Home
Forum for science and democracy

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Arrangement

Frå forskingsråd til krigsråd?

Så ope som mogleg – så lukka som nødvendig

Pokomslag og portretter av Lundin og Schwach
Photo:
NAP/NIFU(Chalmers

Main content

Skotta mellom sivil og militær forsking må brytast ned. Forskningsrådet vil frå 2026 opprette eit nytt portefølgjestyre (delvis sikkerheitsklarert) «for forsvarsevne, nasjonal sikkerheit og beredskap». Men all forsking kan vere relevant.

Er denne militariseringa av forskinga ny? Kva med samspelet mellom det sivile og militære under den kalde krigen (t.d. atomforskinga)? 

Med bakgrunn i boka Det dolda universitetet. Militær forsking i kalla krigets Sverige innleier Per Lundin frå Chalmers tekniske høgskole om kor viktig militærforskinga var, sjølv om den var skjult og lite omdiskutert. Kanskje har det militær-industrielle-akademiske kompleks eksistert i heile etterkrigstida?   

Innan EU (og Horizon-programmet) blir den militære satsinga også framheva, men ikkje utan protestar. The League of European Research Universities (LERU) hevdar dette skjer utan debatt og bryt med reglane for akademisk fridom. Og kva med "fredsforskinga"?

Vera Schwach, frå NIFU kommenterer Per Lundin sitt innlegg med bakgrunn i pågåande forsking om sivile/militære relasjonar i Noreg.

Ordstyrar: Tor Halvorsen, UiB