Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Revidert strategi

Strategi som forpliktar

Verda står ovafor store samfunnsutfordringar. Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har vedteke ein revidert strategi som syner at naturvitskap og teknologi er naudsynt for ei berekraftig samfunnsutvikling.

Strategi framside
Foto/ill.:
Eivind Senneset/UiB

Hovedinnhold

Fakultetsstyret vedtok strategien i sitt møte i februar, og dokumentet er ein revisjon av den som vart vedteken i 2016. 

Ein av dei store skilnadane er at strategien har lagt til "bærekraft" som eit av tre tema, der dei to andre er "natur"  og "teknologi". 

Endringen forpliktar, meiner dekan Helge K. Dahle, som også meiner strategien er ei klar forbetring av eit alt godt dokument.

– Den reviderte strategien skal vi bruke internt i våre prioriteringar, og eksternt for å fortelje kva vi vil, seier dekanen.

Naturvitskap og berekraft

Dahle meiner at naturvitskapane i svært høg grad har teke inn over seg berekraft og berekraftsmåla. 

– Grunnen til det er at at vi observerer og måler dei konkrete endringane i naturen, meiner dekanen.

Mellom anna har Institutt for biovitskap etablert to berekraftkurs (SDG214 og SDG 2015), og Institutt for geovitskap har etablert kurset «Klimaendringar – årsaker og konsekvensar» (SDG213).

Forskingsmiljøa ved fakultetet er sentrale i fleire av UiB sine satsingar retta mot bærekraft, som til dømes Ocean Sustainability Bergen.

Viser vegen vidare

Arbeidet med ny strategi har vore gjennomført i instituttleiargruppa. I tillegg blei det gjennomført eit opent innspelsmøte hausten 2019, og det har vore mogeleg å gi innspel til revisjonen gjennom instituttleiarane, fakultetsstyrerepresentantane, og direkte til fakultetsleiinga.  

Dekanen meiner at både Universitetet i Bergen og MN-fakultetet har strategiar som har gitt både universitetet og fakultet ein tydeleg retning. 

– Dei som vil vite kva UiB og fakultetet vil og kva retning vi beveger oss i, bør difor lese desse dokumenta, seier Dahle.