Opptak til organisert forskarutdanning
Korleis bli ph.d.-kandidat ved Det humanistiske fakultet

Hovedinnhold
Dei fleste ph.d.-kandidater ved UiB er tilsett i stipendiatstillingar. Ved Det humanistiske fakultet foregår tilsetting i stipendiatstilling og opptak til ph.d.-utdanninga i ein og same prosess. Tilsette stipendiater ved Det humanistiske fakultet treng difor ikkje sende eigen søknad om opptak til ph.d.-programmet.
Andre, som for eksempel stipendiatar og tilsette i rekrutteringsstillingar ved andre institusjonar, må derimot søke fakultetet om opptak til ph.d.-programmet. For å bli tatt opp som ph.d.-kandidat ved Det humanistiske fakultet må ein oppfylle formelle krav til finansiering, kvalifikasjon og prosjektbeskrivelse.
Formelle krav til finansiering
Alle som ikkje er tilsett i stipendiatstilling ved Det humanistiske, som til dømes stipendiatar og tilsette i rekrutteringsstillingar ved andre institusjonar (også andre fakultet/avdelingar ved UiB) må ha sikra seg finaniering i forkant. Finansieringa må vere for heile forskarutdanningsløpet og dekke både levekostnadar og kostnadar knyttet til forskningsprosjektet.
Det er ikkje høve til å søke om opptak på grunnlag av eiga/privat finansiering.
Formelle krav til kvalifikasjon
Søkaren må som hovudregel ha ein femårig mastergrad,i tråd med krava i Nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR), 2. syklus. Søkaren si masteroppgåve må ha eit omfang på minimum 30 studiepoeng, og karakteren på masteroppgåva må som hovudregel vere B eller betre.
Formelle krav til prosjektbeskrivelse
Søknaden skal innehalde ein plan for prosjektet som omfattar
- ei tydleg presentasjon av det vitskaplege prosjektet som inneheld forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode, og etiske aspekt der det er relevant
- ein tidsplan for gjennomføring (inkl. opplæringsdelen), med milepælar og eventuelle utanlandsopphald
- ein finansieringsplan
Andre faktorar
Fakultetet vil som hovudregel praktisere residensplikt.
For fleire detaljar og krav til dokumentasjon sjå sjølve ph.d.-programmet.