Hjem
Det medisinske fakultet

Programutvalg for forskerutdanning

Programutvalg for forskerutdanning har blant annet ansvar for å sikre faglig koordinering og kvalitetsutvikling av opplæringsdelen i forskerutdanningen ved Det medisinske fakultetet.

Hovedinnhold

Medlemmer

• Leder: Martha Enger (visedekan for forskarutdanning)

• Leder av forskarlinje for medisin- og odontologistudentar: Anne Berit Guttormsen (K1)

• Leder av komiteen for grunnkurs i medisinsk og helsefaglig forsking: Petur Benedikt Juliusson (K2)

• Leder av forskerskole: Elisabeth Wik (K1)

• Vitenskapelig tilsette: Magnus Vollset (IGS) og Camilla Krakstad (K2)

• Vara for vitenskapelig tilsette: Harald Barsnes (IBM) og Kurt Hanevik (K2)      

• Ph.d.-kandidat representant: Monica Hellesvik (IBM)

• Forskerlinjestudent: Erica Persson Teige 

• Sekretær: Havjin Jacob 

Mandat for Programutvalg for forskerutdanning

Mandat for Programutvalg for forskerutdanning Det medisinske fakultet Universitetet i Bergen

Vedteken av Fakultetsstyret ved Det medisinske fakultet 22.01.2020. Mandatet erstatter mandat vedteken 17.04.2008.

Programutvalet skal følgje utviklinga nasjonalt og internasjonalt innan forskarutdanning og ta initiativ for å fremme og utvikle forskarutdanninga til fakultetet. PFU skal óg fremme internasjonal utveksling av doktorgradskandidatar og rettleiarar, og foreslå tiltak som sikrar internasjonalisering.

Programutvalet eit rådgivande og saksførebuande organ i spørsmål som gjeld forskarutdanningsprogrammet, men kan vedta faglege endringar i undervisninga /emna, så lenge desse ligg innanfor UiBs reglement, retningslinjene til fakultetet og etablerte budsjettrammer. Tiltak som medfører endringar i ressursramma for forskarutdanningsprogramma må godkjennast av Fakultetsstyret.

 

I samsvar med UiBs vedtekne kvalitetssikringssystem for ph.d.-programmet har Programutvalet ansvar for:

Emneevaluering

Emneevalueringa viser evaluering frå kandidatane av enkeltemne på ph.d.-nivå som blir tilbode av programmet. Programutvalet skal på bakgrunn av rapportane frå institutta vurdere kvaliteten på emnet og behovet for endringar i eller å legge ned emnar. Alle emne skal evaluerast kvart tredje år.

 

Evaluering av rammene for opplæringsdelen og emneporteføljen

Programutvalet skal årleg vurdera rammene for opplæringsdelen og omfanget av emneporteføljen, og dessutan behovet for å endra rammene, oppretta eller legge ned emnar.

 

Forskarutdanningsmelding

Programutvalet skal komme med innspel til, og vedta den årlege forskarutdanningsmeldinga til fakultetet. Meldinga viser nøkkeltal og gir statusoppdatering frå det førre året, og gir ei oversikt og utgjer eit grunnlag for å vurdere om det skal innførast tiltak i ph.d.-programmet.

 

Kandidatundersøking

Kandidatundersøkinga blir gjennomført av Sentraladministrasjonen tre gonger årleg og viser vurderingane frå kandidatane av dei ulike elementa av ph.d.-programmet. Dette er innspel som kan heve kvaliteten på programmet. Programutvalet vedtar oppfølging ved behov.

 

Fremdriftsrapportering

Fremdriftsrapporteringa blir lagt til rette av Sentraladministrasjonen. Programutvalet blir orientert årleg om hovudtrekkene i fremdriftsrapportane og foreslår oppfølging som blir teken inn i dialogmøtane med instituttene.  

 

Forseinkings- og #fråfallundersøking

Forseinkings- og #fråfallundersøking blir lagd til rette av Sentraladministrasjonen kvart tredje år. Programutvalet blir orientert om hovudtrekka og vurderer tiltak.

 

Programevaluering

Programutvalet foreslår medlemmer til ein ekstern komité som kvart sjette år skal sjå på heilskapen og kvaliteten i ph.d.-programmet. Programutvalet skal førebu og oversende informasjon til komiteen og ha dialog med komiteen fram til evaluering er gjennomført.

 

Samansetning:

Programutval for forskarutdanning skal ha følgjande samansetning:

Leier

Leiar av forskarlinja

Leier av komiteen for grunnkurs i medisinsk og helsefagleg forsking

1 leiar av forskarskule

2 vitskapleg tilsette

1 doktorgradskandidat

1 student

Observatør frå Helse Bergen

 

Alle medlemmer skal ha ein personleg vara. Medlemmene blir oppnemnde av dekan. Funksjonsperioden for utvala er fire år. Student- og ph.d.-representantane blir oppnemnde for eitt år av gongen.

 

Leiar

Prodekan for forskarutdanning er leiar av programutvalet. Leiaren skal saman med sekretær førebu og legge frem saker for PFU. Leiar har fullmakt til å behandle hastesaker på vegne av PFU. Viss vedtak må gjerast ved avstemming, har leiar dobbeltstemme i utvalet.

 

Sekretær

Sekretærfunksjonen ligg under fakultetet. Sekretæren skal saman med leiaren førebu og legga fram saker for PU. Sekretæren kallar inn til møte og sender ut sakspapir.

 

Møter

PFU skal halde minst to møte kvart semester PFU er vedtaksfør når minst halvparten av medlemmene er til stades

Møter i Programutvalg for forskerutdanning 2022

Innkalling og sakspapirer 09.02.2022      Referat 09.02.2022 

Innkalling og sakspapirer 06.04.2022      Referat 06.04.2022 

Innkalling og sakspapirer 01.06.2022      Referat 01.06.2022 (kommer)

Innkalling og sakspapirer 31.08.2022      Referat 31.08.2022

Innkalling og sakspapirer 05.10.2022      Referat 05.10.2022

Innkalling og sakspapirer 16.11.2022      Referat 16.11.2022