Hjem

Politisk økonomi, bachelor, 3 år (utgått)

Politisk økonomi er i grenseflata mellom statsvitskap og samfunnsøkonomi. Det handlar om korleis land blir styrt, forholdet mellom marknad og stat, og kva som blir dei økonomiske konsekvensane av ulike typar politikk.
  • Lengde3 År
  • PlassarUtgår
  • OpptakskravMATTE4
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Programmet utgår

Studentar vert ikkje tekne opp til dette studieprogrammet.

Introduksjon

I ein blandingsøkonomi som den norske er ei god forståing av politisk økonomi heilt sentralt. Som samfunnsborgarar kan alle dra nytte av kunnskap om feltet, enten vi skal bestemme oss for kva parti vi skal stemme på, eller for å kunne delta i den offentlege debatten. Eit studium i politisk økonomi gir deg på denne måten sjansen til å tileigne deg ein unik kombinasjon av generell og arbeidsrelevant kompetanse.

I politisk økonomi diskuterer vi spørsmål som:

  • Kvifor subsidierer rike land jordbruket mens fattige land skattelegg det?
  • Kan arbeidsløyse bli påverka av korleis politikarane styrer sentralbanken?
  • Korleis kan ein anvende økonomiske modellar for å forstå sosiale fenomen?

Studiet passar for deg med interesse for statsvitskap og økonomi, og vil opparbeide deg ein brei tverrfagleg kunnskap som opnar for mange moglegheiter på arbeidsmarknaden.

Meir informasjon under

illustrasjonsbilde
Photo:
Emil Breistein, UiB

Jobb

Med ein bachelorgrad i politisk økonomi får du ein kombinasjon av økonomi og politikk som er eit godt grunnlag for å jobbe med informasjon, saksbehandling og lettare utgreiingsoppgåver i næringslivet så vel som i offentleg forvaltning.

Du kan til dømes arbeide med:

  • Informasjonsarbeid
  • Bistand
  • Saksbehandling

Bachelorprogrammet i politisk økonomi er unikt i at det kombinerer to fagfelt, og dermed også kan kvalifisere deg til opptak på to ulike masterprogram: samfunnsøkonomi eller administrasjon og organisasjonsvitskap.

Ein mastergrad i samfunnsøkonomi eller administrasjon og organisasjonsvitskap vil ruste deg til utgreiings- og analyseoppgåver og leiing på høgt nivå innanfor dei same sektorane som nemnd over, samt gjere deg meir attraktiv på arbeidsmarknaden.

Les meir om kva du kan bli med utdanning i økonomi og utdanning i administrasjon og organisasjonsvitskap.

Oppbygging

Bachelorprogrammet i politisk økonomi er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.

Slik er studiet lagt opp:

1. semester

  • ECON100 Examen facultatum – Innføring i samfunnsøkonomi (10 studiepoeng)
  • POLECON100 Examen facultatum – Innføring i politisk økonomi (10 studiepoeng)
  • ECON140 Matematikk for økonomar (10 studiepoeng)

2. semester

  • ECON110 Mikroøkonomiske grunnomgrep og marknadsteori (10 studiepoeng)
  • ECON130 Makroøkonomi (10 studiepoeng)
  • ECON240 Statistikk og økonometri (10 studiepoeng)

3. semester

  • AORG101 Organisasjonsteori (15 studiepoeng)
  • AORG103 Politikk og forvaltning eller AORG107 EU og internasjonale organisasjonar (15 studiepoeng)

4. semester

  • Frie studiepoeng / utveksling (30 studiepoeng)

5. semester

  • ECON210 Velferd og økonomisk politikk (10 studiepoeng)
  • ECON230 Makroøkonomi II (10 studiepoeng)
  • EXPHIL-SVSEM Examen philosophicum – seminarmodell eller EXPHIL-SVEKS Examen philosophicum – skuleeksamen (10 studiepoeng)

6. semester

  • ECON225 Politisk økonomi - økonomiske perspektiv (10 studiepoeng)
  • POLECON200 Regulering og politikk (10 studiepoeng)
  • POLECON250 Bacheloroppgåve i politisk økonomi (10 studiepoeng)

Sjå oversikt over alle emne

Studiekvardag

Bachelorprogrammet i politisk økonomi er eit studium på fulltid. Det vil seie at du brukar omlag like mykje tid på studiet som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. I tillegg til sjølvstudium som lesing og kollokviegrupper, kan ei typisk veke ha 10-12 timar med undervising i form av forelesningar, seminargrupper og praktiske øvingar. I tillegg skal du skrive ei bacheloroppgåve om eit sjølvvald tema. Undervisninga  og litteraturen er på norsk og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste på emnesidene.

Du finn undervisningsrom, seminarrom og leseplassar på SV-fakultetet. Du vil ha mesteparten av undervisninga i SV-bygget og Ulrike Phils hus som begge ligg på Nygårdshøgda i Bergen sentrum. Du kan også lese på biblioteket ved SV-fakultetet

Det tverrfaglege studieprogrammet tilbys i samarbeid av Institutt for økonomi og Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap. Begge institutta har sterke fagmiljø og forskarar som tilbyr innovative emne, der du som student tar aktivt del i undervisinga. Fagutvalet i politisk økonomi jobber for å skape ein best mulig studiekvardag for studentane på politisk økonomi.

Heile bachelorgraden er på til saman 180 studiepoeng (tre års fulltidsstudium). 150 av desse studiepoenga er obligatoriske. 30 av studiepoenga er såkalla frie studiepoeng. Her kan du velje emne utifrå interesse og relevans for vidare utdanning eller yrkesplanar. Du kan velje opne UiB-emne, eller reise på utveksling i utlandet. Dersom du ønsker å kvalifisere deg til opptak til master i administrasjon og organisasjonsvitskap, må du ta emna MET102 Samfunnsvitskapleg metode og AORG104 Politisk teori og styreformer som frie studiepoeng.

Les meir om studiekvardagen som student ved Det samfunnsvitskaplege fakultet

Kva lærer du

På bachelorprogrammet i politisk økonomi vil du lære om:

  • samfunnsfenomen som i sterk grad er forma av både økonomiske interesser og politiske prosesser.
  • mikro- og makroøkonomiske problemstillingar, samt korleis ein kan anvende økonomiske modellar for å forstå sosiale fenomen.
  • organiseringa av og samhandlinga mellom dei viktigaste institusjonane i det norske politisk-administrative systemet.

Full liste med læringsutbyte

Utveksling

Du har høve til å reise på utveksling i løpet av studieprogrammet. Vi tilrår at du reiser i det fjerde semesteret.

Stader du kan reise er til dømes: USA, Storbritannia, Tyskland, Frankrike, Spania og Portugal, men moglegheitene er mange fleire.

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse og MATTE4: Gjennomsnittskarakter 4 eller betre i matematikk (224 timer, 1P + 2P).

Du dekker karakterkravet i matematikk om du har bestått eit av følgande programfag: S1, S2, R1 eller R2.

Søk her