Hjem
Det humanistiske fakultet
Ph.d.-utdanning

Rettleiing ved søknad om opptak til ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet

Ph.d.-stipendiatar med tilsetting ved Det humanistiske fakultet får automatisk opptak til ph.d.-programmet i samband med tilsetting, og treng ikkje levere særskilt søknad om opptak. Alle med anna finansiering må levere eigen søknad om opptak, og vil bli vurdert ut frå dei kriteria som er gitt i Forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Universitetet i Bergen og Ph.d.-programmet ved Det humanistiske falkultet.

Hovedinnhold

Sidan opptakskriteria er ulike for dei ulike ph.d.-programma, er det viktig at den som søker held seg til den rettleiinga som er utvikla for det spesifikke programmet.

Det første vi ber om er at potensielle søkarar tar kontakt med instituttet som forvaltar fagområdet for ditt ph.d.-prosjekt. Dette ber vi om får å kynne gi søkarane best mogleg hjelp i søknadsprosessen. Dersom du ikkje veit kva institutt som er aktuelt for deg må du ta kontakt med fakultetet. Kontaktinformasjon i faktaboks til høgre.

Søknaden krev ein del dokumentasjon, og søknadsprosessen krev at dokumentasjonen blir lasta opp i ei viss rekkefølge og før ein får gå vidare til neste side i søknadsskjemaet. Det vil difor vere ei føremon å samle inn den aktuelle dokumentasjonen før ein byrjar arbeidet med sjølve søknaddskjemaet.

Hugs å namngi filene etter innhald. Tillatne filtypar er pdf, jpg, txt, png og jpeg.

Tips: Du kan tillate deg å laste opp fiktive dokument undervegs, så lenge du hugsar å bytte dei ut før søknaden blir sendt inn. Mangelfulle søknadar kan bli avvisast på formelt grunnlag.

Lenke til søknadsskjema

Denne tenesta krev legitimering. Hugs å lagre undervegs og noter referansenummeret du får tildelt, slik at du kan gå ut av søknaden og ta opp att arbeidet når det passar. For at systemet skal kunne finne att ein søknad som er påbyrja må du passe på å bruke samme påloggingsmetode frå gong til gong.

Søknaden fordeler seg på 8 sider, i tråd med nummereringa under. Rettleiinga fortel deg kva du skal føre i dei ulike felta.

Lenke til søknaddskjema

1. Informasjon og enhet

Velg fakultet/avdeling: Det humanistiske fakultet

Velg institutt: Velg det instituttet som forvaltar det fagområdet du tilhøyrer, eller der du alt er i dialog med ein rettleiar.

2. Brukerveiledninger

Ved Universitetet i Bergen er forskarutdanninga organisert med eigne ph.d.-program for dei ulike fakulteta. Sidan opptakskriteria til dei ulike programna er ulike, er det viktig at søkaren held seg til den rettleiinga som er utvikla med tanke på det programmet ein søker om opptak til.

I dette biletet finn du ei lenke til brukarrettleiinga som gjeld for Det humanistikse fakultet (denne sida). Det kan vere lurt å opne brukarrettleiing i eit eige vinduge, for å ha denne lett tilgjengeleg du arbeider med søknaden.

3. Personopplysninger

Fødselsnummer: Norsk personnummer (11 siffer), midlertidig norsk identifikasjonsnummer/d-nummer (11 siffer), eller fødselsdato (dd.mm.åååå)

Fornamn: slik det står i passet

Etternamn: slik det står i passet

E-post: privat e-postadresse

Juridisk kjønn: mann eller kvinne

Statsborgerskap: obligatorisk

Mobiltelefon: obligatorisk

Annen telefon: ikkje obligatorisk

Legg til adresse: her ber vi om offisiell bustadadresse/heimeadresse

Last opp: Kopi av pass er obligatorisk for utenlandske statsborgere som ikke har midlertidig norsk identifikasjonsnummer, også kalla D-nummer.

4. Utdanning

Sjølve masteroppgåva er ein viktig del av vurderingsgrunnlaget ved opptak til ph.d.-programmet.

Tittel på masteroppgåve e.l.:

Omfang master-, forskerlinje eller hovedoppgave: I dette feltet skal du registrere omfanget for masteroppgåva di oppgitt i studiepoeng/ECTS eller antal semester. Merk at masteroppgåva ha eit omfang på minimum 30 studiepoeng (ECTS) for å kvalifisere for opptak, jf. Ph.d.-program ved Det humanistiske fakultet, Univeristetet i Bergen (pkt. 2.1.1).

Last opp: samandrag av master- eller hovudoppgåve (ca. to sider). Det er lagt til rette for at du skal kunne laste opp fleire vedlegg. Last også opp samandrag av masteroppgåve nr. to, dersom det er relevant for søknaden din.

Legg til utdanning: Norsk mastergrad eller tilsvarande (normalt eit utdanningslaup på 3+2 år, eller tilsvarande) innanfor eit relevant fagområde er eit absolutt krav for opptak på ph.d.programmet. Vi ber deg difor om å registrere alle oppnådde gradar. Ved særlege høve, og etter ei særskilt vurdering, kan fakultetet gjere opptak på grunnlag av ein mastergrad av mindre omgang. Det må då kunne dokumenterast at graden er å rekne som likeverdig ein norsk mastergrad.

Last opp:  dokumentasjon på oppnådd grad
Last opp både vitnemål, diploma supplement og karakterutskrift. Du kan også laste opp dokumentasjon på høgare utdanning som ikkje er knytt til nokon grad, dersom dette har fagleg relevans til doktorgradsprosjketet.

Last i tillegg opp følgande vedlegg:

  • CV
  • Engelsk omsetting av utdanningsdokumentasjon sok ikke er på engelsk, norsk,eller eit anna skandinavisk språk
  • Dersom omfanget av masteroppgåva ikkje kjem fram av vitnemålsdookumenta, må det leggast ved ei erklæring frå gradsgivande institusjon som gjer greie for omfanget i ECTS.
  • Liste over eventuelle faglege publikasjoner
  • Relevante publikasjonar
  • Fakultetet kan kome til å krevje at du dokumenterer tilfredsstillande egelskkunnskapar, men det er ikkje påkrevd å legge fram slik dokumentasjon på dette stadiet i prosessen.

5. Finansiering

For å kvalifisere til opptak på vårt ph.d.-program må du dokumentere tilfredsstillende finanseiring for hele prosjektperioden. Finansieringa skal både dekke levekostnadar og utgifter knyttt til gjennomføring av sjølve doktorgradsprosjektet (driftsmidlar). Det er ikkje anledning til å søke om opptak for mindre en eitt år (føreset at store deler av prosjektet er gjennomført), og heller ikkje for meir enn seks år. Minst 50% av arbeidstida må kunne disponerast til arbeid med doktorgradsprosjektet.

Det er ikkje anledning til å søke om opptak basert på private midlar.

UiB som arbeidsgivar:

Hovudfinansieringskjelde: Velg det som passar. Ved val av Annet kjem det opp eit eige felt for registrering av denne

Andre finansieringskjelder: Ikkje obligatorisk. Ved val av Annet kjem det opp eit eige felt for registrering av denne

Arbeidsplass: Namn på arbeidsgjevar og kontaktinformasjon/referanse

Finansieringsperiode: Tilsvarande det som er gitt i dokumentasjonen. Ved utsett oppstart vil dette kunne korrigerast.

Merknader: Bruk gjerne dette feltet til å gjere greie for tilhøvet mellom fleire finansieringskjelder.

Er stillingen del av et større forskningsprosjekt? Før opp tittelen på prosjektet i eit eige felt som kjem opp dersom svaret er ja.

Last opp: Arbeidsavtale eller finansieringsbevis frå alle finansieringskjelder. Må gjere greie for både løn og eventuelle driftsmidlar. Driftsmidlar er øyremerkte midlar sett av til å dekkje utgifter direkte knytt til doktorgradsprosjektet, inkludert til dømes utgifter til feltarbeid, vitskapleg assistanse og utanlandsopphald.

Arbeidsgivar utanfor UiB:

Same som med UiB som arbeidsgjevar

6. Ph.d.-prosjekt

Type avhandling: monograf i eller artikkelbasert

Foreløpig tittel på avhandlinga: arbeidstittel

Last opp: Prosjektskildring

Krava til prosjekskildring er formulert i fakultetet sitt ph.d.-program, pkt. 2.1.2:

  • Søknaden skal innehalde ein plan for prosjektet skriven i tråd med gjeldande mal:
    • tydeleg skildring av det vitskapelege prosjektet, inkludert forskingsbakgrunn, hovedproblemstillingar, teori, metode, og etiske aspekt der det er relevant
    • tidsplan for gjennomføring, med milepelar og eventuelle utanlandsopphald, som også omfattar opplæringsdelen
    • finansieringsplan
  • Søknaden skal oppgi kva språk søkaren planlegg å nytte i avhandlinga si
    • norsk, engelsk, svensk og dansk er alltid godkjent
    • i tillegg er det rom for å nytte språk det aktuelle institutt/senter kan ivareta på ein forsvarleg måte. Denne vurderingen er det grunneininga sjølv som står for
    • det er ikkje mogleg å endre språket i avhandlinga dersom det er mindre enn seks månadar att til innlevering

Legg til veileder: Søknaden krev at du oppgir namnet på minst ein rettleiar

Type veilder: normalt er dette hovudrettleiar

Tilknytning: normalt skal hovudrettleiar være tilsett ved Det humanistiske fakultet

Fornamn og etternamn:

Merknad: f.eks dersom det er avvik frå hovudreglane som er nemnt over.

Last opp: erklæring frå rettleiar om at vedkomande er kjent med proesjektet og stiller seg villig til å være rettleiar

Det er ikkje obligatorisk for kandidatar på HF sitt ph.d.-program å delta i ein forskarskule, så dette feltet treng du ikkje fylle ut.

7. Utdanningsplan

Ein plan for gjennomførong av opplæringsdelen er ein del av prosjektskildringa (sjå pkt. 6 over)

Legg inn utanlandsopphald: Her skal du registrere planlagte utanlandsopphald

Land: Kva land planlegg du å reise til

Institusjon: Namnet på institusjonen du vil vere knytt til under opphaldet

Type innhold: Føremålet med opphaldet

Periode: Når reknar du med å reise

8. Bekreft

På denne sida får du ei oversikt over alle registrerte data og opplasta vedlegg, og du kan velge å gå inn dei ulike sidene av søknaden for å gjere endringar.

Etter at du har stadfesta at opplysningane stemmer (hak av) klikkar du "send inn" for å registrere søknaden hos oss. Når søknaden er sendt inn vil du få opp ei kvitteringsmelding, der du får høve til å laste ned søknaden.

E-posten det blir varsla om i kvitteringsmeldinga vil ha emnet Forvaltningsmelding og avsendar no-reply@uib.no. Du vil også finne informasjon om kven du kan kontakte med spørsmål knyttet til sakshandsaminga.

Ta derfor vare på denne e-posten.