Home
News

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyhet

Over 80 000 feira Landslova i Vestland – utstilling sette publikumsrekord

Landslovjubileet i Vestland si hovudsatsing, den prislønte utstillinga «Magnus Lagabøtes landslov 750 år» på Bryggens Museum sette publikumsrekord med over 55 000 besøkande. I tillegg var Vestland det fylket med flest arrangement i landet.

Foto frå utstillinga "Magnus Lagabøtes landslov 750 år"
Foto frå utstillinga "Magnus Lagabøtes landslov 750 år"
Photo:
Bymuseet i Bergen

Main content

I fylket der Landslova vart skriven har engasjementet både blant arrangørar og publikum vore desidert høgast. Gjennom over 100 arrangement – frå forskarkonferansar og mellomalderfestivalar til barneprogram og bibliotekturnear – har jubileet nådd eit breitt publikum, med eit samla besøkstal på kring 85 000. 

– Vi har lagt bak oss eit fantastisk jubileumsår i Vestland som har gitt verdfulle minne for livet. Eg er både stolt og begeistra over alle dei små og store arrangementa som vart gjennomført over heile fylket. Tusen takk for innsatsen,- no veit mange fleire enn før kven Magnus Lagabøte var, og kva viktig rolle han spelte for utviklinga av Noreg. Lova vart skriven i Bergen, og jubileet har vore eit spennande utgangspunkt for å sette søkjelys på vår tids utfordringar for demokratibygging, medborgarskap og inkludering i eit fleirkulturelt samfunn.

Det seier Jon Askeland, fylkesordførar og leiar for jubileumskomiteen for landslovjubileet i Vestland.

Jubeltal for utstilling

Startskotet for landslovjubileet i Vestland gjekk i januar 2024 då jubileumskomiteen presenterte programmet på historisk grunn i Håkonshallen, staden der lova var skriven. I mai opna kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery utstillinga «Magnus Lagabøtes landslov 750 år» på Bryggens Museum. Utstillinga stod ut påske og sette publikumsrekord med 55 600 besøkande. Jubileumsutstillinga er det største tiltaket i 750-årsfeiringa av Landslova i Vestland og Bergen, og er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen, Bymuseet i Bergen og Vestland fylkeskommune. På tampen av fjoråret hausta utstillinga nasjonal merksemd då ho vart kåra til «Årets utstilling» av kulturmagasinet Subjekt.

– Det er fantastisk at utstillinga sette publikumsrekord, og det viser kva vi kan få til saman. Ho har fått ei strålande mottaking med eit overveldande tal positive tilbakemeldingar frå både publikum og fagmiljø, seier Bjørgvin Thorsteinsson, direktør ved Bymuseet i Bergen.

– Vi har lagt bak oss eit jubileumsår der vi feira Landslova sine 750 år, med refleksjonar om mellomalderen, lova si betyding, og om bruken, historia og aktualisering av lova. Eg trur vi også fekk ei breiare forståing av kva slags betyding Magnus Lagabøte hadde for si tid, både her lokalt, men også for Noreg og Europa. Sjølv vil eg trekke fram utstillinga på Bryggens museum, samarbeidet mellom UiB og Bymuseet i Bergen, som eit høgdepunkt frå jubileumsåret, seier rektor Margareth Hagen ved Universitetet i Bergen.

Heile fylket feira

Med over 100 arrangement i heile Vestland fylke er det samla besøkstalet for landslovjubileet i Vestland på 85 000.

Det gleder Anna Elisa Tryti, prosjektdirektør for landslovjubileet i Vestland.

– Her var både små og store arrangement i heile Vestland, frå den prisløna utstillinga til to store internasjonale forskarkonferansar til mellomalderfestival og teatervandring som skapte liv i by og gater. Rettssaker frå mellomalderen vart diskutert på Agatunet i Hardanger og Finnesloftet på Voss. Viktige lendmenn som Audun Hugleiksson frå Jølster, Gaut Jonsson til Mel og Gulatingsmannen Sigurd Brynjulfsson frå Aga vart markerte. Bibliotek og kyrkjer vart fylt av born og eldre, og litteraturbåten Epos med sin Lagabøte-turnè la til kai 13 stader, i blant anna Kinn, Gloppen, Ullensvang og Austrheim. Dette er berre noko av det som har ført til deltaking frå 85 000, og seier noko om krafta historia kan ha. Refleksjon over dei lange linene er også eit godt grunnlag for refleksjon og diskusjon om samfunnsutfordingane vi er midt oppe i, seier Tryti.

Verdifullt samarbeid

Komiteen for landslovjubileet i Vestland har bestått av representantar for Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, UiB, Høgskulen på Vestlandet , Bjørgvin bispedøme, Bymuseet i Bergen, Moster 2024 og Statsforvaltaren i Vestland.

– Den aller største verdien av Magnus Lagabøtejubileet er samarbeid. Samarbeid mellom alle som har vore med i produksjon og formidling av kunnskap, med stor deltaking på tvers av fag og disiplinar. Innsatsviljen og gleda har vore stor, og det har vore levert på høgt nivå og med stor spreiing, både genremessig og geografisk i Vestland, seier Tryti.

Moster 2024 og UiB med forskarkonferansar

Dei to internasjonale forskingskonferansane som stod på programmet til landslovjubileet i Vestland heldt høgt nivå. Moster 2024 hadde ansvar for konferansen om den første kristenretten, "Crossroads of religion and Law in the Conversion of Norway" og UiB arrangerte "The Landslov of 1274 – Multiple Perspectives", om Magnus Lagabøte og den første landsdekkande lova i 1274.

– Her la internasjonale og heimlege forskarar fram ny kunnskap om lovverk og retts- og samfunnsutvikling over 300 år. Det kjem vitskaplege publikasjonar frå begge. Med historiske jubileum vert dei historiske samanhengane ofte i meste laget forenkla, det er svært viktig å ha forsking i botn for formidling og refleksjon, særleg når det vert aktualisert til vår eiga tid, seier Tryti.

Dei viktige samtalane

I noverande domkyrkje, som på Landslova si tid var fransiskanarane si Olavskyrkje, inviterte biskopen til verdisamtalar om fire sentrale tema frå bibelen som også kan knytast til Landslova. I møte med gjester har biskopen sett på kvar av «Guds fire døtre», rettferd, sanning, miskunn og fred og invitert til gode samtalar i kyrkja gjennom året. Over 1000 personar fekk med seg verdisamtalane i domkyrkja.

Desse verdiane og omgrep som makt, likeverd og demokrati var også grunnlaget for samtalar med ungdom på nøkkelstadar langs kystpilegrimsleia på ein «verdiseglas» i fire etappar frå Egersund til Trondheim, med ein avstikkar til Bodø. Kyrkjekultur Vest AS arrangerte seglasen i samarbeid med bispedøma og dei regionale pilegrimssentra langs leia. Samtalane resulterte i tilrådingar for framtida, overleverte til Nasjonaljubileet Norge 1000 år og preses i Den norske kyrkja.

Les kva verdiar som er viktige for ungdom i dag 

– I jubileumsåret meiner eg vi har tileigna oss eit fornya frimod når det gjeld å tale om det som bind saman. Det er ei tid for det no, - å vere trygge på at det er noko som ligg som eit fundament i samfunnet vi lever i, trass i det som skil oss. Vi treng den tryggleiken som nasjon og som folk, men vi treng den også som einskildmenneske for å kunne manøvrere i eit landskap og i ei tid som på mange måtar er individualisert. Då kan vi også tore å vere frimodige i våre uttrykk, og ikkje minst frimodige i å setje ord på, fortolke og be inn til våre ulike samanhengar, seier biskop Ragnhild Jepsen. 

Bibliotek- og skulesatsing

Både fag- og folkebibliotek har fått midlar frå fylkeskommunen til å markere landslovjubileet. Det har vore fleire program retta spesielt mot yngre målgrupper. Litteraturbåten Epos reiste også rundt med program retta mot småtrinna. I alt har det vore 45  arrangement i folkebibliotek og fagbibliotek med 1705 deltakarar. Rundt 1000 av desse har vore barn. Høgskulen på Vestlandet har òg i samarbeid med Bymuseet i Bergen utvikla eit undervisningsopplegg om Landslova for grunnskulen. Alle skular i Vestland fylke har fått tilbod om gratis omvising i landslovutstillinga på Bryggens Museum, eit tilbod mange klassar har nytta seg av.

Bergen sentral i NRK si landslov-sending

Nær 800.000* var i løpet av kvelden innom NRK si sending «Landslova ord for ord» 24. august i fjor. Som einaste stad i Noreg har Bergen fleire kulturminne direkte knytt til Magnus Lagabøte og kongssetet hans. Håkonshallen var kongen sitt representasjonsbygg og Rosenkrantztårnet var bustaden til kong Magnus. I vår noverande domkyrkje, som den gongen var Olavskyrkja til fransiskanarane, fekk Magnus undervisning, og her vart han gravlagd.

Programmet via difor stor plass til Bergen by som fødestad for Landslova. Her vart det mellom anna innslag frå Holmen, med professor og mellomalderarkeolog Alt Tore Hommedal som fortalde om spora etter kong Magnus Lagabøte i Bergen, med Håkonshallen og Rosenkrantztårnet som sentrale punkt. Det var og innslag frå Domkyrkja, der blant andre fylkesordførar og fylkespolitikarar las frå Landslova.

Magnus Lagabøtes plass?

Til sist tek vi med at det i jubileumsåret endeleg kom opp gateskilt på Magnus Lagabøtes plass ved det juridiske fakultet på Dragefjellet.

– Eg håpar at alle som går forbi skiltet og legg merke til det, kan få ei større forståing av kva betydning Magnus Lagabøte hadde for si tid. Landslova var det første lovverket som gjaldt for heile landet, og eit av dei første av slaget sitt i Europa, uttalte UiB-rektor Margareth Hagen etter avdukinga.

Les meir om landslovjubileet i Vestland 

Til bilete til bruk for media

*tal frå NRK: 788.000 var innom på NRK1/NRK2 i løpet av heile sendinga på 750 minuttar.