Jobbar for kvinners rettar
Ingrid Rosland, master i religionsvitenskap
Main content
Ingrid Rosland er prosjektleiar for eit av Raftostiftelsen sine oppfølgingsprosjekt, Kvinnenettverket.
Kvinnenettverket er initiert av tidlegare Raftopris-mottakarar, som Shirin Ebadi og Rebiya Kadeer, og jobbar for å fremje kvinner sine rettar i muslimske samfunn.
– Jobben min består av å leie Kvinnenettverket og gjennomføre ulike aktivitetar som årlege workshopar. Eg jobbar også med å oppretthalde eit stort nettverk med kvinner frå muslimske samfunn.
Nokre av arbeidsoppgåvene hennar går ut på å koordinere Kvinnenettverket sine aktivitetar, som å planlegge, koordinere og administrere årlege workshopar.
– Andre sentrale arbeidsoppgåver er å byggje nettverk, kartlegge moglege deltakarar og gjennomføre anbodsprosesser. Det er også viktig at eg held meg fagleg oppdatert, fortel ho.
Reiser med jobben
Jobben i Raftostiftelsen inneber ein del reising.
– Den siste store reisa gjekk til Amman, Jordan, kor vi gjennomførte ein workshop som blant anna inneheldt treningskurs for syriske kvinnelege aktivistar.
– Utdanninga eg har er veldig relevant for jobben min. Eg har ein master i The Religious Roots of Europe, ein bachelor i religionsvitskap med spesialisering i islam, og 90 studiepoeng i arabisk.
Som prosjektleiar for Kvinnenettverket må Ingrid halde seg fagleg oppdatert og ha god kunnskap om landskapet dei navigerer i.
– Språkkunnskapane mine er med på å legitimere mi rolle som prosjektleiar for eit nettverk kor mange av deltakarane er arabiskspråklege.