Hjem

Journalistikk, bachelor, 3 år

Vil du ta del i det journalistiske kraftsenteret Media City Bergen? Som bachelorstudent i journalistikk vil du samarbeide tett med fleire store medieaktørar. Etter avslutta studium kan du produsere kritisk, konstruktiv og nyskapande journalistikk på tvers av plattformer.
  • Lengde3 År
  • Ordinær58,3
  • Primær54,3
  • Plassar27
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Kva lærer du? 

På bachelorstudiet i journalistikk lærer du 

  • journalistikkens sjangrar, former og format 
  • viktige lover og etiske rammer 
  • relevante teknologiar for journalistikken 

Journalistikk handlar om å formidle historier frå det verkelege livet til eit større publikum. I eit komplisert samfunn med særs mykje informasjon er det viktig at nokon formidlar det vesentlege på ein klar måte. Vi vil vere nært det som skjer i det praktiske livet til ei kvar tid. 

Studiet tar utgangspunkt i grunnleggande journalistiske prinsipp, der kjeldekritikk og etisk refleksjon går hand i hand med utforsking av digitale verktøy. Du vil bli utfordra og inspirert gjennom variert undervisning og eigen produksjon av journalistisk stoff. 

Trening i visuell og verbal historieforteljing står sentralt gjennom heile studiet. Studiet har eigen nettbasert publiseringsplattform: www.bymag.no 

Å vere journalist kan både gi kreativ fridom i kvardagen og handle om klare strukturar i produksjonen av innhald. Studiet avspeglar heile denne breidda. 

Studiekvardag

Som journalistikkstudent blir du del av eit unikt studentmiljø, sentralt plassert midt i det pulserande livet i Media City Bergen. Her går medieproduksjon for store lokale og nasjonale medium føre seg rett ved sida av studiet og studentane. Her er det undervisningslokale, opne lesesalar og lesekrokar. 

På studiet blir du følgt tett opp av undervisarane heile vegen. Studentane og fagmiljøet er i kontinuerleg dialog i løpet av studiet, og innanfor fagplanane blir det gjort tilpassingar i pakt med tilbakemeldingar frå studentane. 

Bachelorprogrammet i journalistikk er eit studium på fulltid. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha om lag 16 timar undervisning i form av forelesingar og workshops. Oppgåveskriving og praksis er òg ein del av studiet. I tillegg skal du skrive ei bacheloroppgåve over eit sjølvvalt tema. 

Undervisninga er stort sett på norsk, men innslag av engelsk iblant. Litteraturen er på norsk og engelsk. 

Meir informasjon under

Bachelor i journalistikk

Produsent:
UiB

Kva kan du jobbe som? 

Studentar med denne utdanninga blir i stor grad journalistar, informasjonsarbeidarar og hamnar elles i medierelevant arbeid. 

Både journalistiske verksemder og andre verksemder treng menneske som kan gripe kva som er viktig og vesentleg i ei sak eller på eit saksfelt, og som kan formidle dette på ein klar og konsis måte, på så kort tid som mogleg. 

Med denne utdanninga er du attraktiv for arbeidsgjevarar fordi du er drilla i det journalistiske handverket, samtidig som du har viktig analytisk kunnskap med deg. Tilvenninga til det praktiske livet gjennom besøk og praksisperiodar er også av stor verdi for kandidatane og arbeidsgjevarane. 

Opptakskrav og søknadsfrist

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Studiets oppbygging

Bachelorprogrammet i journalistikk er eit treårig fulltidsstudium som startar i august. 

1. semester

2. semester

3. semester

4. semester

5. semester

  • Frie studiepoeng/utveksling (30 studiepoeng) 

6. semester

Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng. Du startar med innføringsemne og ex.phil. (filosofiemne som inngår i alle bachelorprogramma ved UiB) i første semester. I femte semester har du 30 frie studiepoeng, der du kan velje opne UiB-emne, eller ta emne på utveksling i utlandet.

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling

Du kan reise på utveksling i femte semester. Vi har avtalar med blant anna universitet i Storbritannia, Spania, Irland, Australia og Frankrike. 

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Vidare studiemoglegheiter 

UiB tilbyr masterprogram i undersøkande journalistikk som bygger på bachelorgraden. 

Spørsmål om studiet? 

Telefon: +47 55 58 33 85 

E-post: studierettleiar.praktiskinfomedia@uib.no  

Studieplan

Ein studieplan er eit formelt dokument mellom deg som student og Universitetet i Bergen. Studieplanen skal gi tydelege rammer for studiet, beskrive læringsmåla du skal oppnå og korleis studiet er bygd opp. 

Les heile studieplanen

Søk her