Home
Faculty of Medicine

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Smittevern

Tilråding om vaksinar og krav til medisinsk testing

Som student på ei helseutdanning kan du risikere å bli utsett for smitte i løpet av studiet, du kan også risikere å smitte pasientar. Les meir om når du bør vaksinere deg mot hepatitt B, Covid-19 og tuberkulose, og når du må teste deg for tuberkulose og MRSA. Du er sjølv ansvarleg for å få tatt dei tilrådde vaksinane og dei pliktige medisinske testane.

Sprøyte blir satt i arm
Photo:
Colourbox

Main content

Vaksinasjon mot hepatitt B

Hepatitt B-vaksina består av 3 dosar som blir sett med sprøyte. Det skal gå minst ein månad mellom 1. og 2. dose, og minst 5 månader mellom 2. og 3. dose. Du må òg kontrollere nivået av hepatitt B-antistoff 1-3 månader etter 3. vaksinedose for å vere sikker på at kroppen har respondert på vaksina. Over 96 % av alle vaksinerte oppnår livsvarig vern etter fullvaksinering med tre dosar. I nokre tilfelle blir det gitt fire dosar eller meir.

Kven bør ta hepatitt B-vaksine? 

Me tilrår at alle studentar som studerer medisin, odontologi og tannpleie tar hepatitt B-vaksinen. Studentar på desse studieprogramma er i kategorien "Personer som utsettast for smittefare under utdanning i Norge" og kan få vaksinen på blå resept (sjå meir info i eget skriv). Masterstudentar på klinisk ernæring bør også vurdere å la seg vaksinere mot hepatitt B, men tilbys ikkje vaksina på blå resept.

Når bør du vaksinere deg?

Vaksineringa bør vere fullført før du har kontakt med pasientar:

  • Medisinstudentar: Før oppstart på 4. semester
  • Odontologistudentar: Før oppstart på 5. semester
  • Tannpleiestudentar: Før oppstart på 2. semester
  • Masterstudentar på klinisk ernæring: bør vurdera å la seg vaksinere for hepatitt B 

Ettersom det kan ta noko tid før vaksinane er verksamme, og hepatitt B-vaksina krev tre dosar, bør du starte vaksineringa så raskt som mogleg etter at du har fått opptak til studiet.

Kvar kan du vaksinere deg?

Vaksina mot hepatitt B kan settast av fastlegen din. Sjå "Informasjon til lege vedrørende vaksinering mot hepatitt B" for viktig informasjon om bestilling av vaksine.

Når du bestiller time hos fastlegen din må du opplyse om at konsultasjonen gjeld hepatitt B-vaksinasjon slik at vaksina kan bestillast hos Folkehelseinstituttet god tid i førevegen. Du skal ikkje betale for sjølve vaksina når den blir bestilt frå Folkehelseinstituttet, berre konsultasjonshonoraret til fastlegen. 

Viktig:
Vaksina mot hepatitt B blir finansiert over statsbudsjettet og blir levert kostnadsfritt frå Folkehelseinstituttet. Det føreset at du ved timebestilling ber om at vaksina blir bestilt frå Folkehelseinstituttet på blå resept.

Har du ikkje fastlege i Bergen? Studentsamskipnaden Sammen har ulike tilbud til studenter som har behov for legehjelp. Du kan sjølv skifte fastlege på helsenorge.no.

Illustrasjonsfoto av sprøyte
Foto/ill.:
Illustrasjonsfoto: Colourbox

Vaksinasjon mot Covid-19

Det medisinske fakultet tilrår alle studentar å la seg vaksinere mot Covid-19. 

Les meir om koronavaksine på Helsenorge si nettside   

Vaksinasjon mot tuberkulose (BCG-vaksine)

Tuberkulose er ein bakteriesjukdom som smittar med luftsmitte. Det er lite tuberkulose i Norge i dag, og det vert difor ikkje gitt rutinemessig BCG-vaksine til norske barn i barnevaksinasjonsprogrammet. Det vert heller ikkje gitt ei generell tilråding til studentar innan helsefag om å ta BCG-vaksinen, med mindre spesielle forhold tilseier det. 

Kven bør ta BCG-vaksine?

Fram til 1. juni 2018 var det tilrådd at alle helsepersonell og alle studentar i helsefag med forventa pasientkontakt i over 3 månadar fekk tilbod om BCG-vaksinasjon. Etter denne datoen vert det ikkje lenger gitt ei slik generell tilråding. 

Tilrådinga til Folkehelseinstituttet om BCG-vaksine i yrkessamanheng vil vanlegvis berre omfatte helsepersonell i spesialisthelsetenesta som over tid (ca. 3 månadar) skal arbeide med:

  • vaksne pasientar med smittsam lungetuberkulose
  • dyrking av mykobakterier i mikrobiologisk laboratorium

Ved særlege forhold, og etter individuell vurdering, kan BCG-vaksine også vera aktuell for enkelte andre medarbeidarar i helsetenesta, i fengsel eller i ankomstmottak, eller ved utanlandsreiser.

Kvar kan du vaksinere deg?

Om du har behov for BCG-vaksine, kan du ta den hos helsesøster eller på smittevern-/reisemedisinkontoret i kommunen din før studiestart. Merk at dei fleste fastlegar ikkje har utstyr eller kompetanse til å sette BCG-vaksina.  

Se også kapittel om yrkesvaksinasjon i Vaksinasjonsveilederen for helsepersonell (FHI)

Tuberkulosekontroll

Når skal du teste deg for tuberkulose?

Dersom du i løpet av dei tre siste åra har opphalde deg minst tre månadar i land med høg førekomst av tuberkulose må du gå gjennom ei tuberkuloseundersøking.

Oversikt over land med høy førekomst av tuberkulose.

Quantiferon-testen skal du ta 8-10 veker etter heimkomst/mogleg eksponeringstid. Svar på røntgen thorax skal vera negativ før du kan byrje i praksis. 

Forskrift om tuberkulosekontroll

Kvar kan du teste deg?

Ta kontakt med smittevernkontoret i Bergen for timebestilling for tuberkulosekontroll

Konsekvensar ved positiv tuberkuloseprøve

Om prøven er positiv må du gjennomgå behandling. Ein positiv prøve kan, avhengig av smittestatus, medføre at du ikkje kan følge klinisk undervising saman med kullet ditt, og kan difor påverke studieprogresjonen din. Positiv prøve er ikkje til hinder for å følge den teoretiske delen av studiet. Meld frå til studierettleiar for vidare oppfølging. 

Petrisskål
Foto/ill.:
Illustrasjonsfoto: www.colourbox.com

MRSA-test

Kven skal teste seg?

Studerar du medisin, farmasi, odontologi eller tannpleie er du pliktig å teste seg for Meticillinresistente gule stafylokokker (MRSA) dersom: 

1) du i løpet av dei siste 12 månadane har vore i eit land utanfor Norden og der har

  • arbeida som helsearbeidar, på barneheim eller i ein flyktningleir
  • vore innlagt på helseinstitusjonar, fått omfattande undersøking eller behandling i ei helseteneste.

2) du har

  • budd i same husstand som MRSA-positive, eller hatt nær kontakt med MRSA-positive utan å nytte beskyttelsesutstyr
  • tidlegare fått påvist MRSA, men ikkje seinare hatt tre negative kontrollprøver. Om MRSA er påvist i løpet av dei siste 12 månadane, må du teste deg for MRSA sjølv om seinare MRSA-prøvar har vore negative.
  • kliniske symptom på hud-eller sårinfeksjon, kroniske hudlidingar eller har lagt inn medisinsk utstyr gjennom hud eller slimhinner, og har opphalde deg samanhengande i meir enn 6 veker i eit land utanfor Norden i løpet av dei siste 12 månadane.
  • på andre måtar vore utsett for smitte i Noreg, eller i utlandet i løpet av dei siste 12 månadane, eller om det er mistanke om smitte. 

Du kan lese meir om MRSA på Folkehelseinstituttet sine heimesider.

Når skal du teste deg?

Om det ut frå kriteriane over er behov for MRSA-prøvetaking, pliktar du å teste deg for MRSA før du skal ha praksis eller klinisk undervisning på sjukehus og i sjukeheim. Du er sjølv ansvarleg for å bli undersøkt. 

Svar må vere klart før du kan byrje i praksis.

  • Farmasistudentar: Før oppstart på 7. semester 
  • Medisinstudentar: Før oppstart på 2. semester 
  • Odontologistudentar: Før oppstart på 5. semester
  • Tannpleiestudentar: Før oppstart på 2. semester 

Kvar kan du teste deg?

Det er Seksjon for pasientsikkerhet ved Haukeland universitetssjukehus som gjer den medisinske testinga av studentar ved fakultetet som skal ha klinisk undervisning eller praksis på sjukehuset. Les meir om korleis du kan teste deg på Helse Bergens nettsider.

Er du student, og skal ha klinisk undervising eller praksis i sjukeheim/sjukehus andre stader enn Haukeland universitetssjukehus må du kontakte fastlegen din for å teste deg for MRSA.

Prøven blir tatt frå nasa og hals, og det tar vanlegvis to til fire dagar å få svar på prøva. 

Helsefagstudentar med krav om medisinsk testing (medisin-, odontologi- og tannpleiestudentar) skal ikkje betale for underøking for MRSA. 

Konsekvensar ved positiv MRSA-prøve

Om prøven er positiv kan du ikkje delta i praksis eller klinisk undervising, og du må melde frå til studierettleiar. Du må gjennomgå behandling, og levere tre negative prøvar før du kan fortsetje den kliniske undervisinga. Ein positiv prøve kan føre til at du ikkje får normal studieprogresjon ettersom du ikkje kan følge klinisk undervising saman med kullet ditt. Positiv prøve er ikkje til hinder for å følge den teoretiske delen av studiet.