Nordisk Seismologi Seminar
Det 44. Nordiske Seismologi Seminar vart i år halde 16-18 september 2013, på Panorama konferansehotel i Sund kommune utanfor Bergen.
Hovedinnhold
Seminaret dekkjer eit vidt spekter av tema knytt til jordskjelvseismologi utført i dei nordiske landa og inkluderar
- Deteksjonsseismologi og CTBT (Comprehensive Nuclear-Test-Ban Treaty)
- Seismiske nettverk og instrument
- Metodar i dataanalyse
- Seismisk risikoanalyse og jordskjelvteknikk
- Studiar av jordas skorpe og øvre mantel
- Jordskjelv, vulkanar og seismotektonikk
Nordisk Seismologi Seminar vart oppretta for å betre samarbeidet mellom universitet og forskningsinstitusjonar i dei nordiske landa, men har dei siste åra og femna dei Baltiske statane, Storbritannia og andre interesserte. Dei 5 nordiske landa er etter tur vertar for seminaret og i år vart det arrangert av Jordskjelvstasjonen ved Institutt for Geovitenskap.
På seminaret i år deltok nærare 40 personar der dei tøffaste deltok på båttur i sterk vind. Dei fekk oppleva norsk kystlandskap, sjøsprøyt, mating av havørn og makrellfiske. Nokre fiska for fyrste gong og alle fekk servert eigenfiska makrell kokt ombord.