Fiamma Straneo vert æresdoktor ved UiB
Havforskaren Fiamma Straneo vert æresdoktor ved Universitetet i Bergen. Den banebrytande og verdsleiande oseanografen er føreslått av Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet.
Main content
Fiammetta (Fiamma) Straneo (1968) er ein av verdas leiande ekspertar på klima i Arktis, særskilt knytt til Golfstrømmens forlenging mot nord.
"Hun har vært en pioner i å vise hvordan dette varme vannet, via omveier, også bidrar til å smelte Grønlands isbremmer fra undersiden", heiter det i grunngjevinga for at Straneo vert æresdoktor ved Universitetet i Bergen (UiB).
Samarbeidspartner og inspirator
Straneo er professor i hav og klima, og nestleiar for Polar Center ved Scripps Institution of Oceanography, University of California San Diego.
Ho vert skildra som ein sentral samarbeidspartner og inspirator for både studentar og forskarar ved Bjerknessenteret for klimaforskning over to tiår.
Æresdoktorgrader er den høgste æra universitetet kan gi ein person som ikkje er tilsett ved UiB. Straneo er ein av åtte forskarar som vil bli kreert til æresdoktorar under ein seremoni i Universitetsaulaen 2. juni.
Straneo er opprinneleg frå Italia, der ho tok mastergraden ved Univeristetet i Milano, for deretter å ta doktorgrad ved University of Washington (PhD 1999) og deretter post.doc ved Woods Hole Oceanographic Institution. Der bygde ho opp si eiga forskingsgruppe, for så å bli leiar av Scripps Polar Center ved Scripps Institution of Oceanography og professor ved University of California San Diego.
Forkjempar for kjønnsbalanse og mangfald
Ho vert skildra som ein føregangsperson.
"Straneo har vært og er en forkjemper for kjønnsbalanse og mangfold innenfor akademia, blant annet med lederskap i nettverket Mentoring Physical Oceanography Women to Increase Retention, og som en foregangsperson for inkluderende forskningssamarbeid på tvers av nasjonaliteter og fagfelt. Hun er co-chair av The Climate and Cryosphere Program (CliC) og en av forfatterne som bidro til FNs klimapanels sjette hovedrapport."
Nære band til bergensk klimaforsking
Havforskaren er tett knytt til klimaforskinga i Bergen, med fleire opphald i byen bak seg og medlemskap i Bjerknessenterets Scientific Advisory Council i to år. Ho har også ei professor II-stilling på Geofysisk institutt, der ho bidreg til undervisinga ved instituttet.
Straneo si forsking er er publisert i anerkjente tidsskrift som Nature og Science, og har også nådd breitt ut gjennom artiklar i New York Times og the Guardian.
"Straneo er en svært dyktig underviser og en fantastisk formidler. Hennes forskning, og ikke minst omfattende feltbaserte virksomhet, er bygget opp rundt samarbeidet med internasjonale kolleger – med Straneo i ledende og uegennyttige roller. Hun har en unik evne til å møte både studenter og kolleger til dialog med en kombinasjon av åpenhet, dyp kunnskap og oppfordring til kritisk refleksjon som inspirerer og gir oss alle noe å strekke oss etter," vert det skrive i nominasjonen av Straneo.
- Gjesteforelesning 3.6 11-13 på VilVite: "An oceanographer's journey to the edge of the Greenland Ice Sheet through collaborative, inclusive, interdisciplinary science”