Home
Department of Foreign Languages

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Retningsliner og mandat for programstyra ved IF

Main content

Vedtekne av instituttrådet 22. oktober 2025

Retningslinene utfyller «Rammer for sammensetning og mandat for programstyrer ved HF», vedtekne av studiestyret ved fakultetet 9. mars 2017.

1. Mandat og oppgåver

1. Mandat og oppgåver

Kvart fag ved Institutt for framandspråk har sitt eige programstyre (arabisk, engelsk, fransk, italiensk, japansk, kinesisk, russisk, spansk språk og latinamerikastudium, tysk). I tillegg til desse fag-programstyra har instituttet eit eige Programstyre for lærarutdanningane ved Institutt for framandspråk.

Programstyra har følgjande oppgåver:

  • vedta og endra studie- og emneplanar på faget
  • utvikla og revidera undervisningstilbodet på faget
  • koma med framlegg om ekstern fagfelle som skal vurdera faget, og følgja opp rapportane frå den eksterne fagfellen
  • koma med framlegg til eksamenssensorar på faget
  • sjå til at undervisninga ved faget blir evaluert og kvalitetssikra i tråd med gjeldande retningsliner ved UiB
  • ta initiativ til utvekslingsavtalar og leggja til rette for studentmobilitet på faget
  • syta for god informasjonsflyt til fagmiljø, institutt og studentar
  • sikra eit godt læringsmiljø for studentane
  • følgja opp andre studiesaker på faget

Programstyret for lærarutdanningane og emneplanar: Endringar i emneplanar som inngår i lærarutdanningane, skal leggjast fram til drøfting i programstyret for lærarutdanningane, men det er likevel det aktuelle fag-programstyret som vedtek endringar i emneplanane. Dette gjeld òg emneplanane for fagdidaktiske emne på eit fag. Dei einaste emneplanane som blir vedtekne av programstyret for lærarutdanningane, er emneplanane for tverrfaglege emne som inngår i lærarutdanningane. Same programstyre har òg ansvaret for oppfølging, evaluering og kvalitetssikring av desse tverrfaglege emna. UUI vedtek emneplanar for tverrfaglege emne som ikkje inngår i lærarutdanningane.

Programstyret for lærarutdanningane og studieplanar: Programstyret for lærarutdanningane vedtek studieplanane for lærarutdanningsprogram ved instituttet (inkl. lektorprogrammet, ulike evu-tilbod retta spesielt mot lærarar, o.a.). Programstyret har òg ansvaret for oppfølging, evaluering og kvalitetssikring av desse studieplanane.

2. Representasjon

Programstyret på eit fag består av alle fast tilsette i minst femti prosent stilling, og av studentrepresentantar. Studentrepresentantane vert utpeikte av instituttleiar, eventuelt kan denne oppgåva delegerast til fagkoordinator, og for eitt år om gongen, og studentane skal utgjera minst 20 prosent av styret.

Alle mellombels tilsette på faget (timelærarar, stipendiatar, sendelektorar, etc.) har møterett, men ikkje røysterett. Det same gjeld for fast tilsette i lågare stillingsprosent enn femti.

Programstyra for dei ulike faga ved instituttet er dermed sett saman slik (per hausten 2025):

  • Arabisk: 3 fast vitskapleg tilsette og 1 student
  • Engelsk: 15 fast vitskapleg tilsette og 4 studentar
  • Fransk: 4 fast vitskapleg tilsette og 1 student
  • Italiensk: 2 fast vitskapleg tilsette og 1 student
  • Japansk: 3 fast vitskapleg tilsette og 1 student
  • Kinesisk: 4 fast vitskapleg tilsette og 1 student
  • Russisk: 3 fast vitskapleg tilsette og 1 student
  • Spansk språk og latinamerikastudium: 6 fast vitskapleg tilsette og 2 studentar
  • Tysk: 4 fast vitskapleg tilsette og 1 student
  • Programstyret for lærarutdanningane: 11 fast vitskapleg tilsette (dvs. dei 7 fast tilsette fagdidaktikarane på engelsk, fransk, spansk og tysk pluss éin representant frå kvart av disiplinfaga engelsk, fransk, spansk og tysk). I tillegg har programstyret 3 studentrepresentantar. Instituttleiar peikar ut studentrepresentantar og representantar frå disiplinfaga.

3. Saksbehandling og møtepraksis

Møta i programstyra er opne.

Fagkoordinator er leiar for programstyret og kallar inn til og leier møta. Studiekonsulent for faget er sekretær (utan røysterett) og skriv referat. På programstyret for lærarutdanningane peikar instituttleiar ut ein av fagdidaktikarane som leiar, og administrasjonen stiller sekretær som skriv referat.

Innkallingane skal sendast ut minst tre dagar før møtet. Sakspapir kan ettersendast eller leggjast fram i møtet om nødvendig. Rutinane for saksbehandling, møteleiing, referat m.m. følgjer dei normalreglane som universitetsstyret har fastsett.

Eit møte er vedtaksført når meir enn halvparten av medlemane er til stades og røystar. Ved likt stemmetal, avgjer leiaren av programstyret med dobbeltrøyst.