Home
History

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Temaomtale HIS102

Oversikt over nyare historie frå 1750

Utsnitt av måleriet «The Signing of Peace in the Hall of Mirrors, Versailles, 28th June 1919» av den irske målaren William Orpen.
Utsnitt av måleriet «The Signing of Peace in the Hall of Mirrors, Versailles, 28th June 1919» av den irske målaren William Orpen.
Photo:
Imperial War Museum

Main content

Historisk kunnskap er ein føresetnad for å forstå menneske og samfunnet rundt oss. Emnet skal gje oversyn over dei viktigaste utviklingstrekka i norsk og internasjonal historie frå om lag 1750 og fram til i dag. Norsk og europeisk historie utgjer dei geografiske tyngdepunkta. Samstundes vert viktige prosessar og fenomen òg sette inn i globale referanserammer.

Emnet har tre tematiske tyngdepunkt.

  1. Det første, politiske endringar, dekkjer utviklinga frå demokratiseringa og framveksten av nasjonalisme ved inngangen til 1800-talet og fram til nyliberalismen og det nye verdsbiletet etter at austblokka fall i 1989.
     
  2. Det andre, økonomiske endringar, tek utgangspunkt i den nye økonomiske tidsrekninga som kom med industrialiseringa. Vi følgjer utviklinga fram til dagens globaliserte økonomi med store skilnader mellom fattige og rike land.
     
  3. Det tredje tyngdepunktet, sosiale endringar, vektlegg korleis menneskelege livsvilkår og sosial organisering har endra seg under påverknad frå økonomiske og politiske moderniseringsprosessar, til dømes industrialisering og auka politiske og sosiale rettar som leia til velferdssamfunnet vi ser i store delar av den vestlege verda i dag.

Desse tre tematiske tyngdepunkta er ikkje isolerte storleikar, men grip over i kvarandre. Viktige samfunnsprosessar kan dra i same eller motsett retning, og dei kan ha ulikt tempo, intensitet og nedslagsfelt. Til dømes ser ein klare samanhengar mellom taktskiftet i industrialiseringsprosessen og imperialismen. Viktige samfunnsprosessar kan som nemnd òg dra i motsett retning. Kva konsekvensar har til dømes nyliberalismen hatt for velferdsstaten?

Tematikkane emnet tek opp er komplekse og vidfamnande i både tid og rom. Samstundes tek emnet sikte på å vise korleis både forståinga og relevansen av historiske erfaringar heile tida er i endring. Historikaranes spørsmål og svar endrar seg over tid. Emnet gjev derfor òg eiga innføring i nettopp kva historie er og korleis historikarar arbeider.

Førelesingar

Førelesingsrekka er kronologisk oppbygd, lik at ein følgjer politisk, økonomisk og sosial utvikling frå om lag 1750 og fram til i dag. Førelesningane er først og fremst meint å vere ein arena for å stimulere fagleg refleksjon gjennom å problematisere dei sentrale tematikkane. For å konkretisere stoffet nærare kan førelesar gjerne vektlegge deler av utviklinga som han eller ho meiner er særleg sentral eller relevant, eller som kan framstå som døme på sentrale prosessar. Slik avgrensing i tematikken som forelesinga tar opp kan gje høve til å problematisere historiske problemstillingar og vise historiefaget sin eigenart og historikaren sine arbeidsmåtar på konkrete hendingar/prosessar. Førelesningane er altså ikkje meint å vere utfyllande gjennomgang av heile pensum. Det vert forventa at studentane arbeider sjølvstendig og les pensum sjølve. For å hjelpe studentane i dette arbeidet vert det utarbeidd både leselister og arbeidsspørsmål til kvar førelesing.