Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
Forskarutveksling

Alan T. Wood gjesteforskar ved Sampol

Historia til Kina og verdshistoria, samt den naturlege evolusjonen mot demokrati er i fokus for prof. Alan T. Wood medan han vitjar Institutt for samanliknande politikk.

Prof. Alan T. Wood outside the Department of Comparative Politics
Prof. Alan T. Wood utanfor Institutt for samanliknande politikk.
Foto/ill.:
Kurt-Rune Bergset

Hovedinnhold

Professor i historie ved The University of Washington Bothel, Alan T. Wood er gjesteforskar ved Institutt for samanliknande politikk våren 2015. Han har to store langtidsprosjekt knytt til høvesvis historia til Kina og verdshistoria. Men i skrivande stund jobbar han med eit korttidsprosjekt som skal munne ut i ei bok med den tentative tittelen “The Arc of History Bends toward Democracy”.

 

- Det overordna fokuset mitt er berekrafta i menneskeleg sivilisasjon. Denne interessa har eg truleg fått gjennom årevis med undring på korleis den kinesiske sivilisasjonen klarte å lage eit styringssystem som varte i 2 000 år, og inkluderte ein fjerdedel av folkesetnaden i verda.

 

I demokratiboka kjem Wood til å argumentere for at demokratiet ikkje berre er eit tilfeldig utfall av europeisk historie. Wood meiner demokratiet er det naturelege resultatet av evolusjonen frå enkelheit til kompleksitet, som det systemet som gjer den beste jobben i å styre menneske og å balansere komplementære motsetnader, som integrasjon og autonomi, sameining og mangfald, likskap og fridom, nedanfrå-og-opp og ovanfrå-og-ned, samarbeid og konkurranse, osb.

 

- På kort sikt kan enkelte demokrati oppstå og forsvinne av alskens konkrete historiske og vilkårlege årsaker. Men om vi tek eit steg opp og ser på større tidseiningar, som til dømes hundreår, ser det ut til å vere ein aukande trend i retning av meir demokrati, medan teknologi som opnar for nedanfrå-og-opp-kommunikasjon blir meir utvikla og stadig meir tilgjengeleg og effektiv i å fremje innsyn og klare ansvarsforhold i det politiske livet.

 

Forskingsopphaldet i Bergen

Medan Wood er i Bergen ønskjer han å lære så mykje som muleg frå den ekspertisen som finst om globale styringsformer her i Bergen. 

 

- Eg har også mykje å lære om korleis Noreg har skapt eit sosialt og politisk system som ser ut til å balansere dei komplementære motsetnadane mellom likskap og fridom mykje meir effektivt enn i Dei amerikanske sambandsstatane - eller i samtids-Kina for den del. Korleis kan denne modellen kan vere til inspirasjon andre stader i verda som jobbar med å skape velfungerande styringssystem i dag.

 

Dersom  du er interessert i å vete meir om Wood sine forskingsprosjekt, ta gjerne kontakt med han på awood@uw.edu.