Hjem
Det medisinske fakultet

Levande blodbankar

Mangel på ferskt blod er eit livstrugande problem for soldatar i strid. No jobbar forskarar ved UiB saman med Forsvaret for å redde liv.

Hovedinnhold

Dei fleste som døyr i strid, døyr før dei kjem til eit sjukehus. Liv går tapt fordi soldatane rett og slett blør i hel.

Mange liv kan reddast ved blodoverføring. Men det er ikkje berre å ta med seg ein blodbank til felten. Problemet er at blodet er ferskvare. Det må haldast kaldt, noko som ikkje alltid er praktisk mogleg. Fryste blodprodukt må vere konstant nedfryste, og det trengs eit laboratorium som under kontrollerte former kan gjere blodet anvendeleg.

Buddy-overføring

No kan norske elitesoldatar komme til å bli levande blodbankar, i eit såkalla «buddy transfusion system». Kort fortalt går det ut på at soldatane lærer seg å overføre blod til hardt skadde direkte frå seg sjølv, ute i felten.

Forskarar ved Det medisinsk-odontologiske fakultet ved UiB arbeider no saman med norske elitesoldatar og Luftambulansen for å finne ut korleis dette kan gjerast på tryggast mogleg måte. Prosjektet heiter «Blood Far Forward» og pågår fram til 2014.

Forskarane ved UiB testar til dømes blodet for å finne ut kor lenge det kan brukast i ein ekstremsituasjon, og norske marinejegrar har blitt undersøkt før og etter blodgjeving for å finne ut korleis dette påverkar dei.

Professor Tor Hervig ved Gades insitutt er ein av forskarane som står i bresjen for prosjektet.

 -Pasientar med store blødingar er ein liten, men viktig pasientgruppe, fortel Hervik.

 -God behandling med blodkomponentar og medikament kan auke overleving blant desse pasientane. Fordi blødinga kan skyldast heilt ulike forhold - som stor skade eller bruk av blodplatehemmande medikament - er det naudsynt å ha ulike tilnærmingar til korleis kvar pasient skal behandlast. Kunnskapen frå den militære delen av prosjektet omfattar mange generelle aspekt, og vi meiner at denne kunnskapen vil være til nytte for alle pasientar med store blødingar, seier han.

 

Målet er sjølvsagt å redde liv, men metoden er ikkje tiltenkt den jamne soldat. Det trengs omfattande opplæring til soldatane.

Unikt

Prosjektet er unikt i verdssamanheng, og andre land er svært interessert i det norske arbeidet. «Buddy transfusion» har blitt gjort før, blant anna av amerikanske Navy Seals. Men først no går ein vitskapleg til verks for å finne dei beste og tryggaste løysingane.

 

-Forsvarleg gjennomførd - slik vi tenker å gjere det - kan denne prosedyren redde liv fordi den skadde kan haldast i live inntil kirurgisk behandling er mogeleg, seier Tor Hervik.

 

Temaet skal på dagsorden på eit internasjonalt seminar på Solstrand neste veke.

 

Saka vart også presentert på NRK Dagsrevyen i går - sjå og les meir her: http://www.nrk.no/nyheter/distrikt/hordaland/1.8206370