring

Bronken Eidesen vil gi studentane sine aha-opplevingar, sjå samanhengar og oppleva gleda ved å verkeleg forstå noko.

– Eg fungerer best i samhandling med studentane. Eg er til dømes ikkje spesielt god til å førelesa, men er meir oppteken av legga til rette for læringsprosessar, der studentane sjølv stiller spørsmål og oppdagar samanhengar. Eg er nok meir oppteken av forståing enn av detaljkunnskap, fortel ho.

I likskap med Jørgensen har også ho fått støtte av Olav Thon Stiftelsen, til eit utviklingsprosjekt om studentaktiv undervising i felt.

Deltar i Pedagogisk akademi

Dei framifrå undervisarane vert ein del av Pedagogisk Akademi. Formålet er å heva utdanningskvaliteten på fakultetet gjennom ein kollegial og samarbeidsorientert undervisingskultur. I samarbeid med fakultetet forvaltar dei midlar til pedagogisk utviklingsaktivitet.

– Eg ser fram til å kunne diskutera på tvers av fagretningar. Eg håpar jo at det vil inspirera til vidare arbeid for god undervising, og at vi saman kan få fleire til å sjå fordelane av å jobba med undervisning på same måte som vi jobbar med forsking, seier Bronken Eidesen.

Jørgensen håpar at Pedagogisk Akademi vil gjera det lettare å få gehør hos dei mange som tar avgjerder som har konsekvensar for klasseromspedagogikk i UH-sektoren.

– Eg er oppteken av institusjonelle reglar og rutinar som står i vegen for effektiv læring, og har for tida eit fokus på tydinga av karakterar og klagereglement for læring og ressursbruk.

Han fortel at han alt har eit godt nettverk til entusiastiske kollegaer ved UiB som jobbar for god undervising.

– Det er ofte lettare å få til endring om ein pratar med dei rette menneska i administrasjonen eller byråkratiet, men dei er ofte vanskelige å identifisera og koma i kontakt med, spesielt utanfor eigen institusjon. Forhåpentlegvis vil Pedagogisk Akademi vera ein stad å diskutera idear for å sortera kva ein bør gå vidare med, og samtidig vera ein døropnar for å koma i kontakt med rett person også utanfor UiB, seier undervisaren.