Hjem
Institutt for geografi
Mastergrad

Nye masterprosjekt godkjent

Andre veka i desember presenterer studentane som starta på mastergraden i geografi hausten 2013 sine masterprosjekt på Institutt for geografi.

Masterstudentar signerer rettleiaravtalar på Institutt for geografi. Frå venstre: Marianne Andresen Bolstad, Ingrid Austbø Lycke og Kathrine Tellebon.

Presentasjonane er avslutninga av GEO310 Skrivekurs og prosjektskisseemnet. Eit av måla med GEO310 er å få studenten tidleg i gang med masteroppgåva gjennom skrivetrening og praktisk innsikt i forskingsprosessen. I heile haust har dei nye masterstudentane jobba med å utvikla ei prosjektskilding av det som i mai 2015 skal bli ei ferdig masteroppgåve.

 

Denne veka har studentane presentert prosjektene sine for medstudentar og faglege opponentar i forskargruppene. Siste ledd i prosjektet med godkjendt masterprosjekt er signering av rettleiaravtalane.

 

I dag var det dei nye naturgeografane som hadde sine presentasjonar, her representert ved  Marianne Andresen Bolstad, Ingrid Austbø Lycke og Kathrine Tellebon. Dei er tre av 30 studentar som har har hatt sine presentasjonar denne veka.