Hjem
Det medisinske fakultet
Nyhet | Forskning

UiB-forskarar gjorde oppsiktsvekkande funn om soppmiljøet i lungene

Ny forsking har vist at lungene våre ikkje er frie for mikroorganismar, slik ein trudde tidlegare. No tyder ein omfattande studie på UiB på at både friske og lungesjuke har eit nesten identisk soppmiljø i lungene.

Soppmiljø i lungene
EIGE SOPPMILJØ: Forskarane fann mellom anna ut at både friske og lungesjuke har eit soppmiljø i lungene som er nesten heilt likt.
Foto/ill.:
UiB

Hovedinnhold

I MikroKOLS-studien har ei forskargruppe ved UiB undersøkt soppmiljøet i munnen og lungene til kols-pasientar og kontrollar utan lungesjukdom. UiB-studien er verdas største enkeltsenter-studie på lungesoppmiljøet som inkluderer kols-pasientar. Undersøkingane er gjort ved hjelp av såkalla bronkoskopi.

Resultata vart nyleg publiserte i det akademiske tidsskriftet «PLOS ONE».

I alt har 249 deltakarar latt seg undersøke på innsida gjennom ein ubehageleg slange som blir ført ned via munnen.

Prøvar frå 93 kols-pasientar og 100 friske blei sekvenserte for å oppdage kva sopp som var til stades.  

– Det at så mange har gjort dette frivillig er eit unikt resultat i seg sjølv, seier stipendiat Einar Marius Hjellestad Martinsen ved Klinisk institutt 2 på UiB.

Han er ein del av forskingsgruppa på Lungeavdelinga, leia av professor og overlege Thomas Mikal Lind Eagan. Gruppa består av fleire forskarar som arbeidar med bakteriar og sopp i lungene.

forskning på soppmiljø i lungene
Foto/ill.:
UiB

Fann eige soppmiljø i lungene

Gjennom DNA fra munn- og lungeprøvar var målet å finne ut meir om kva slags organismar som faktisk finst i lungene våre. Det viste seg nemleg at lungene hjå friske personar truleg ikkje er frie for bakteriar eller sopp, slik ein tidlegare trudde. 

– Vi fann at munnprøvane var forskjellege samanlikna med lungeprøvane, noko som kan tyde på at det finst eit eige soppmiljø i lungene, også hjå friske.

Forskarane fann altså ut at det var sopp i lungene til deltakarane, både hos dei friske og sjuke. Det var særleg soppen Candida som var dominerande. Denne soppen finst naturleg i kroppen, men kan potensielt føre til sjukdom.

– Det er interessant at vi fann soppen hjå så mange friske ettersom den kan vere sjukdomsframkallande, seier Martinsen.

Fann ingen effekt av steroidar

Forskargruppa hadde rekna med at kolspasientar som bruker inhalasjonssteroidar har eit anna soppmiljø enn dei som ikkje nyttar slike medikament. Årsaka er at steroidbruk er forbunden med soppvekst. Dei vart overraska då dei ikkje fann noko skilnad.

Det er likevel usikkert kva klinisk tyding dette funnet har. Meir forsking må til før ein kan seie at desse medisinane ikkje har ein effekt på samansetnaden av lungemiljøet.  

– Det er ein potensielt viktig observasjon med tanke på inhalasjonssteroidar sin påverknad på lungemiljøet, og eit spennande utgangspunkt for vidare forsking, sier Martinsen.

forskning på soppmiljø i lungene
Foto/ill.:
UiB

Vil forske vidare på soppen

Men kva betyr det eigentleg viss det er slik at alle går rundt med sopp i lungene? Og kva gjer at nokre folk blir sjuke, medan andre held seg friske?

Dette ville UiB-forskarane ønskt å finne ut meir om.  

– Ein kunne gjerne tenke seg det var fordi sopp som ikkje hadde vore der før kom ned til lungene, men no ser vi at et finst mykje sopp hos friske òg. Kanskje er det slik at soppen deltar i eit samspel med bakteriar og immunsystemet, og at visse faktorar kan påverke samspelet og skape sjukdom. Men dette må vi undersøke nærmare, seier stipendiaten.  

Forskarane kunne også tenkt seg å sjå på samanhengen mellom bakteriar og sopp, samspelet med immunsystemet og om miljøet i tarmen kan verke inn på miljøet i lungene.  

– Vi håpar å få meir kunnskap om dette, slik at vi òg kan bidra til meir interesse rundt feltet, avsluttar Martinsen.

Klikk her for å lese heile den publiserte artikkelen.