Home
News

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Innovasjon

Skal oppdrette hummar frå Australia i Noreg

Korleis kan australsk hummar bli ein berekraftig eksport frå Norge? Fem studentar fekk ein prisvinnande idé.

Red Claw, hummer, ferskvannskreps, bærekraft
NY NORSK OPPDRETT: Selskapet Pure Lobster satsar på oppdrett av ferskvatnskrepsen Red Claw på norsk jord. Dette er ein av dei første eksemplara studentane i selskapet har oppdretta, og har fått namnet Josefine.
Photo:
Dag Hellesund, VIS

Main content

Ein haustdag i 2018 sat biologistudent Aslak Heining og las i ei bok om krepsdyr på biblioteket på Realfagbygget. 

– Der kom eg over den australske ferskvannshummeren Cherax quadricarinatus, også kalla «Red Claw». Arten hadde tydelig ein enklare livssyklus enn dei andre krepsdyra, seier Heining.

To år seinare har idéen vakse seg større. Saman med fire andre studentar har den australske hummaren blitt noko større. Dei fem gründerane skal ale opp hummarar på land. Idéen som starta på Realfagsbiblioteket er kåra til Vestlandets beste idé av VIS – Vestlandets innovasjonsselskap

Prisen for den beste idéen er 500.000 kroner. 40 ande gode idear var med i konkurransen.

Innovative studentar

– Dette er ein gjeng med studentar som har ein svært innovativ ide på eit nytt område. Dei har alt vist at dei har stor gjennomføringskraft, og omfattande kompetanse på feltet, seier Hilde Indresøvde i VIS – Vestlandets innovasjonsselskap i ei pressemelding frå innovasjonsselskapet. Ho har mange års erfaring med å hjelpe oppstartsselskap med å lukkast.

No har dei fem studentane danna selskapet Pure Lobster. Dei skal drette opp ferksvatnshummaren i lukka anlegg på land. Gründerane meiner den eignar seg perfekt til formålet. Den vert raskt kjønnsmoden, den veks raskare og den har ikkje kannibalistiske trekk. 

– Det mest spesielle ved arten er at han er altetande. Med desse svært gunstige biologiske eigenskapane trur vi at vi kan drive lønnsom, landbasert oppdrett i Norge og ta i bruk revolusjonerande, berekraftige fôrressursar, seier Heining, som no er dagleg leiar i Pure Lobster. 

Pure Lobster vil starte oppdrett av australsk ferskvannskreps, som egner seg særlig godt for bærekraftig produksjon. Foran fra venstre Sandra Løfsnæs, Jacob Bull, Nikolai Eide, Aslak Heining og Filip Hellmann. Foto: Stina Aadland Jensen - Utdanning i Berg

Pure Lobster skal starte oppdrett av australsk ferskvatnskreps, som eigner seg særlig godt for berekraftig produksjon. Framme frå venstre Sandra Løfsnæs, Jacob Bull, Nikolai Eide, Aslak Heining og Filip Hellmann.

Foto/ill.:
Stina Aadland Jensen - Utdanning i Bergen

Kunnskapsmessig Dream Team

Rettsvitskap-student Jacob Bull er også med i teamet, som er sett saman av fem studentar. 

Fire av dei er studentar på UiB  og går på sivilingeniørstudiet Havbruk og sjømat, biologi og altså rettsvitenskap. Den femte medlemmen tar siviløkonomistudiet ved NHH.

Bull fortel at det var eit klart mål å setja saman ei gruppe med studentar med uklike bakgrunnar. 

– Vi har delt oss inn i team biotech og team admin – biotech jobbea i detalj med arts- og oppdrettsmetoder, mens admin. tar seg av finansiering, det regulatoriske og markedsføring, seier han. 

Han seier at utdanninga frå UiB speler ei vesentleg rolle i både driften av selskapet og for pilotprosjektet. 

– Realistane på teamet har fått kunnskapane sine frå kjemi, biologi og havbruksteknologi. Desse kunnskapane treng me for å forstå arten og oppdrettspotensialet, seier Bull. 

Marknaden vil ha berekraft

Pure Lobster har trua på at prosjektet er verdt å satse på. Etterspurnaden etter «Red Claw» og sjømat generelt er alt stor og aukande i den internasjonale marknaden. Hummaren frå selskapet vil vere berekraftig produsert og ha lågt karbonavtrykk, og selskapet satsar på berekraftige løysingar i alle ledd. Det vil gi dei eit konkurransefortrinn, meiner dei. 

– Vi trur at alle dei som et sjømat vil stille strengare krav til berekraftig produksjon og eit lågt karbonavtrykk. Pure Lobster kan bli ein spanande og innovativ arbeidsplass i det framtidige oppdretts-Norge, seier Bull. 

Dei 500.000 kronene frå VIS og Sparbanken Vest gir Pure Lobster eit godt puff i rett retning, seier han. 

–No jobbar vi mot pilotprosjekt for 2021 der vi skal teste intensiv produksjon i eit lite RAS-anlegg med ulike fôrressursar.