Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet

Besøk frå arbeidsdepartementet

Sist onsdag fekk SV- fakultet besøk av Arbeidsdepartementet. «Det er svært positivt å sjå det tverrfaglege samarbeidet som finn stad her», seier avdelingsdirektør Ola Ribe.

Hovedinnhold

Langt frå Oslo til Bergen

Det var representantar frå Analyse- og inntektspolitisk seksjon (AIS) ved Arbeidsdepartementet som denne gonga vitja Bergen. Hovudformålet med besøket var å få betre innsikt forskinga her, og knytte nærare kontakt med dei ulike forskingsmiljøa.

- Vi ser at det finns forsking som er veldig relevant for arbeidet vårt, men den geografiske avstanden gjer at kontakten med Oslo- miljøa er mykje tettare enn med Bergen. Dette besøket er difor svært viktig for oss, seier representantane fra AIS.

Tverrfagleg forsking eit føremon

Sidan Analyse- og inntektspolitisk seksjon har ansvar for oppgåver knytt til sysselsettings-, inntekts- og arbeidsmarknadspolitikken, var forskinga som gjeng føre seg innan programmet «Velferd, arbeidsliv og migrasjon» (VAM) av særleg interesse for dei besøkande. SV- fakultetet hadde difor invitert forskerar frå ulike VAM- støtta prosjekt til å presentere sine prosjekt. Forskerane kunne som fellesnemnar vise til tverrfagleg forsking, og korleis dette var ein styrke for dei ulike prosjekta.

Dei som haldt presentasjonar under besøket var:

Les også om besøket i «På Høyden».