Home
News

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
10 år etter 22. juli - terroren

– Framleis for svak terrorberedskap

– Terrorberedskapen har blitt styrka på fleire område, men det er også store svakheiter og spørsmålsteikn, ti år etter 22. juli- angrepa, seier Helge Renå. Forskaren som avslørte svikt i politiet sitt arbeid terrordagen, hevdar Noreg framleis ikkje er godt nok rusta.

terrorberedskap etter 22 juli
Ti år etter terrorangrepet mot Arbeiderpartiet i Regjeringskvartalet og på Utøya er det framleis store svakheiter i den norske terrorberedskapen. – Mykje har blitt betre dei siste ti åra, men det er framleis svake punkt, seier Helge Renå, forskaren som gjekk gjennom politiet sitt arbeid minutt for minutt under terroren.
Photo:
Trond Reidar Teigen / NTB

Main content

– Mykje har blitt betre dei siste ti åra, men det er framleis svake punkt i den norske terrorberedskapen.

Det seier forskar Helge Renå. Gjennom doktorgraden sin granska han kvifor politiet kom så seint fram til Utøya då terroren ramma, og kva som gjekk gale hos politiet. Til hausten gir han ut fagbok om krisehandtering der han ser nærare på kvifor det gjekk som det gjekk med politiet si handtering under terrorangrepa. 

Dei siste ti åra har Noreg innført ei rekkje endringar som skal styrke beredskapen dersom krisa rammar på nytt. Politiet har fått betre system, slik som digitalt naudnett, og nytt alarm- og varslingssystem. Spesialstyrkane har fått auka bemanning og politiet har fleire øvingar, dei lokale operasjonssentralane har auka kompetanse gjennom formalisert opplæring, og det er oppretta eit nasjonalt situasjonssenter som skal sikre samhandling på tvers av etatar og distrikt.

Må ha fleire folk på jobb

Renå framhevar at alt dette er bra og viktig, men han har likevel fleire viktige atterhald.

– Det er fint med styrking av tekniske system, men det handlar også om slike dyre og keisame ting som bemanning, seier han.

Renå viser for det første til opprettinga av situasjonssenteret for Politidirektoratet, som i praksis er ein nasjonal operasjonssentral som skal hjelpe politidistrikta ved lokale hendingar.

– Problemet er at det er svært lav bemanning. Ofte er det berre ein eller to personar på vakt. Det er dessutan uklart, formelt, kva operativ rolle dei skal ha opp mot politidistrikta og dei andre naudetatane. Også dei lokale operasjonssentralane er lågt bemanna. Stortinget sette minimumskrav etter 22. juli, men no er dette overlate til politimeistrane rundt om kring. Ein risikerer då at dei kuttar stillingar for å spare pengar. Eg stiller spørsmål ved om grunnbemanninga i dei lokale operasjonssentralane er tilstrekkeleg, og den nasjonale sentralen som skal koordinere det heile er underbemanna, seier han.

Den store raude knappen

Renå seier vidare at det ikkje er nok i seg sjølv å ha fleire øvingar, for ein må øve på det rette.

– Det er fint å øve meir, men det handlar også om korleis ein øver. I 2015 fekk naudetatane ein ny prosedyre som heiter PLIVO, som står for «pågåande, livstruande vald». Dette er den store raude knappen som løyser ut alle tilgjengelege ressursar ved alvorlege hendingar. Denne prosedyren er det jamt øvingar på, og det er bra. Problemet er at operasjonssentralane ikkje øver så mykje på å vurdere om det er PLIVO eller ikkje. Det kan verke som det sit langt inne å løyse ut ei PLIVO- melding.

I tidsrommet mellom 2015 og 2019 berre vart løyst ut ei einaste PLIVO-melding i Oslo politidistrikt.

– Var det verkeleg berre ein gong i løpet av desse fire åra at det var fare for liv og helse i hovudstaden? Det høyrest rart ut, seier Renå.

Renå sat i utvalet som evaluerte politiet og PST si handtering av terrorangrepet mot Al- Noor moskéen i Bærum i 2019. Han viser til at det aldri vart løyst ut PLIVO- melding under angrepet, sjølv om det vart meldt om ein mann med våpen i ein moské. 

– Eg har inntrykk frå operatørane som vi intervjua at det er vanskeleg å ta avgjerda om å løyse ut PLIVO. Korleis veit ein om ein skal trykke på den store raude knappen? Å vurdere dette må også øvast på, seier han.

Beredskap påverkar prioriteringane

Renå er samtidig oppteken av at det kan vere utilsikta, negative følgjer av å styrke terrorberedskapen.

– Kva vil nye beredskapstiltak koste, og burde ein heller bruke desse pengane på andre ting, slik som førebygging? Kanskje er det viktigare å bygge opp sosiale tenester slik at ein unngår at nokon vurderer å utføre terror i det heile?

Det er ikkje berre kostnaden med nye tiltak som kan vere problemet, men også sjølve tiltaket.

– Nye tiltak slik som krav til responstid er eigentleg bra, men korleis påverkar dette politiet sine daglege prioriteringar? Når ressursane er få, så er det ein fare for at ein let hendingar fare medan ein ventar på ei større hending som kanskje kjem. Og kva er følgjene for personvern eller fridom for rørsle når ein styrkar terrorberedskapen? Ein må analysere, vurdere og diskutere alle tiltak innan krisehandtering og beredskap i eit breiare historisk og samfunnsmessig perspektiv, seier Renå.