Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Marin

Han er UiBs marine dekan

Nils Gunnar Kvamstø har tatt over som marin dekan ved UiB. Havet kan løysa verda sine framtidige utfordringar, meiner dekanen.

Marin dekan Nils Gunnar Kvamstø
MARIN SJEF: Nils Gunnar Kvamstø er den nye marine dekanen ved Universitetet i Bergen.
Foto/ill.:
Jens H. Ådnanes, UiB

– Det aller viktigaste for meg er å hjelpe med å leggja til rette for meir tverrfagleg samarbeid på heile det marine feltet på UiB, seier Nils Gunnar Kvamstø, marin dekan ved UiB.

Som dekan ved Noregs største marine universitet får han ansvar for all marin forsking og utdanning ved Universitetet i Bergen (UiB). Marin forsking og utdanning er eitt av dei tre satsingomsråda ved universitetet. Universitetet har fleire forskingsmiljø i verdsklassa. 

Havet er løysinga 

Kvamstø er overtydd om at meir kunnskap om havet vil spela ei viktig rolle i å løysa dei store samfunnsutfordringane me står ovafor.

–  Det er den breie tverrfaglege tilnærminga som vil gi oss løysingane, og då må me ha eit større tverrfagleg samarbeid enn det me har i dag.

Den andre store oppgåva han står ovafor er å gjera forskingsresultata på hav tilgjengelige for fleire.

– Å rette forskingsresultata våre rett inn mot løysingane på dei store utfordringane, det er noko eg brenn for. 

Han nemner Bergen Offshore Wind Centre som eit konkret døme på korleis forskingsresultat kan nyttast på ein slik måte. Senteret har eit tett samarbeid næring og industri, og samlar både realistar, juristar, økonomar og samfunnsforskarar. 

– Slik kan me forstå korleis vinden fungerar og korleis det juridiske og avtaleverket også spelar ei rolle. Det er ei enorm verdikjede og eit svært breitt felt, seier han. 

Den same tilnærminga som BOW har til flytande vindkraft kan ein ha til hav, meiner han. 

– Kysten og havet vårt er viktig for heile landet, seier han. 

Dei Sameinte Nasjonane (FN) har også tildelt UiB ei leiande rolle i arbeidet med berekraftsmål 14 -  Liv under vatn.

Les meir: Derfor gir vi råd til FN om livet under vann

Korleis skal ein få på plass slike samarbeid?

– UiB er gode på å produsera ny kunnskap. Men det er i samarbeid med andre ein skapar ein meirverdi. Difor er det viktig å utvikla samarbeidet med aktørane på hav i regionen, og å profilera det marine feltet og UiB til både studentar, politikarar og alle samfunnsaktørar, seier han.

Tar over etter Jarl Giske

Kvamstø har tatt over som marin dekan etter Jarl Giske, som slutta tidlegare i 2019.

– Eg er svært imponert over det Jarl har gjort og fått til. Som relativt fersk ser eg at det kan verta vanskelig å slå den arbeidskapasiteten han hadde. Men eg skal finna mi rolle og gjera mine prioriteringar.

Medan Giske er biolog, har Kvamstø forska på klimadynamikk og dynamisk meteorologi. Begge fagfelta er marint orienterte, men vil skilnaden spela nokon rolle for korleis den marine dekanen ser på jobben?

– Eg trur ikkje det vil spela ei stor rolle, sidan dette er ei strategisk stilling. Men eg har kan hende eit litt anna nettverk enn Jarl, så eg har mogelegvis litt andre perspektiv. 

Kvamstø jobbar tett saman med Amund Måge, som er marin direktør.

Heilskapen er styrken

UiB har fleire styrker på det marine feltet, påpeiker den marine dekanen, men den aller største er breidda og at ein ser heilskapen.

– For mange norske forskingsmiljø er ofte marin teknologi det aller mest sentrale. Ved UiB, derimot, har vi stor forskingsaktivitet på fysikk, kjemi, geologi og biologi knytt til verdshava og har såleis eit unikt utgangspunkt for å bidra med systemforståelse. Vidare kan me trekkja inn kompetanse frå dei andre fakulteta og kan då verkeleg bidra med eit holistisk perspektiv på det marine feltet. Er det nokon som kan ta vare på heilskapen er det oss.

UiB har forskarar som jobbar med havet på alle fakultet. 

– Totaliteten er imponerande. Difor er meir samarbeid på tvers noko som har eit stort potensiale for oss. Det vert ein av mine hovudoppgåver - å skapa og ha ein jamn dialog med heile universitetet og dei aktørane me treng å samarbeida med.