Om fakultetet
Hovedinnhold
Fakultetet var først etablert 15. august 1946. 1. januar 2008 gjekk fakultetet saman med Det odontologiske fakultet. Dei to fakulteta gjekk saman ut i frå eit ønskje om å utvikle oral helse som ein meir integrert del av helseomgrepet og for å kunne tilby meir tverrfagleg utdanning og forsking. I tillegg til medisin og odontologi tilbyr fakultetet profesjonsutdanning innan farmasi og tannpleie, bachelorprogram i ernæring, og har fleire mastergradsprogram innan helsevitenskap, biomedisin, global helse og ernæring.
Fakultetet dekkjer eit breitt spekter av forskingsfelt. Det er vertskap for tre Senter for framragande forsking (SFF), Centre for cancer biomarkers (CCBIO), Bergen senter for etikk og prioritering (BCEPS) og Centre for intervention science in maternal and child health (CISMAC), to K. G. Jebsen senter for forsking på Parkinsons sykdom og genom-rettet kreftterapi og fleire ERC prosjekt. I tillegg tek forskingsgrupper ved fakultetet del i ein SFF, Norwegian Centre for Mental Disorders (NORMENT), kor Universitetet i Oslo er vertskap. Fakultetet sin forskingsinfrastruktur er organisert i tilsaman åtte kjernefasilitetar.
Totalt har Det medisinske fakultet om lag 1200 medarbeidarar, ca 1900 studentar og er med sine over 500 PhD-kandidatar ein av dei største bidragsytarane til forskerutdanninga ved Universitetet i Bergen.