Hjem
Senter for farmasi
God sommar!

God sommar frå Senter for farmasi!

Vi takkar for vel gjennomført studieår og gler oss til å møte nye og eksisterande studentar til hausten!

Sommarblomar
Foto/ill.:
www.colourbox.com

Sidan vi spent tok i mot og blei kjent med eit heilt nytt kull farmasistudentar i august 2013 og fram til vi, med klump halsen, tok farvel med endå eit kull ferdigutdanna provisorfarmasøytar i juni 2014, har vi blant anna feira 10-års jubileum, kome oss ut i fleire sosiale medier, og vore med på kick-start av den nyoppretta forskarskulen i farmasi.

Studiestart hausten 2013 markerte at det var 10 år sidan Senter for farmasi tok opp det første kullet med farmasistudentar. Dette blei feira med jubileumsseminar og -fest 14. februar 2014. I tillegg blei det arrangert paneldebatt og studentseminar same veke. Sjølv om dette var den desidert største festen under året, hadde vi òg høve til å feire førsteamanuensis Lone Holst sin 50-års dag, samt heile 3 nye doktorgrader - avlagt av Sofia Frost Widnes, Irene Skaar og Adnan Budnjo. Medieoppslag var det òg fleire av, og vi fann det lurt å opprette vårt eige mediearkiv.

Vi deltok med både studentar og tilsette på Farmasidagane, og trass tåke på Flesland kom vi oss til slutt bort til Oslo for å vere med på den første fellessamlinga for den nyoppretta forskarskulen i farmasi. Vi er òg svært nøgde med å ha fått oss både Facebook-side, Twitter-konto, Flickr-album og Vimeo-konto!

Under året har vi òg fått to nye tilsette - professor Emmet Mc Cormack og førsteamanuensis Wei Wang. Vi er glade for at de begge vil vere med å videreutvikle farmasistudiet i Bergen. Samstundes ønskjer vi å takke Staffan Uhlén for dei åra han har vore ein del av farmasistudiet i Bergen. Vi ønskjer deg lukke til vidare!

Studentorganisasjonen Generica har gjennom året arrangert ulike seminar, filmvisning, karrieredag, hyttetur, julebord, skiweekend, debatt og vårfest.

Til slutt vil vi gratulere alle uteksaminerte provisorfarmasøytar og oppmode dei til melde seg inn i alumniportalen! God sommar