Hjem
Institutt for geovitenskap
Msterprosjekt klima

Rekonstruksjon av bredemde sjøar på Folgefonna

Hovedinnhold

Prosjektbeskrivelse:

Brear over heile verda, bortsett frå enkelte område i Antarktis, trekker seg tilbake som følgje av global oppvarming. Tilbaketrekking av brear etterlèt seg eit nytt og ope landskap der dei mange overfordjupingane blir fylte med vatn og gjev opphav til innsjøar oppdemd av breen. Dette utgjer ein naturfare som kan få dramatiske konsekvensar for menneske og infrastruktur i nærleiken av breane våre. Fenomenet har namnet jøkullaup og er kjenneteikna med rask og stor vassføring når innsjøane brått vert tappa. Mange av dei historiske jøkullaupa kring Folgefonna har skjedd i samband med tilbaketrekkande brear. Pyttabreen er ein av dei brattaste utlaupsbreane på Sørfonna og drenerer vidare ned til Bondhusvatnet og endar i Maurangerfjorden. Ved den nordlegaste delen av brefallet går det ei bretunge ned mot Fynderdalshorga. Her demmer breen ein innsjø med eit areal på omlag 0,3 km3 og NVE har sett i gang overvaking og tek jamleg bilete av innsjøen for å sjå korleis den utviklar seg. Ved den nordlegaste utløpsbreen av dei to brearmane som vert kalla Gråfjellsbreen på vestsida av Sørfonna, har det dei seinare åra komme fram ein bredemd sjø som potensielt kan føre til jøkullaup. Denne situasjonen er uavklara og ein har ikkje tidlegare prov for tappingar i dette området. NVE har rekna ut at det er omlag 0,1 mill. m3 tilgjengeleg i innsjøen noko som er nok til å gjere betydeleg skade nedstraums om den vert katastrofetappa.

Forskingsspørsmål:

Kva type bredemte sjøar er det ved Pyttabrea og Gråfjellsbrea? Kva kan mekanismar kan vere utløysande faktor for desse bredemdesjøane?

Er det mogleg å rekonstruere kor mange gonger desse innsjøane har vorte tappa i fortida? Utgjer dei noko fare for infrastruktur eller busetand nedstrøms?

Særskilte krav for opptak til prosjektet
GEOV110 (10 stp) Innføring i Kvartærgeologi

Felt- lab- og analysearbeid
Oppgåva krev til dels krevjande feltabeid opp på breen. Dette må gjerast sommarsesongen 2020 og eventuelt supplerast i 2021. Alt analysearbeidet av til dømes innsjøkjernar vil bli gjort på EARTHLAB