Hjem
Institutt for sosialantropologi
antropologer i arbeidslivet

Lektor i ungdomsskulen

- Sjølv om det var lange dagar i starten så var det givande og motiverande å jobba med folk og sjå at dei satte pris på den innsatsen eg gjorde, seier Johan om den fyrste tida i arbeidslivet. Som lektor i ungdomsskulen er bakgrunnen innan sosialantropologi heilt uvurderleg når det gjeld å skape gode relasjonar i klassen.

Hovedinnhold

Det var nokre veker i starten av studetida der eg lurte på kva eg hadde rota meg borti

Fullført grad: 2015

Kan du fortelje litt om arbeidet ditt?

Eg underviser i norsk, samfunnsfag, musikk og sal og scene på ungdomskulenivå.

Hva er det beste med jobben din – og det mest utfordrende?

Det mest utfordrande med lærarjobben er også det beste, samt der sosialantropologien er mest nyttig, nemleg relasjonen til elevane. Eg trudde eg skulle bli ein av dei lærarane som var mest opptatt av faget mitt, men eg fant fort ut at det å bli kjent med elevane, og å jobba for å forstå og å bedre dei sosiale relasjonane i klasserommet er det som betyr noko.

Kva skreiv du masteroppgave om?

Eg skreiv masteroppgåve om americanamusikkmiljøet i Nashville, Tennessee. Eg blei interessert i dette fordi eg på eit tidspunkt i studieløpet ikkje var aleine om å oppfatta den litt eldre countrymusikken som meir "autentisk" enn den komersielle countrymusikken som blir laga i dag, og at det er ein god del yngre musikarar som lagar musikk som er direkte inspirert av desse gamle countryklassikarane den dag i dag. Enkelt sagt så kom eg fram til at dei som var interessert i denne musikken søkte tilbake til ei tid og ein måte å gjera ting på som dei oppfatta som meir ekte og jordnær. Kort fortalt er det ganske mange av dei som er opptatt av americanamusikk som også er opptatt av handbrygga øl og kortreist mat.

Korleis er utdanninga relevant for deg i arbeidslivet?

Eg underviser jo i samfunnsfag, men samfunnsfag i ungdomsskulen er så vidt at det er begrensa kor nyttig masteren er der. Når det er sagt er sosialantropologien uvurderleg når ein skal jobba med relasjonane i klassen. Utdanninga mi har gitt meg verktøy for å sjå korleis dei sosiale relasjonane i klassen utfoldar seg, og som hjelp meg med å skjønna kva eg kan gjera for å jobba for eit bra klassemiljø. Som nemnt er dette noko av det viktigaste og mest gjevande med jobben min. Det må også nemnast at det at eg skreiv master om eit tema som hadde med musikk å gjera kanskje også har spelt inn på at eg har vore så heldig å få lov til å undervisa i musikk, til trass for at eg ikkje har noko formell utdanning innanfor det.

Korleis opplevde du overgangen frå studiar til arbeidsliv? Har du nokre tips til noverande studentar?

Det tyngste med å bli lærar etter endte master var dei siste to åra på studiebenken. Når eg kom ut i jobb kom eg inn i eit kollegiat og møtte ei elevgruppe som tok meg vel imot. Sjølv om det var lange dagar i starten så var det givande og motiverande å jobba med folk og sjå at dei satte pris på den innsatsen eg gjorde.

Kvifor valde du å studera sosialantropologi?

Eg ville studera samfunnsfag, og hadde høyrt rykter om at sosialantropologi likna på sosiologi. Det var nokre veker i starten av studietida der eg lurte på kva eg hadde rota meg borti, men eg fant fort ut at sosialantropologi var det rette valet for meg.

Kva synes du var det beste med studietiden ved UiB?

Dei dagane då det sto på som verst og eg og dei studiekameratane mine fekk moglegheita til å leva faget fullt ut. For meg var det spanande å få via tida mi til ei studieretning som tar omsyn til lokale tilhøve, på bakken så å seia, gjennom ei teoretisk linse som tvingar deg til å granske måtane du tenkar på. Dette var med på å gjera at eg på kort tid gjekk frå å vera ein ganske umotivert elev på vidaregåande skule til å bli ein av dei studentane som kranglar om pensumartiklar over kaffikoppen i lesepausane.

 

Publisert første gong 2018. Oppdatert 2024.