Home
POLYFON Knowledge Cluster for Music Therapy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
INFOSIDE

Deltaking i kunnskapsklynga Polyfon

Klyngedeltakarane i kunnskapsklynga Polyfon løftar musikkterapifeltet saman og blir sjølve løfta av ein fagleg fellesskap, både gjennom regionale samspel og nasjonale fellesfunksjonar som konferansar og støtte til utvikling, forsking og formidling.

Polyfons logo
Polyfons tre regionar byggjer samspel mellom akademia, tenester og brukarar/pårørande og drar samtidig nytte av dei nasjonale fellesfunksjonane som er etablert, med konferansar og støtte til utvikling, forsking og formidling. Eit årsmøte og ei styringsgruppe utgjer klyngas styrande organ, eit erfaringspanel og eit fagråd klyngas rådgjevande organ og arbeidsgrupper og eit sekretariat klyngas utøvande organ.
Photo:
UiB / Polyfon

Main content

Kven kan delta i klyngesamarbeidet?

Polyfon er eit frivillig samarbeid mellom sjølvstendige aktørar som ønskjer å bidra til og få hjelp til å utvikle musikk som ressurs for helse og samfunnsdeltaking. For detaljar om kriterium for klyngedeltaking, sjå vedlegg 2 av Polyfons klyngeavtale

Den mest vanlege forma for deltaking i Polyfon, er deltaking som enkeltdeltakar. For små og mellomstore aktørar i eit fylke der fylkeskommunen aktivt bidreg til samfunnsutvikling på musikkterapiområdet, er deltaking i undergrupper eit alternativ. Førebels er dette berre etablert i Vestland fylke, men modellen som er etablert kan takast i bruk i andre fylke.

    Klyngedeltakarane drar både nytte av eit regionalt samarbeid mellom akademia, tenester og brukarar/pårørande og av ei nasjonal samordning som gjev fagleg tyngde til samarbeidet. Dette er under utvikling i perioden 2026-2028, i prosjektet OPPTAKT.

    Ta gjerne kontakt om de har spørsmål eller ønskjer nærare informasjon.

    Kva er Polyfon?

    Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi stimulerer bruk og utvikling av kunnskap om musikk som helseressurs, gjennom eit samarbeid mellom akademia, tenester og brukarar.

    Klyngas arbeider dels med å implementere nasjonale føringar og retningslinjer, dels med samskaping med utgangspunkt i lokale behov identifiserte av brukarar, pårørande, praktikarar, forskarar eller leiarar. Samarbeidet er altså fleirstemd.

    Polyfon er koordinert av Griegakademiet (UiB) og open for klyngedeltakarar frå hele landet. 

    Kven er med i klyngesamarbeidet?

    Det er fire typar klyngedeltakarar:

    • Akademia (høgskular, universitet og forskingsinstitutt)
    • Spesialisthelseteneste (helseføretak og privat-ideell spesialisthelseteneste)
    • Kommunesektor (kommunar og fylkeskommunar)
    • Anna (t.d. statleg barne- og familievern, privat-ideelle aktørar og klyngas undergrupper

    Sjå oversikt over klyngedeltakarar og samarbeidspartnarar per i dag.

    Kvifor kunnskapsklynge?

    Ei kunnskapsklynge gir mogelegheiter for kunnskapsdeling og samarbeid om praksis-, kunnskaps- og kompetanseutvikling, og gir slik større fagleg tyngde og betre ressursutnytting.

    Alle klyngedeltakarane er autonome aktørar, så kunnskapsklyngas rolle er å samordne, støtte og stimulere arbeid med:

    • å formidle kunnskap
    • å byggje kunnskapsinformert praksis
    • å samskape ny kunnskap gjennom forsking og utviklingsarbeid
    • å byggje kunnskapsinformert kompetanse gjennom ulike former for utdanning.

    For oversikt over noko av aktiviteten, sjå: Korleis bruke klynga?

    Kvifor musikkterapi?

    Musikkterapi er eit forskingsinformert fagområde som kan gje nye mogelegheiter for individ og samfunn, m.a. fordi musikkterapi motiverer for medverknad, stimulerer ressursar og byggjer fellesskap. Det kan vere god samfunnsøkonomi å investere i musikkterapi, samtidig som det oppstår nye rom for tverrfagleg samarbeid og utvikling. 

    Du finn nyttig informasjon om musikkterapi på Polyfons nettsider, sjå t.d. klyngas:

    Kva inneber klyngedeltaking?

    Dei fleste klyngedeltakarane er enkeltdeltakar, og har då fulle rettar når det gjeld deltaking i styringsorgan og bruk av klyngas støtteordningar for forsking og formidling. 

    Med utgangspunkt i fylkeskommunar og andre offentlege instansar som kan ta ei samfunnsutviklarrolle innan kultur og helse, har Polyfon også utvikla eit konsept for undergrupper, med særleg vekt på kommunesektoren og praksisorientert samarbeid i eit avgrensa geografisk område. Førebels er Partssamarbeid Vestland den einaste undergruppa i Polyfon, men denne undergruppa arbeider godt for lik tilgang til musikkterapitenester, så vi vurderer gjerne etablering av undergrupper også i andre fylke.

    Frå og med 2026 arbeider Polyfon med å etablere regionale knutepunkt, som altså er noko anna og meir enn ei undergruppe. Eit knutepunkt omfattar eit systematisk samarbeid mellom akademia, spesialisthelsetenestene, kommunesektoren og andre aktuelle aktørar i ein region. Dette skal bidra til regional fagutvikling ved å byggje på og styrke dei kompetansane og samarbeidsrelasjonane som kjenneteiknar den aktuelle regionen. Samtidig vert det lagt til rette for erfaringsdeling og samarbeid nasjonalt. Polyfon har nyleg fått ei stor fondstildeling for utvikling av regionale knutepunkt. Meir informasjon følgjer!

    Brukar- og pårørandemedverknad

    Brukar- og pårørandemedverknad er ein integrert del av samarbeidet i Polyfon og klynga har m.a. eit aktivt Erfaringspanel.

    Det finst etter kvart mykje informasjon om brukarerfaringar med musikkterapi. For eitt eksempel, sjå Verdas helseorganisasjon (WHO) sin video om musikkterapi, som fokuserer på Arve si historie:

    Arts and health stories: Arve

    Producer:
    WHO Regional Office for Europe