Hjem
Det medisinske fakultet

Kjernefasiliteten for metabolomikk opna

Analyser av ørsmå molekyl sto i fokus fredag, då nok ein kjernefasilitet ved Det medisinsk-odontologiske fakultet opna. Denne gongen til stor glede dei som jobbar med hormon, vitamin, legemiddel og biobankar.

Hovedinnhold

Møterommet i åttande etasje i Lab-bygget var fullt på fredag, då instituttleiar Per Bakke ved institutt for indremedisin helsa velkommen. –Denne nye kjernefasiliteten skal vere tilgjengeleg for alle, understreka han. –Dette er eit satsingsområde frå fakultetet si side. Men… kva skal desse maskinene brukast til? Bakke leverte stafettpinnen til førsteamanuensis Steinar Hustad, som er hovudmannen i arbeidet med denne kjernefasiliteten.

Forskinga i gang

Hustad viste bilder og forklarte korleis maskinene verka i praksis. Det er snakk om to instrumenteiningar som, for å seie det enkelt, analyserer dei minste molekyla. Meir presis sagt utførast væskekromatografi-tandem massespektometri (LC-MS/MS), Dei vart installert i fjor, og er no klare til bruk. –Desse robotane er uvurderlege, fortalte Hustad, som la til at potensialet for forskarar som arbeider med biobankar er stort.

Analysearbeidet er allereie i gang. I første omgang er det utvikla teknikkar for å analysere kortisol – også kjent som stresshormonet. Denne veka startar det første prosjektet, og 2000 spyttprøver skal analyserast.

Arbeidet med å få på plass ei nettside for kjernefasiliteten er også i gang, og her kan interesserte finne informasjon om kva dei kan få hjelp til.

Samarbeid over grensene

Fleire sto på talarlista denne dagen. Professor Stein Emil Vollset ved institutt for samfunnsmedisinske fag fortalte om deira arbeid med biobankar, det vil seie samlingar av biologisk materiale. Imponerande samlingar – norske biobankar har kring 20 millionar prøver, fulle av informasjon som forskarane vil bruke for å oppdage årsaken til sjukdom og utvikle behandlingsmetodar.

Professor ved institutt for indremedisin, Per Magne Ueland, fortalde om sitt arbeide med metabolsk profilering. Ved hjelp av MS-teknologi utforskar Ueland og forskargruppa hans det metabolske nivået i cellene – som kan seiast å vere avtrykket av cellene sine prosesser. Ueland, som er den mest siterte forskaren i landet, fortalte også om kor viktig det er å spreie informasjon om kjernefasiliteten, via nettsider og også publikasjonar i vitskapelege tidsskrift. –Nettsida vår er stygg, men den er informativ, spøkte Ueland.

Også Helse Bergen var hjarteleg til stades under markeringa, dei har bidrege økonomisk for å få platformen på plass. Administrerande direktør Stener Kvinnsland hadde med blomar og gode ord. –Vi vil vere med å ordne det slik at det blir betre å forske, oppsummerte han.

Det var prodekan for forsking, Robert Bjerknes, som sto for den offisielle opninga. Han drog fram det gode samarbeidet med Helse Bergen. –Ein unik samklang, beskreiv ein smilande Bjerknes. –Vi prøver å tenke langsiktig når det gjeld infrastruktur. Vi vil ta ut det beste når ein skal planlegge fagleg, det er heilt naudsynt. Og dette ser eg lyst på, dette er vegen å gå!

Eit fiktivt snorklipp i lufta, og så var det offisielt. Interesserte forskarar fekk så høve til ei omvising av den nye kjernefasiliteten ved fakultetet, maskiner og kompetanse som kan komme forskarar over heile landet til gode.