Hjem
Det medisinske fakultet

Krav til vaksine og medisinsk testing

Som medisin-, odontologi-, eller tannpleiestudent kan du risikere å bli utsett for smitte i løpet av utdanninga, du kan også risikere å smitte pasientar. Vi tilrår deg difor å la deg vaksinere deg mot hepatitt B om du ikkje allereie er vaksinert. Du er sjølv ansvarleg for å få tatt dei tilrådde vaksinane.

Sprøyte blir satt i arm

Når bør du vaksinere deg?

Vaksineringa bør vere fullført før du har kontakt med pasientar:

  • Farmasistudentar: Før oppstart på 7. semester (aktuell testing: MRSA )
  • Medisinstudentar: Før oppstart på 2. semester (aktuelle vaksiner: hepatitt B)
  • Odontologistudentar: Før oppstart på 5. semester (aktuelle vaksiner: hepatitt B)
  • Tannpleiestudentar: Før oppstart på 2. semester (aktuelle vaksiner: hepatitt B) 
  • Masterstudentar på klinisk ernæring: bør vurdera å la seg vaksinere for hepatitt B 

Ettersom det kan ta noko tid før vaksinane er verksamme, og hepatitt B- vaksina krev tre dosar, bør du starte vaksineringa så raskt som mogleg etter at du har fått opptak til studiet.

Kor kan du vaksinere deg?

Vaksina mot hepatitt B kan settast av fastlegen din. Sjå "Informasjon til lege vedrørende vaksinering mot hepatitt B" for viktig informasjon om bestilling av vaksine.

Har du ikkje fastlege i Bergen? Du kan sjølv skifte fastlege på Helseøkonomiforvaltninga sine nettsider (Helfo).

Om du har behov for BCG-vaksine, kan du ta den hos helsesøster, 7 Fjell legesenter eller på smittevern-/reisemedisinkontoret i kommunen din før studiestart. Merk at dei fleste fastlegar ikkje har utstyr eller kompetanse til å sette BCG- vaksina.  

 

Illustrasjonsfoto av sprøyte
Photo:
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Vaksinasjon mot hepatitt B

Hepatitt B- vaksina består av 3 dosar som blir sett med sprøyte. Det skal gå minst ein månad mellom 1. og 2. dose, og minst 5 månader mellom 2. og 3. dose. Du må òg kontrollere nivået av hepatitt B-antifstoff 1-3 månader etter 3. vaksinedose for å vere sikker på at kroppen har respondert på vaksina.

Over 96 % av alle vaksinerte oppnår livsvarig vern etter fullvaksinering med tre dosar. I nokre tilfelle blir det gitt fire dosar eller meir.

Når du bestiller time hos fastlegen din må du opplyse om at konsultasjonen gjeld hepatitt B- vaksinasjon slik at vaksina kan bestillast hos Folkehelseinstituttet god tid i forvegen. Du skal ikkje betale for sjølve vaksina når den blir bestilt frå Folkehelseinstituttet, kun konsultasjonshonoraret til fastlegen. 

Vaksina mot hepatitt B blir finansiert over statsbudsjettet og blir levert kostnadsfritt frå Folkehelseinstituttet. Det føreset at du ved timebestilling ber om at vaksina blir bestilt frå Folkehelseinstituttet på blå resept.

Vaksinasjon mot tuberkulose (BCG-vaksine)

Tuberkulose er ein bakteriesjukdom som smittar med luftsmitte. Det er lite tuberkulose i Norge i dag, og det gis derfor ikkje rutinemessig BCG-vaksine til norske barn i barnevaksinasjonsprogrammet.

Fram til 1/6- 2018 har det vært anbefalt at alt helsepersonell og alle studenter i helsefag med forventa pasientkontakt i over 3 månadar får tilbod om BCG-vaksinasjon. Etter denne datoen gis det ikke lenger en slik generell anbefaling.

Folkehelseinstituttets anbefaling om BCG-vaksine i yrkessamanheng vil vanlegvis bare omfatte helsepersonell i spesialisthelsetenesta som over tid (ca. 3 månadar) skal arbeide med:

  • vaksne pasientar med smittsam lungetuberkulose
  • dyrking av mykobakterier i mikrobiologisk laboratorium

Ved særlige forhold og etter individuell vurdering kan BCG-vaksine også være aktuelt for enkelte andre medarbeidar i helsetenesta, i fengsel eller i ankomstmottak, eller ved utanlandsreiser.

Se også kapittel om yrkesvaksinasjon i Vaksinasjonsveilederen for helsepersonell (FHI)

Opphald i utlandet

Dersom du i løpet av de tre siste årene har opphaldt deg minst tre månadar i land med høy førekomst av tuberkulose må du gå gjennom en tuberkuloseundersøking. Quantiferon-testen skal tas 8-10 uker etter heimkomst/mulig eksponeringstid. Svar på røntgen thorax skal være negativ før man kan begynne i praksis. 

Her finner du meir informasjon for timebestilling for tuberkulosekontroll

Her kan du finne meir informasjon om: 
Oversikt over land med høy førekomst av tuberkulose.
Forskrift om tuberkulosekontroll

Konsekvensar ved positiv tuberkuloseprøve

Om prøven er positiv må du gjennomgå behandling. Ein positiv prøve kan, avhengig av smittestatus, medføre at du ikkje kan følge klinisk undervising saman med kullet ditt, og kan difor påverke studieprogresjonen din. Positiv prøve er ikkje til hinder for å følge den teoretiske delen av studia. Meld frå til studierettleiar for vidare oppfølging. 

Dersom du i løpet av dei tre siste årene har opphaldt deg i minst tre månedar i land med høy førekomst av tuberkulose må du gå gjennom en tuberkuloseundersøking. Quantiferon-testen skal tas 8-10 uker etter heimkomst/mulig eksponeringstid. Svar på røntgen thorax skal være negativ før man kan begynne i praksis. 

Du finn meir informasjon om tuberkulosekontroll her

Her finn du meir informasjon om: 

Oversikt over land med høy førekomst av tuberkulose

Forskrift om tuberkulosekontroll

 

Petrisskål
Photo:
Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com

 

Meticillinresistente gule stafylokokker (MRSA)

Før du skal ha praksis eller klinisk undervisning på sjukehus og i sjukeheim pliktar du å teste deg for Meticillinresistente gule stafylokokker (MRSA).

Aktuelt for: 

  • Farmasistudentar: Før oppstart på 7. semester 
  • Medisinstudentar: Før oppstart på 2. semester 
  • Odontologistudentar: Før oppstart på 5. semester
  • Tannpleiestudentar: Før oppstart på 2. semester 

Kravet gjeld om du i løpet av dei siste 12 månadane har vært i eit land utanfor Norden og der har

  • arbeida som helsearbeidar, på barneheim eller i ein flyktningleir
  • vore innlagt på helseinstitusjonar, fått omfattande undersøking eller behandling i ei helseteneste.

Du er også pliktig til å la deg undersøke for MRSA om du har

  • budd i same husstand som MRSA-positive, eller hatt nær kontakt med MRSA-positive utan å nytte beskyttelsesutstyr
  • tidlegare fått påvist MRSA, men ikkje seinare hatt tre negative kontrollprøver. Om MRSA er påvist i løpet av dei siste 12 månadane, må du teste deg for MRSA sjølv om seinare MRSA- prøvar har vore negative.
  • kliniske symptomar på hud-eller sårinfeksjon, kroniske hudlidingar eller har lagt inn medisinsk utstyr gjennom hud eller slimhinner, og har oppholdt deg samanhengande i meir enn 6 veker i eit land utanfor Norden i løpet av dei siste 12 månadane.
  • på andre måtar vore utsett for smitte i Norge, eller i utlandet i løpet av dei siste 12 månadane, eller om det er mistanke om smitte. 

Du kan lese meir om MRSA på Folkehelseinstituttet sine heimesider.

Undersøking for MRSA

Om det ut frå kriteriane over er behov for MRSA- prøvetaking, er du sjølv ansvarleg for å bli undersøkt. Det er Seksjon for pasientsikkerhet ved Haukeland universitetssjukehus som gjør den medisinske testinga av studentar ved fakultetet som skal ha klinisk undervisning eller praksis på sjukehuset. Testing blir utført i 1. etasje på Hudbygget tirsdag og torsdag kl. 08.30. Du må ringe og avtale prøvetaking på førehand (telefonnummer 55 97 57 17).

Er du student, og skal ha klinisk undervising eller praksis i sjukeheim/sjukehus andre stader enn Haukeland universitetssjukehus må du kontakte fastlegen din for å teste deg for MRSA.

Prøven blir tatt frå nasen og hals, og det tar vanlegvis to til fire dagar å få svar på prøva. Svar må vere klart før du kan begynne i praksis.

Helsefagstudentar med krav om medisinsk testing (medisin-, odontologi- og tannpleiestudentar) skal ikkje betale for underøking for MRSA. 

Konsekvensar ved positiv MRSA-prøve

Om prøven er positiv kan du ikkje delta i praksis eller klinisk undervising, og du må melde frå til studierettleiar. Du må gjennomgå behandling, og levere tre negative prøver før du kan fortsette den kliniske undervisinga. Ein positiv prøve kan føre til at du ikkje får normal studieprogresjon ettersom du ikkje kan følge klinisk undervising saman med kullet ditt. Positiv prøve er ikkje til hinder for å følge den teoretiske delen av studia.