Hjem
Det medisinske fakultet
Forsking/publikasjon:

Genmutasjon vernar mot diabetes

Sjeldne mutasjonar i eit gen vernar folk mot å utvikla type 2 diabetes. Dette kjem fram i ein ny internasjonal studie der tre forskarar frå fakultetet har delteke.

Illustrasjonsfoto: Måling av blodsukker
Foto/ill.:
Colourbox

Ved å testa 150 000 pasientar, har eit stort internasjonalt forskarteam funne at sjeldne mutasjonar i et sinktransport-gen vernar folk mot å få type 2 diabetes.

Risikoen blir redusert med så mykje som to tredjedelar, og mekanismen er eit lovande nytt mål for å utvikla legemiddel som kan nyttast til å førebyggja sjukdomen.

Mutasjonane var så sjeldne, at dei berre var mogeleg å oppdage ved at ein samla data frå eit stort antal menneske. Studien blei publisert på nett i Nature Genetics 2. mars 2014.

Dei norske forskarane, professor Pål R. Njølstad (dagleg leiar av KG Jebsen Senter for Diabetesforsking, Klinisk institutt 2), professor Stefan Johansson (Klinisk institutt 2) og professor Anders Molven (Klinisk institutt 1) frå Universitetet i Bergen samt professor Kristian Hveem ved NTNU, blei tidleg involvert i studien. Deira bidrag har vore å genotype 6000 pasientar frå HUNT-studien.

Dette arbeidet blei gjort i Bergen, og den norske delen av studien er finansiert med midlar frå Helse Vest, Universitetet i Bergen, NTNU, Noregs forskingsråd, Stiftinga KG Jebsen og European Research Council.

Du kan lese meir om studien på Forskning.no.

Her kan du lese heile publikasjonen i Nature Genetics.

Studien fekk også førstesideoppslag i The New York Times.