Hjem
Institutt for geografi
PhD-kurs

PhD-kurs med fokus på kvalitativ metode

For andre gong arrangerer Institutt for geografi PhD-kurset «Production and Interpretation of Qualitative Data». Tor Halfdan Aase er ansvarleg for kurset, som i år har heile 22 deltakarar.

Deltakarar og foreraghaldarar på kurset
Kursansvarleg, professor Tor Halfdan Aase saman med stipendiat Aleksander Bern, stipendiat Ingrid Foss Ballo, førsteamanuensis Erik Fossåskaret, stipendiat Alexander S. Dodge og professor Giampietro Gobo.
Foto/ill.:
Anne-Kathrin Thomassen

Kurset er ein del av tilbodet til den NFR-finansierte forskarskolen i geografi, Norwegian Researcher School in Geography (NRSG), som vart oppretta i 2012. Deltakarane kjem frå ulike fagmilø ved UiB, UiO, NTNU, NBMU, UiT og Stockholms Universitet.

- Vi har hatt ei intensiv veke med gode foredrag og interessante faglege diskusjonar, seier kursansvarleg Tor Halfdan Aase etter at den første delen av kurset er gjennomført.

 

Fagleg interessant og relevant

Vi har snakka med tre av deltakarane på den første delen av kurset for å høyra korleis dei har erfart kurset så langt.

- Kurset har vore veldig spennande og interessant. Det var mange gode foredrag og interessante samtalar. Eg har fått flere ideer til  korleis metoden i mitt eige prosjekt kan gjerast meir solid, fortel Aleksander Bern, stipendiat ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, UiO. 

Alexander S. Dodge har nyleg starta på si PhD-utdanning ved NTNU og fortel at han har hatt mange idear som har vil ta tak i gjennom sitt PhD-prosjekt, men at det har vore litt vagt.

- Kurset har verkeleg hjelpt meg med å sette ideane mine i samanheng med pågåande diskusjonar innan disiplinen og har gitt meg eit godt utgangspunkt for å utvikla forskningdesignet. Samtidig har eg blitt presentert for sentrale utfordringar i kvalitativ metode når det gjeld skala, diskurs og materialisme, aspekt som eg vil ta med meg i mi forsking, seier Alexander S. Dodge.

Ingrid Foss Ballo er stipendiat ved Institutt for geografi ved UiB. Ho opplever kurset som fagleg interessant og relevant med innføring i eit breitt utval av metodologiske perspektiv og tilnærmingar.

- Det er også veldig positivt med ein slik møtearena der ein blir kjent med andre PhD-kandidatar. Det mest nyttige for meg var presentasjonane og diskusjonane rundt dei metodologiske tilnærmingane som eg sjølv har planlagt å ta i bruk i mitt PhD-prosjekt. Det gav meg nokre idear til vidareutvikling av eige prosjekt, seier Ingrid Foss Ballo.

 

Program i to samlingar

Frå fagmiljøa i nettverket har både UiB og UiO bidratt med postar på programmet. I tillegg har kursansvarleg fått inn tre eksterne bidragsytarar. Til saman deltar desse på programmet:

  • Arnt Fløysand, professor ved Institutt for geografi, UiB
  • Erik Fossåskaret, førsteamanuensis ved Institutt for medie-, kultur og samfunnsfag, Universitetet i Stavanger
  • Gianpietro Gobo, professor ved Dipartimento di Scienze Sociali e Politiche Facoltà di Scienze Politiche, Università degli Studi di Milano, Italia
  • Håvard Haarstad, forskar ved Institutt for geografi, UiB
  • Knut Bjørn Lindkvist, professor ved Institutt for geografi, UiB
  • Elin Sæter, postdoktor ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, UiO
  • Martin Hess, professor ved Department of Geography, School of Environment, Education and Development, University of Manchester UK
  • Anders Vassenden, seniorforsker ved International Research Institute Stavanger (IRIS)
  • Tor Halfdan Aase, professor ved Institutt for geografi, UiB

 

Kurset er delt i to delar: