Home
Centre for Pharmacy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Omdefinering av legemiddel ved hjelp av nanopartiklar

PhD-student Edvin Tang Gundersen har, saman med prof. Lars Herfindal ved senter for farmasi, utvikla ein nanopartikkel som er lasta med klorpromazin.

Illustrasjonsbilde
Photo:
UiB

Main content

Klorpromazin er eit antipsykotikum, men har synt seg å også vera effektivt mot leukemi. For at den skal kunna brukast i behandling av leukemi, må ein forsikra seg at legemiddelet ikkje kryssar blod-hjerne-barriæra. Ved å innkapsla klorpromazin i polymeriske nanopartiklar, unngår ein at legemiddelet akkumulerer i hjernen og gjer biverknader i sentralnervesystemet. Samstundes vil legemiddelet opphalda seg i nanopartiklar i blodet og beinmargen der kreftcellene er.

Studiet syner at omdefinering av legemiddel frå ein sjukdom til ein annan kan verta lettare dersom ein nyttar dedikerte legemiddelbærarar slik som nanopartiklar.

Artikkelen vart nyleg publisert i International Journal of Pharmaceutics.  https://www.sciencedirect.com/science/article/pii/S0378517321011029?via%3Dihub