Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Nyhet

25 millionar til Realfagbygget

Undervisingslokala i Realfagbygget skal oppgraderast for 25 millionar kroner. Regjeringa sitt mål er mellom anna at studentane skal lære meir med nye undervisningsformer.

Realfagbygget, illustrasjon
BETRE UNDERVISNINGSLOKALE: Regjeringa gjev 25 millionar kroner til oppgradering av undervisningslokale i Realfagbygget.
Foto/ill.:
Eivind Senneset, UiB

Hovedinnhold

Regjeringa gir universitet og høgskular 161 millionar kroner til betre undervisningslokale, og 25 millionar av dei kjem studentar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Universitetet i Bergen til gode. 

Realfagbygget husar både studentar og forskarar og er med sine 47.000 kvadratmeters bruksflate er ein av dei største enkeltståande bygga i Noreg.

– Studentar vil delta

– Førelesingar kan vera både bra og effektivt, men studentane ynskjer også meir undervisning der dei deltek aktivt. Det krever at vi har auditorium, laboratorium, verkstadar og andre undervisningslokale som gjev betre høve til å delta, seier forskings- og høgare utdanningsminister i ei pressemelding frå regjeringa. 

Regjeringa har tildelt pengar til oppgraderingsprosjekt ved universiteta og høgskulane i landet sidan 2015. Det er eit kriterium i ordninga at institusjonane sjølve skal bidra med minst like mykje midlar som dei ein får, heiter det i pressemeldinga.

Lagar to nye labar

I søknaden om støtte har UiB bede om pengar til å byggja to nye laboratorium: HelseLab og EnergiLab ved Kjemisk institutt. Laboratoria skal opna for heilt nye moglegheiter for forsking og utdanning, og opna opp for areal som kan brukast til student-aktiv læring. 

Dei kjemiske laboratoria vert brukt til forsking og utdanning som gir oss kunnskap og løysingar på fleire av vår tids utfordringar, påpeiker søknaden.

«God helse er en global samfunnsutfordring hvor bl.a. kjemisk, farmasøytisk og medisinsk forskning i fellesskap finner årsakssammenhenger og skaper løsninger. Denne aktiviteten krever kompetanse og instrumentering i laboratorier av høy standard, og her inngår det planlagte HelseLab på en avgjørende måte for både forskning og utdanning» heiter det om Helselaben.

På EnergiLaben skal studentar og forskarar fortsetja arbeidet sitt med problemstillingar innan berekraftig kjemisk produksjon, fornybare energikjelder og biobasert energi.